søndag 21. juni 2009

Oppsummering

Eg trur ikkje eg kjem til å fortsette med blogging. Har liksom aldri tida, og føle at eg har lite å formidle som er sånn passe interressant. Så no blir det ei oppsummering på mitt utvekslingsår, så trur eg at eg legg bloggen til side.

Okei. Eg veit ikkje heilt kor eg skal begynne!

Kan vel starte med å sei at mitt utvekslingsår vart ikkje heilt etter forventningane, men det treng ikkje å bety noko negativt. Men Det er nok alltid sånn at alle folk går ikkje ilag som erteris alltid, og enkelte folk passar ikkje inn enkelte plassar. Eg har jo hatt ein del problem med enkelte folk i vertsfamilien, f.eks Isabelle, som eg overhodet ikkje gjekk overeins med. Og når ein i tillegg må dele rom med ein person ein verkeleg ikkje kan fordra, då blir det litt hardt. Og eg hadde og ei vertsmor som eg berre ikkje orka å prøve å få beire kontakt med, i tillegg gjorde ho ein del ting eg ikkje synst noko om... Så for min del hadde eg best kontakt med Dave, Chuck og Melissa, som var heilt perfekte til min personlighet og humor.

Då eg kom til USA, var det litt rart og litt vanskelig å komme inn i kulturen. Dei brukar f.eks å ete ute på fastfoodrestaurantar heeeile tida. Eg vart så drittlei mækkern og burgerking osv at no får eg frysningar berre eg køyrer forbi ein! Det er berre ikkje vanleg å lage middag heile tida liksom. Men ein blir vand med det, så det var berre i begynnelsen at det vart litt for mykje...

Når det kjem til skulen, føle eg at eg hadde eit friår. Lett som fett kan eg vel eigentleg sei! Study guides, fleirvalgsprøver og kjekke lærarar. Og klassene var ganske små så det vart ikkje for mykje bråk osv pga overfullt klasserom. Deilig :D Og det at dei har sport tilknytta til skulen er supersmart! Mykje enklare å bli kjend med folk du går på skule ilag med, og ellers vere sosial. Volleyball var heilt ok, men eigentleg ikkje noko for meg. Det er kjekt i gym, men som ''kvar dag'' sport blir det litt for mykje. Basketball var noko eg verkeleg likte! Sjølv om eg saug så inni hampen, kosa eg meg og hadde det veldig kjekt ilag med dei andre jentene på laget. Så er det noko eg ikkje angrar på i løpet av året, så er det å delta i sport!

Daglegliv i USA er veldig annleis frå Norge. For det fyrste så budde eg på ein gård, laangt ut i hutiheiti. Så det gjekk jo ikkje an å gå nokon plass, nei ein måtte køyre heile tida. Og det er myyykje køyring i USA! Trur aldri eg har såtte så mykje i bil før... Hehe.. Og sidan eg budde på gård vart det no til at eg hjalp til ein del med alt mulig. Ganske greit i grunnen, då hadde eg noko å gjere på so og seie heile tida. Men det skal jo seiast at eg vart ikkje ''tvinga'' til å jobbe, det var heilt frivillig. Det kom liksom naturleg, at sidan familien tok meg inn, så kunne no eg hjelpe til på gården som takk for gjestfriheita då.

Ellers så fekk eg oppleve ganske mykje i løpet av året. Vi har no dei vanlege heilagdagane som halloween, thanksgiving og jul. Veldig forskjellig frå Norge, men ganske koselig :) Eg fekk vere med på baseballkamp, rundtur i Boston (Då eg var på camp), amerikansk fotballkamp med 80tusen tilskodarar, tur til Mt Rushmore, og California i vår ilag med EF-utv.studentar!

Når det kjem til heimlengsel, så hadde eg veldig lite av det. Eg hadde trudd det kom til å bli mykje verre. Eg trur at grunnen til at eg slapp unna den verste heimlengselen var at eg alltid hadde noko å gjere på. Hadde liksom ikkje tid til å tenke på alt eg savna heime; og det eg savna havna veldig ofte i postkassa med stempel frå Norge. Eg fekk. f.eks så mykje snop, smågodt og sjokolade til jul at eg hadde heilt fram til eg reiste heim! Generøse Normenn på sitt beste :)

Eg trur eg fekk oppsummert det meste her. Er det noko anna dokke lurer på er der berre å spørje, så får eg sjå om eg får tida å svare innimellom. Reiser til Rhodos på tirsdag og blir vekke i 2 veke! Det skal bli så deilig! Treng litt varme no. Eg synst det er ufatteleg kaldt her i Norge. Var det verkeleg så kaldt i fjor?

2 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

Eg syns virkelig du skal fortsette og blogge !!:D

Anonym sa...

Kjempefin Blogg- TAKK - den var innholdsrik og informativ for meg som satt hjemme å ventet på svar fra sønnen.Han var underveis til Nebraska i går og i natt.4 flygninger...Han er kommet frem og alt er bra:)
Engstelig men nå beroliget mor...