tirsdag 28. april 2009

Ingeniør eller arkitekt eller noko?

Dagens sitat fyrst:

Mark: ''Guys! take it easy, we are graduating in just a couple of days... (nokon sekund pause) Yikes! We are GRADUATING!!!! Oh, noooo...!! I don't wanna be a big booyyy.... =/ ''

Hehe x) Vart ein god latter i klassa der ja! Spesielt pga tonevalget, han høyrdest ut som han holdt på å begynne å grine :p

Så tilbake til overskrifta. Ja no er vi ferdige med bruene våra i fysikk, i morra skal dei testast. Og knusast i tusen bitar! Gjenstår og sjå no kor bra eg eignar med som brubyggar. Ka dokke trur? :p

lørdag 25. april 2009

Gårdsliv

Det har i grunnen ikkje skjedd så veldig mykje dei siste dagane, det går mest i det vanlege: skule, eting og soving.

I går var det ei kyr som hadde hoppa over it piggtrågjerde, og kutta halvveis av eine tingen på jura (huska no pokker ikkje ka det heite på norsk! Hehe). Såg ut som det var veldig sårt då, dreiv å blødde som bare det! Og i tillegg kom det fortsatt melk ut! x)

Så eg og Dave fekk dei lasta inn i hengaren og køyrt til dyrlegen med den. Då vi kom dit holdt dyrlegen på med å svimerke ein anna fyr sine voksne kalva. Fy flate så det stinka! Brent ''hud'' er det verste eg har lukta trur eg :S Men det var ganske interressant å sjå på då. Og så ga han dei veksthormona så dei skal vekse raskare. Det har visst vore nokre debattar om at det er derfor jente utviklar seg raskare no enn før pga dei veksthormona i kjøttet liksom. Personling trur eg ikkje det har noko med saken å gjere, men kem veit?

Ditta der tok no ei heil evighet då, så vi slapp ikkje til før 90 min etter vi var komt dit! jaja...
Dyrlegen ga kyra bedøvelse så ho sovna. Så binda dei ho fast i eit gjerde så om ho våkna kunne ho ikkje røyse seg. Så var det fram med nål og tråd. Han sydde ihop såret så det såg nokolunde greitt ut. Så no skal Dave selge ho neste gong dei har ku-salg eller ka det heite, for han vil ikkje ha den lenger. Stakkars kyr! Haha...

Ellers er det ikkje noko meir spennande. I dag har eg holdt på med å fikse på særemne oppgava mi, som var eit eller anna gale med i følge læraren. HERREGUD. Hon sa ikkje til oss korleis vi skulle skrive dei, så pokker! Vi er no ikkje tankelesarar heller akkurat... Ho er definitivt den værste læraren eg har hatt. Gjere ikkje ein dritt, berre forlanga at vi skal gjere ditt og datt, uten å lære oss korleis vi skal gjere det. Eg spurte tilogmed korleis hon ville ha det (for eg var i California den dagen dei begynte på det) og ho sa berre at eg kunne lese i ei bok hon ga meg. Jadda, lese KA? Heile boka?! Eg får fnatt... Men no er eg forhåpentleg ferdig, så no skal eg slappe av og ikkje tenke meir på den teite oppgava, og heller jobbe litt med scrapbooken min :)

tirsdag 21. april 2009

3. verdenskrig?

Ja no har det jaggu gått hett føre seg her i huset! Var nesten så gale at vi holdt på å kalle inn forsterkninga frå Afghanistan.

Det byrja fyrst med at dokke veit kem tok ifrå meg telefonen når eg skulle bruke den. Høyrest kanskje ikkje så gale ut, men alle detalja må fram: eg hadde avtalt med Olav at eg skulle ringe han kl 12 søndags kveld (norsk tid). Ditta hadde eg lenge tenkt å gjere men det har aldri passa, og no var plana klar. Så var eg med Dave for å hente noko han hadde kjøpt en eller anna plass langt vekke. Eg ga han grei beskjed om at eg måtte vere heime igjen til kl 5 (Nebraska tid). Jada, vi kom heimatte kl 16:45, så eg hadde litt tid på meg. Eg henta telefonkortet og tok telefonen, og berre venta på at Olav skulle komme heim te seg så eg kunne ringe. Men kem andre enn dokke veit kem, kjeme og seie at sida eg ringte tidligare på dagen(til mamma og dei) så hadde eg ikkje rett på å ha telefonen meir den dagen. Så hon tok frå meg telefonen for å ringe systra si, som tar ei heil evighet! Hon hadde hatt heile pokkers dagen på å ringe hon, og dei har berre en time tidsforskjell! Ka va probleme me å vente en liten time så eg kunne ringe fyst? Neida, så lite egoistisk ekje hon. Så det endte opp med at eg ikkje fekk ringt, for det vart for seint når ho endeleg var ferdig. Faen heller (unnskyld språket) men eg har no fått nok av råttent bortskjemte små drittunga.

Og seinare på dagen rauk hon ihop med Dave. Den krangelen gidde eg ikkje å gå i detalja om men det var den som nærma seg innrykkninga frå Afghanistan. Roping og skriking og slamring med skuffe og skap og tåre og kjefting og ja gudane vete kva meir. Eg og Chuck hadde full underholdning her vi satt på stua, medan krigen tok sted på rommet mitt. Ja folkens, eg får no vel seie: eg er ein smule glad vi bur uti hutiheiti, ellers hadde vel purken troppa opp på døra og spurt om kem vi prøvde å drepe.

Så der var ei lita oppdatering på paradislivet i Nebraska; fortsettelse følger sikkert... Hehe

(Og forresten, i dag så klarte dokke veit kem å ødelegge dataen sin. Knuste skjermen eller noko. Det er vel sånt som skjer med folk som ikkje er snille med andre folk, eller?)

Og for dei som er interressert så har eg nettopp vore og jogga/gått tur i fineveiret. Det er begynt å bli ganske gode temperaturar her no ja :)

lørdag 18. april 2009

Ja no blir det overtidsarbeid frå no til heimreise!


Var å henta bilda frå den siste tida på Walmart i dag. Sjokkerande 157 bilder (igjen! hadde 160 sist) som eg må få proppa inn i den allereie proppfulle scrapbooken før eg sette nasa heim mot Norge. Ja for eg har ikkje tenkt å ta med alt scrapbook-utstyret heim... Og for ikkje å nevne at det er ikkje slutt på bildetaking enda. Har enda 2 mnd att!

Hjeelp!

Og eg er så og seie nettopp ferdig med den fyrste ladninga med bilder, så eg har MYJKE arbeid foran meg! Men eg tenkte at eg må no ha noko å fylle ferien frå mai til juni med. Hehe :)

Ellers så har det ikkje skjedd stort i det siste. I dag hadde dei ''reading carneval'' for barneskule ungane her, og noken av oss i klassa hjalp til. Dei hadde mange ulike postar der ein kunne gjere ting, sånn som 17. mai heime, og så etter kor bra/dårlig dei gjorde det fekk dei ulikt antall ''tickets''. Så på slutten fekk dei telt alle ticketane og så kunne dei plukke premia frå eit bord. Eg hadde ein post der dei skulle trekke ein slikkepinne ut av et ''slikkepinnetre'', og under pinnen var der ein farge: blå, grønn, raud, gul eller oransj. Blå fekk ein mest ticketa for. Og eg synst dei fekk berre blå heile tida! Hehe...

Utenom det så er det mykje styr og stell med dissa teite dumme kyra! Eg må seie eg er ein smule ferdig med å like gårdsarbeid her no. Det er alltid eit eller anna gale med dei no, enten så dør ein kalv, eller så lar ikkje mora kalven få melk, og kanskje ho tilogmed sparkar kalven sin. Så det går aldri an å planlegge noko, for ting skjer alltid og kjem i veien. Pokkers shit seie no berre eg! Hehe...

No Har vi 4 dagers helg, har fri mandag pga lærer planleggingsdag, og tirsdag pga at der er både track for senior high og junior high + golf så der ville ikkje ha vore nokon att på skulen nesten. Så har vi 10 dagar att med skule før sommarferie! Yeey! Snakk om luksus hæ? :D

Og forresten, fekk spm om korleis eg skal feire 17 mai.. :
Eg veit faktisk ikkje enda. Eg veit at vi er invitert til Graduation for Beth som bur i South Dakota, men eg trur ikkje eg orkar ein 9 timar køyretur berre for det... Og eg har lite lyst å reise med Mary aleine, for vi er to personar som berre ikkje passar ihop. Dave skal sikkert ikkje for han må plante mais. Så eg blir sikkert heime her i Nebraska, så eg skal nok lage graut og ete is og male ansiktet med norske flagg eller noko! Så har eg eit norsk flagg eg kjøpte rundt jul, så det kjem nok til å bli brukt :) Bunad blir det ikkje noko av, kansje for det beste for her kjem til å vere sikkert 30grader!

.

fredag 10. april 2009

Bleieskiftarbeider

I går fekk vi beskjed om at vi måtte ha med babyane våra i Adult Living heimatt. Og folkens, ditta var ikkje litt sånn som på tv engang. Dukka var blytung, babya vege ikkje så mykje. Eg har faktisk holdt ein før liksom. Og den var veldig lite bevegelig så den kjentest rett og slett ut som en stein!


Bak på ryggen hadde den en boks, som er babyen si ''hjerne''. Den skreik no vel litt no og då, men problemet var at ingen av ''nøklane'' vi prøvde å putte inn (mat, rape, bytte bleie osv) virka før vi hadde putta dei inn ti tusen gonga (jada, eg veit eg overdrive en smule)Så eg tok ut batteriet på natta, for eg hadde plana om å sove :D Sånn går det... x)

Og vi måtte jo dra med oss dinna babyen overalt. Og vi skulle ut til kyra og merke kalvar. Jada, det var jo smart. Full bil + en stk baby. Æsj eg syns ditta der vart litt for teit? Men, men....

På skulen holde vi fortsatt på med kattane våra. Eg og Kayla er komt lengst, men det er fordi vi alltid er der! Dei andre er enten på track-meet eller golf-meet... Om våren her gjere vi nesten ikkje noke, for det er alltid iallefall 1/3 av klassa vekke. Gjere meg ikkje noke :D I fysikk holde vi på å bygge bruer, det er faktisk ganske kjekt :)Men det er litt trist å tenke på at bruene vi har brukt snart 3 veker på, skal bli knust i tusen bitar den dagen vi skal teste dei. Men det blir spennande å sjå kor mykje dei helde :)

Ellers så har vi påskeferie no. Eller ferie og ferie, det er snakk om fredag + mandag. Men I guess it's better than nothing :)

No er det akkurat ein mnd til graduation, og dvs ein mnd minus 4 dagar til siste skuledag! Yeeey! Skal bli deilig med lang ferie! Trenge å begynne å få ferdig scrapbooken min, for eg har en haaaaaaaug med bilder. Kjem til å ta eit halvt liv! For å sei det sånn, eg veit ikkje om eg får den ferdig til eg kjem heim... Men vi får sjå :)

Og så må eg seie: er litt skuffa over tilbakemelding på videobloggen. Det blir ikkje gjort igjen berre så det er sagt :P

Og så eit par bilder til frå Prom:
Merlin, Andie og meg.

Meg og Sarah.

Meg, Isabelle, Nicky, Mark,Merlin, Ben og Marlon inne i State Capitol bygninga i Lincoln.

mandag 6. april 2009

Prom 09 + postprom

Okei, så var Prom 09 overstått!

Limoen vart det ikkje noke av dessverre... Prom vart flytta til tidlegare på dagen og då hadde limofyren eit byllup å kjøre for, så han kunne ikkje...

Men ellers var det no bra :) Tok bilder i ein time før vi fekk servert mat. Kylling i soppsaus med potetstappe og salat; kjempenam! Veldig u-amerikansk må eg seie! hehe...

Temaet var ''Masked Gambler'' ei blanding mellom maskerade og gambling/casino. Så pynten gjekk i masker (sånn foran auene) og pokerchips, kortstokka og martiniglass. Ganske stilig synst eg :)

Og seff måtte vi ta ein ''breathalyser-test'' for å sjekke om vi hadde drukke alkohol. Greitt nok det :)

Ellers så var det litt småunderholdning; ein sketsj, som ikkje var så altfor bra, men den gjekk no. Så var det ei av jentene som hadde tatt med seg ein papp-date! Jepp, Edvard Cullen frå Twilight var daten honna, men eg syns han var litt flat x) Herregud, det er no snakk om å gjere seg dom !

Etter Prom var det tilbake til Overton for Post Prom. Det er eit opplegg på skulen for å hindre at folk skal gå andre plassar å drikke seg dritings. Der fekk vi mat, og drikke og frukt. Og så hadde dei hypnoseshow, som var hysterisk morsomt!

Og tilslutt var det trekking av dørprisar, der dei trakk navn, og vi kunne gå å velge kva vi ville ha. Eg tok å laga ein videoblogg for å vise det eg fekk, men glømte å ta med minnepennen. Den er så liten, så den vart ikkje tatt med i tankane :) Hehe
(Alt som eg vise før dvd-spilleren er ting dei pynta borda med, og vi fekk beskjed om at vi kunne ta med oss det vi ville når vi gjekk heim :D )



Ellers så ville Henriette ha bilde av negla mine:



Og så eit par gruppebilder frå Prom: