fredag 31. oktober 2008

Ikkje noko spesielt

Har eigentleg ikkje så mykje å skrive om i dag, men har ikkje noko anna å gjere på akkurat no so...

I dag er det Halloween! Litt meir viktig for folk her borte enn heime. Mange pynta hus og hage med gresskar, spøkelser i treda, spindelvev utafor døra osv. Ganske stilig eigentleg ;) Vi har sin liten plan om å gå trick or treating seinare, men vi får sjå kva det blir av... vi er eigentleg litt for gamle... Hehe..

Ellers så har veka gått i det vanlege... Skule, trening og eting... + litt soving. Hadde fri i dag då, men trening kl 10, så vart ikkje noko særlig med søvn. Men, men... Er ein av dei siste volleyballtreningane, så eg ville ikkje gå glipp av den :) Har trening igjen på søndag kl 5.

I morra reise vi til Lincoln, kjøre Nora til flyplassen, ho skal reise heim til Tyskland. Ho er eigentleg ganske grei :) Kanskje eg får møte hon att når klassa skal til Berlin neste år;) Eg skal byrje på julehandelen, sida eg må sende heim til Noreg i november så dei får dei til jul! Stress...

I dag har vi ganske greitt veir igjen; sol og rundt 20 grader. Litt merkelig med tanke på at det straks er november...

Ellers så fann eg noko stilig på walmart: Norsk handkrem! På baksida står det... ''It started with Norwegian fishermen....blablabla'' Eg syns det var litt tøfft, så eg måtte berre kjøpe den! Hehe...



Og ein dag eg kom heim fra trening, hadde Dave hengt opp eit stopp-skilt på døra vår! Fordi Terranie går inn på rommet våra å stjele ipoden min, snope vårt osv... Irriterande... (Og Dave sa at vi måtte ikkje finne på å sei til hon at hon ikkje får lov, for då kjem hon til å bli sint og rive opp alle bilda våra! Det gjorde ho med Ida som var her i fjor....)



Berre nokre random bilder frå veka: Dave kjeda seg ein dag... hehe...



... Shadows of a thousand years rise again unseen, Voices whisper in the trees, "Tonight is Halloween!" ~Dexter Kozen ..

tirsdag 28. oktober 2008

Homecoming Dance

Lørdag hadde vi homecoming dansen. Var heilt greitt det, men er ikkje det samme som heime...

Tonje & Isabelle

Saken var at dansen var i kantina (Og ja folkens, den e faktisk litt mindre enn kantina på Måløy Vidaregåande Skule). Det var ei rad med stolar på kvar side av rommet, og ikkje meir enn det. Ikkje bord. Så enten kunne du danse, eller sitte på en stol. Hehe...

King and Queen: Megan & Drew

Prince & Princess: Andie & Ben

Duke & Dutchess: Sarah & Chris

Seniorgirls: Tonje, Isabelle, Sarah, Andie, Allison, Megan, Emily, Nicki

Crazy bilde! (haha, eg holdt seriøst på å dette på rygg!)

Eg skulle gjerne dansa meir enn eg gjorde, men eg var ikkje heilt fan av musikken. Eg har funne ut at musikk amerikanerane høyre på for tida, er ikkje akkurat min smak... Og Isabelle nekta, og eg syns de vart litt dumt å la hon sitte der aleine. Men, men... Det var no ein opplevelse! (Og legg merke til: der var null alkohol og null fulle mindreårige; korleis fekk dei det til?!)
Jenka! Nick & Brady dansa uten stopp trur eg! Dei var iallefall ganske så klamme xD

Enda meir jenka...
og litt til...!


Etter dansen tok vi buss til Kearney for å ete. Endeleg ein skikkelig restaurant! GOD MAT!! fisk... Ja dokke høyrde rett...: FISK.... Meir korrekt; laks. Med ris-blanding og mais (jepp, Tonje forguda mais, noko ho aldri hadde trudd kom til å skje.) Fisk har aldri i verda smakt så godt som det gjorde på lørdag! Dokke ana ikkje...

Ellers så skjedde det ikkje noko særleg meir... Chilla søndag, kjørte litt med den nye pick-upen, som for øvrig er min yndlingsbil :D Og sjekka kyr; gjett om det var gjørmete! Men artig!! Stor bil + gjørme = supermorsomt!

...
Nobody cares if you can't dance well. Just get up and dance.
~Dave Barry
...

lørdag 25. oktober 2008

Homecoming!

Som dokke sikkert har fått med dokke, har vi hatt homecoming veke dinna veka. Det vil seie fotball/volleyball-laga sine siste heimekampa for sesongen. Dei ulike dagane hadde vi ulike tema som vi kledde oss ut som: sjekk eldre innlegg for bilde av anntrekka mine.

Torsdag var sjølve homecoming dagen. Skulen slutta halv 3, og vi hadde Pep-ralley og etter det hadde vi volleyballkamp. Under pep-rally hadde vi ulike konkurransar, som var ganske underholdande!! I Gymsalen var det hengt opp plakatar, for kvar klasse. Eg syns vår var best, men den fekk minst poeng...


Konkurranse der målet var å finne ein sjokoladebit i ei skål full av krem!Lærarkonkurranse: Mrs Snodgrass som smell ein ballong!

Egg-på-skei konkurranse...
''Bygg'' ei ørn-konkurranse: Laga måtte knyte ihop beina sine, springe over gymsalgolve og hente dela og tilbake for å ''bygge'' ørna. Seniorane vann ;)
Hanks og Fisher med den nydelige ørna xDSenior-plakaten: vår plakat :)

Junior-plakaten (11. klasse)
Sophomore-plakaten (10.klasse), den var faktisk ganske bra!
Freshman-plakaten (9.klasse)
Spontan-klassebilde i gangen! Hadde ikkje noko å gjere på i advanced math, så vi stakk inn til den andre matteklassa, dro dei med ut i gangen og tok bilde ;)
Girl-power!
Seinare på kvelden var det fotballkamp, men vi orka ikkje å sjå heile, for det var knallkaldt ute! Så vi kom heilt på slutten, akkurat tidsnok til at seniorane skulle annonserast. Og så annonserte dei Konge/dronning, prins/prinsesse og dutch/duthcess for homecomingdansen. Megan og Drew vart dronning og konge, Andie og Ben vart prinsesse og prins og Sarah og Chris vart dutchess og dutch.

I dag hadde vi fri fra skulen pga foreldremøte. Hehe, litt rart, men gjer meg ikkje noko! Så vi brukte dagen på shopping, finne kjole til Isabelle og sko til meg. Fann meg endeleg nokre sko, men eg har jaggu leita lenge. 300,-, ikkje så aller verst ;)



Og dagens høgdepunkt: SAW 5 på kino! Eg elska Saw-filmane, alle er geniale! Eg trur ditta var den siste filmen, men den slutta merkelig!....

I morra er homecomingdansen, og etterpå reknar eg med at vi blir med dei andre til Kearney for å ete (dei skal visst ha ein buss eller noko). Blir nok artig det :)

Og som eg sa: Torsdag snøva det...!!!


Men heldigvis smelta den raskt vekk... Litt for tidlig med snø no...

Og forresten: tusen takk for fluortablettane Mamma! Her borte har dei tydligvis aldri hørt om sånt.... (Eg trur dei kjem til å rekke heile året...)


Ein dag på Walmart fann eg noko heilt genialt!! Kakao som varma seg opp sjøl... Eg må sei eg vart ganske så imponert, for det fungerte! Var kjempekaldt ute, eg hadde ikkje jakke eller hue, så eg var ganske kald. På vei å betale i kassa ser eg noko rart. ''Self heating hot chocolate''. Måtte no berre prøve ! Smakte supergodt :)

Men no skal eg Sove... Godnatt!

...
Did you ever stop to think, and forget to start again?
~Winnie the Pooh
...

torsdag 23. oktober 2008

GRATULERER MED DAGEN!

Kjæresten miin har bursdag i dag !
Gratulere maasse med 18 års dagen vennen!
Kos deg :)



Og til info: SNØ HAR KOMT TIL NEBRASKA. Dagens dato er 23. oktober... way too early!

Bilder av diverse...

Tenkte eg skulle legge ut bilder frå ''utkledningsdagane'' på skulen. Frå venstre:
  • Kjendis dag der eg gjekk som Amy Winehouse (Håret vart for vanskelig!)
  • Hip hop dag, det seier vel seg sjølv
  • Decade(60-70-80 tallet osv)-dag, der eg valgte 80-tallet ;)

(For større bilde, klikk på bildet du vil sjå)


Og sida eg er så godt igang med bilder, legg eg ut nokre av senior-bilda vi tok i helga. Bilda er til årboka og til ''plakat'' i kantina for class of '09.



Ellers så kan eg no fortelle at i morra får vi kanskje vår fyrste ''snowday'', som vil seie fri frå skulen pga snø. Vi veit ikkje enda om det blir, men skal uansett ikkje begynne på skulen før 10. På ein måte har eg lyst at vi får fri, men det er homecoming i morra, altså skulen sin siste heimekamp, og det er stort her borte... Vi kler oss i skulefargane, bandet spilla, cheerleaderane dansa og det er skikkeleg stemning! Så eg får vel berre sjå kva morgendagen bringe... ;)

...
When it comes to anything that's social, whether it's your family, your school, your community, your business or your country, winning is a team sport.
~Bill Clinton

...

onsdag 22. oktober 2008

Weee!!!!

Den pokkers dollaren har gått opp til 6.9!!!!! Korleis er det mulig?!?!? Då eg kom hit var den så vidt over 5... Eg blir deprimert...

Og i dag vegde eg meg ( Ja, eg er redd for å gjere det, så det skjer ikkje så ofte...!!) Men eg vart faktisk litt overraska, for eg har gått ned sida sist eg vegde meg :) (Men eg fortelle ikkje kva vekta viste, må no ha litt privatliv her i verden xD ).

Ellers så skal eg legge ut bilder frå ''dressup'' dagane dinna veka når eg kjem heim. Og kanskje nokre av seniorbilda. (Har allereie 2 av dei som profilbilder på nettby/facebook).

Og dokke heime, eg har samme drittveir som dokke... Kjekt altså! Føle meg virkelig heime! Seinare i dag er det meldt snø. Jepp, SNØ! På lørdag var det sikkert oppe i 25grader, og 4 dagar etterpå skal det snø... Merkeligare veir har eg ikkje vore ut for!...
When the bold branches
Bid farewell to rainbow leaves -
Welcome wool sweaters.
~B. Cybrill

...

søndag 19. oktober 2008

Konsert!


Lørdag reiste vi til Lincoln for å hente Nora, ei fra tyskland som har vore utv.student med familien i 2005. Då vi va på vei, ringte ho og sa ho mysta flye sitt, så hon måtte fly til Omaha i staden for. Men vi skulle på konsert kl 7, så vi hadde ikkje tida til å reise heilt dit å hente ho! Så det vart sånn at eg, Dave og Isabelle vart droppa av i Lincoln med nokon dei er i slekt med, medan Mary og Melissa reiste til Omaha for å hente Nora.

I Lincoln shoppa vi litt sida konserten ikkje byrja før 7. Eg skulle kjøpe finsko, men endte opp med å kjøpe kjole... står fortsatt uten sko, og dansen e på lørdag!! Aiaiiii...






Så kl 7 var det klart for konsert!

PLAIN WHITE T'S


PANIC AT THE DISCO


Dashboard confessional



The Cab


Bildene vart ikkje så bra, men det var fordi eg sto midt inni mengda, og folk skubba overalt... men, men... det var no heilt vanvittig artig!! :D

Tidligare i dag tok vi senior-bilde til årboka (Eg og Isabelle). Melissa var fotograf! Skal legge ut bilde når eg får dei med ho ;)

I morra er det kjendis-dag på skulen, og eg skal gå som Amy Winehouse: Det kan bli interressant!

...
Music is what feelings sound like.
~Author Unknown
...

tirsdag 14. oktober 2008

Happy Birthday!

Oktober er visst ein måned med mykje folk som har bursdag har eg funne ut!

10. Oktober:

Karoline 18 år!!


Tante Heidi 35 år!!

14. Oktober:

Daniel 11 år!!
Robin 18år!!


Gratulere med dagen folkens (og gratulere med overstått)!!

Og det kjem fleire.. Hehe... Men dei får vente litt med gratulasjona :)

Sist eg var på Walmart tenkte eg at eg skulle prøve ein ny smoothie. Jada. Etter eg hadde kjøpt den, leste eg på ingrediensane: gras, alga, brokkoli og alt sånn ekkelt styr! Og det stinka som pokker! Men modige meg smakte på smørja, og det smakte faktisk godt! (Er faktisk uten sukker og.) Sjølv om det ser heilt kvalmt ut... Hehe


Ellers er det ikkje så veldig mykje spennande som skjer akkurat no, berre det samme gamle... Skal på konsert i helga då, i Lincoln, med Plain White T's, Panic at the Disco, Dash ettelleranna og eitt band til eg ikkje huska navnet på ;)

...
When in doubt, make a fool of yourself. There is a microscopically thin line between being brilliantly creative and acting like the most gigantic idiot on earth. So what the hell, leap.
~Cynthia Heimel, "Lower Manhattan Survival Tactics"
...