mandag 11. februar 2008

Tonje skal bu i staten New Mexico !

No har eg endeleg fått litt meir informasjon! Har fått tildelt RC (områderepresentant) og dermed og ein stat =) RC-en min bur i New Mexico, og det er der eg mest sansynleg vil havne og. Gjett om eg er spent!

Då eg fyrst fekk vite at eg skal bu i
New Mexico vart eg litt skeptisk. Eg forbant New Mexico med ørken. Ja, ørken! Men etter litt surfing på nett så fann eg ut at staten hadde mykje meir å by på =) Der er til og med snø om vinteren! Håpar eg får kjørt brett når eg er der!

Skal eg vere heilt ærlig, har eg veldig lyst å bu i eller i nærleiken av
Albuquerque! Det virkar som ein ganske spennande by.

Det gjenstår fortsatt ein god del før eg skal reise. Eg har for eksempel ikkje fått vertsfamilie enda! Klarer nesten ikkje å vente, vil ha ein no! =)