torsdag 31. juli 2008

Baseball!



I natt våkna eg av eit forferdelig brak! Heile rommet lyste opp. Eg hoppa ned av senga og gjekk bort til vindauget; det regna som pokker ute og himmelen lyste opp så eg kunne sjå fjella laaaangt vekke! For eit uveir! Eg har aldri opplevd eit sånt torden og lyn før, eg kunne sjå alle lyn-sikksakktingene, det var ganske stilig :) Eg hørte at det har vore eit bra uveir heime og med lyn og torden for nokre dagar sida, så det var sikkert det som kom hit i natt...

Tirsdag grilla vi til middag, det har eg savna! Kyllingfilet, pastasalat og brownies til dessert. Heilt toppers :)



Så var heile gjengen (500stk) på baseballkamp! Det var ein opplevelse! Sjølv om kampen var ganske kjedelig (varte i nesten 4 timar) hadde vi det kjempeartig! Eg er sikker på at folk som satt der var heilt sjokka, for vi rope og sang og lagde skikkelig liv! Sikkert berre ein gong i året dei har sånt leven på stadion der. (Det er snakk om eit lite baseballlag, The Lake Monsters, som spilte mot the Cyclones)...



Maskoten deira var ganske søt ^^ Han kjørte rundt på bana med 4hjuling og fekk oss til å synge og danse macarena!

I dag er nest siste dag på camp... Det er ganske trist å tenke på at i morgon kveld reiser alle til familiane sine, og vi får ikkje sjå kvarandre igjen... Men eg har gjort avtale med Ina om at eg skal besøke ho når vi kjem tilbake til Norge, og at Natalia skal komme på besøk til Norge på vinteren ein gong (for ho har aldri sett snø!) og at eg og Ina skal ta oss ein tur til Brasil om nokre år :) Og Amanda sa at eg måtte komme å besøke ho i Danmark, så eg må nok få til det ein gong og ;)

No skal eg straks ete middag, så skal eg på øving til talentshowet! Eg og nokre andre frå klassa skal framføre ein skætsj; og ja eg veit; eg hata å stå på ei scene (hatar å snakke - men danse er kjekt!!), men Fay har sagt til oss at vi må la oss sjøl komme ut av ''comfort sona'' våras, så eg fann ut; why not?!

Vi var forresten på Ben & Jerry's i går! Fy flate for ein god milkshake!! 1000% usunn, men heilt fantastisk vidunderlig smak!! Gler meg til neste gong; dei har forhåpentligvis Ben & Jerry i Kearney :)

Vi har fått flytidene våre no; eg skal reise fra Boston flyplass laurdag 2. august kl 11,38. Sidan eg skal til ein ganske så avsides plass må eg sjølvsagt bytte fly 2 gongar før eg er framme i Kearney i 8 tida om kvelden! Argh... Og att på til; eg er heilt mutters aleine... Off! Eg kjeme til å kjede meg ihjel... Men eg gleda meg virkelig til å¨endelig få møte familien, og Isabelle! (Ho kom til Nebraska i går)

No skal eg bare nyte resten av tida her på campen, prate med folk og bare kose meg :)

tirsdag 29. juli 2008

Sol, bading og hypnotisering!

Søndag var det utflukt til ein innsjø ein time fra Campen. Deilig å komme seg ut å kunne slappe av litt, uten kjas og mas og program heile tida! Vi kosa oss mykje, sola oss, bada, prata og hadde det kjempekoselig :) Eg har savna SOL!! Den har hatt ein tendens til å ikkje vise seg tida vi har vore her, noko som er ganske synd... Men, men; håpar det vert beire dei neste dagane :)


Eksosrypene!



I kveld har vi vore på hypnose-show. Eg må seie at før showet hadde eg ingen tru på at folk kan la seg hypnotisere, men etter å ha sett alt hypnotisøren fekk deltakarane til å gjere, har eg fullstendig endra meining! Det er noko av det sprøaste eg har sett!! Han fekk tilogmed ein gutt til å tru at han var gravid og skulle føde! Hysterisk morosamt, eg lo så eg grein! (Filma litt, men trur kvaliteten er dårleg... legge ut filmane seinare )




lørdag 26. juli 2008

Boston, the home of Red Sox!



Ja, då har eg vore i Boston for fyrste gong. Det var ein opplevelse må eg seie! Ikkje bare var det mykje nytt å sjå, men Boston Red Sox spelte mot The New York Yankees (baseball) når vi var der! Vi møtte på Red Sox supportarar over alt. Annakvar person hadde ein eller anna Red Sox effekt på seg; caps, tskjorte osv. Og i mange av bodene på Quincy Market fann vi utallige Red Sox effektar! Heilt vannvittig!


Når ein er i Boston, kan ein ikkje la vere å få med seg Harvard! Så Eg, Ina, Natalia og Malene praia ein taxi og tråla Boston; og Harvard. Det var knallartig! Eine taxisjåføren var skikkeleg kul! Han prata med oss heile tida, lurte på kor vi kom fra, kva vi skulle her i USA osv.



Så måtte vi finne ein spesiell butikk som Ina visste om (broren honna bur der) for ho måtte kjøpe knekkebrød!

Vi gjekk eigentleg bare rundt og såg, tok bilder og sånt. Kjøpte ikkje noko spesielt; berre ein baseball med motiv av Boston på. Kan liksom ikkje la vere å kjøpe noko når eg er i Boston! Vi gjekk nesten ikkje på kle/sko butikkar, fordi det var så fint veir at vi måtte vere mest mogleg ute :)


Då det kom til å kjøpe mat; berre tråla vi Quincy Market, der gjekk vi mellom ''boder'' med mat på begge sider. Mat fra heile evrda; japansk, kinensisk, amerikansk, indisk osv. Og snop! Det krydde av sjokolade, kaker, muffinsar og gudane vete kva som var der! Eg vart nesten sjokkert!





Som ein grei slutt på dagen stakk vi innom Starbucks og tok ein kaffi :) Eller ikkje eg då, eg kjøpte ein smoothie, likar ikkje kaffi !



Det har vore ein lang dag, så no skal eg legge meg, har vore våken sida kl.5 i dag tidlig...

Nokre små snapshots vi tok rundt om:


Eit eller anna Svenskt noko. Huska ikkje! Hard Rock Cafe

JESUS! What a car!!
Me and Mr. Barack Obama !

onsdag 23. juli 2008

Tonje has left the country and fell down over the sea!


Jaa! No har eg komt fram ! Kom paa laurdag ;) Har amerikansk tastatur no, saa det blir litt rart, bare til informasjon ;)

Her har altsaa regna sida vi kom, det er litt trist... Var jo meldt fint daa eg reiste... Men, men. Fay, laereren min har ein leik han kalla kommando haik som vi kan leike naar det er vaatt. Da skal vi slenge oss rundt i busker og tred! Hoyrest morosamt ut ;)





Eg er blitt kjent med nokon norske og ei brasiliansk; vi held ilag heile tida :) det er koselig :) Vi har allereie provd ut mykje rart, som f.eks amerikansk fotball ilag med alle guttane (!) og softball (der var og mest gutta). I dag skal vi til ''the MALL'', som er eit lite kjopesenter, men der er i allefall butikkar :)



Tirsdag skal vi reise for aa sjaa ein verkeleg baseballkamp! Det skal bli ein opplevelse, har aldri vore paa ein !
Eg har det heilt toppers her! Her er saa mange kjekke og greie folk! Vi er delte inn i klasser, og kvar klasse konkurrerar om aa vinne ein tur til ein iskremfabrikk! Det hadde vore artig. For aa vinne maa vi samle inn mest mulig ''caught in speaking english'' kort, som vi faar om vi snakkar engelsk heile tida, og vert hoyrt av ein leder. Mi klasse ligg no paa andreplass :) Om vi vert tatt i aa snakke vaart eige spraak, faar vi minuspoeng...

Kvar morgon vert eg vekt av kadettar som gaar paa universitetet her; dei ropar ''left, right, left, right!'' Universitetet vi bur paa er eigentleg eit millitaert universitet. Det er ganske stort, og her er mange bygningar, eg vert ganske forvirra nokon gongar!

Noko eg er veldig imponert over her, er maten vi faar! Det er buffet til baade frokost, lunch og middag. Mykje godt; frukt, salat, pasta, frokostblandingar, pommes frites (og sjolvsagt haburgarar og pizza) og mykje anna; Det er og faktisk dessert til alle maaltida (trur det alltid staar framme) og all slags drikke; vatn, 100 typar juice og masse brus (ogsaa til frokost!!)
Saa, for aa seie det heilt aerlig; eg likar meg her :)
(saann sett vekk ifra ditta pokkers innvikla tastaturet som manglar dei 3 siste bokstavane i det norske alfabet, og i tillegg har alle komma, punktum, sporsmaalsteikn og saant hulter til bulter!) Men om 2 veker faar eg bruke mi eiga datamaskin :)
Kjem til aa skrive meir etterkvart som ting skjer, og her skjer det verkeleg ting heile tida!

torsdag 17. juli 2008

Skikkelig ''hadetbra'' dag!

Familiesammenkomst; tante, onklar og søskenbarn, foreldre, søsken og besteforeldre ;) Ja, då har eg sett dei fleste av dei for siste gong før eg reiser! Var kjekt å få sjå dei alle, er ikkje ofte eg ser dei i grunnen... Merkelig eigentlig, vi er jo i slekt! =p Fekk dollar i gave med tante og onkel, og så fekk eg eit handkle med innsydd '' Tonje'' + eit norsk flagg og NORWAY under, med ei anna tante :) Koselig :)

I dag såg eg jentene mine for siste gong før eg reiser... ! Trist å seie hade til dei... =/


Men vi hadde det kjempekoselig! Først var vi på bowling :) Kosa oss, bowla, prata, lo og hadde det heilt toppers! Kjem til å savne det at vi har det så kjekt ilag, alltid!



Fekk collage med Marte, Martine og Evy! Skikkelig nydelig! Den SKAL i kofferten, om eg så må hive ut noken klede! :)



Vi var på Mamma Rosa etterpå og åt mat :) Det kjem eg til å savne! Dei har så god mat der!! Gjett om eg skal dit med EIN gong eg kjem heim fra USA; å ete plankesteik! :) (er sikkert ekstremt lei av junk food; burger, pomfri og sånt då...)

Ja... Då er det bare omtrent 36 timar til eg reiser heime i fra... ! Tida går vanvittig raskt, eg rekk nesten ikkje å tenke!

mandag 14. juli 2008

Reisefeber!

Ja no er det under ei veke til eg reiser! Hjelp! Eg har ikkje begynt pakkinga.. enda... Må skjerpe meg no =p

Mykje styr å tenke på, huske alt og ha alle papir og greier på plass... Hjerna mi går på høygir, tilogmed om natta! Blir heilt sleta av heile greia... Ikkje bra!

Må i banken å hente dollar og reisesjekka, og til tannlegen, og kjøpe gave til vertsfamilien og ja... Stress! Men i bunn og grunn så gledar eg meg litt :) Sjølv om eg akkurat no faktisk gruar meg meir enn eg gledar meg... Men eg trur det er vanleg... Det går seg nok til :)

Og eg savna Olav allerede, bare 3 veke sida han reiste... Korleis skal eg klare meg et år uten han?! Off...

onsdag 9. juli 2008

Sol, soool kom igjen!


Jaaa... det regna... eller; No er det overskya... men null sol.. ( Er midt på natta då, men dokke skjønnar prinsippet!) Men dei har sagt ho kjem i morra :)


Og då er plana som følger; vi skal reise til Telemark, for å bade i Jettegrytene:) Skikkelig fin badeplass, bada der ein gong før eg var her på Sørlandet :)


No er det under 2 veker til eg reise! HJELP! Eg blir skikkelig redd... :S Heeeilt aleine ut i den store vide verden... Yikes! (som vertsmora mi brukar å skrive på mail xD )

- og no er det avklart, eg tar med pc-en :) Ganske greit å ha min eigen pc der, å sleppe å måtte låne vertsfamilien sin heile tida... ;)

- og har forresten kjøpt nytt webcamera, så mamma og dei kan få mitt gamle ;) (jada, eg er litt utspekulert...)


Men no er det svart ute, på tide å traske til sengs.... See yah!

søndag 6. juli 2008

I'm melting...


Jepp, då er eg komt meg på ferie! Akkurat no befinner eg meg i stua til Tante Lena, bare 28 grader her... Og klokka er 12 om kvelden! Sist eg sjekka veir i Nebraska, var det 32 grader... Eg kjem til å renne vekk der borte! Og for ikkje å snakke om å bli solbrent, som eg sjølvsagt har klart å bli her =p


I dag var vi på båttur i skjærgården her på Sørlandet; må seie vi har ein ganske vakker natur her i Norge; som eg kjem til å savne det neste året... =/ Så folkens, send meg bilder av blomster og gras! Neida, eg tulla ;) Bada gjorde vi (DEILIG!!!!) og åt reker :D Det er NAAAAM!!


Var forresten å campa på Refviksanden på onsdag til torsdag ilag med jentene :) Det var knallkoselig, vi hadde det så fint! Fekk tatt mange nydelege bilde i solnedgangen, men har ikkje min data no, så kan ikkje legge dei ut... Men skal gjere det når eg kjem heim :)


Skal prøve å skrive litt dei neste dagane, men blir ikkje så mykje, fordi eg har ikkje min eigen data med meg... smaaarte meg... typisk... jaja =p