fredag 27. februar 2009

Det blei en gutt? Eller ei jente?


I dag fekk vi vår fyrste kalv :) Biiitteliten og superskjønn ^^, Blir nok mykje å gjere no framover når kalvane kjem. Dei må vaksinerast, merkast og kastrerast. Gjere meg ikkje noke å hjelpe til med det :) MEN er heilt vanvittig kaldt her no, vinden blåse sikkert -20grader... Så fristar ikkje så veeldig å stikke bort til kyra å sjekke om dei holde på å kalve og sånn. Men det må vel gjerast ;)

Den lisje krabaten nekta å stå i ro under fotograferinga! hehe...


Ellers skjer det ikkje så mykje... Skal klippe meg i morra etter skulen. Det trengst! Tuppane mine er så slitte at det nesten burde vore ulovleg.

Og folkens; berre 3 veke til California no! Eg gler meg som ein liten unge :)

...
There's nothing like sitting back and talking to your cows.
~Russell Crowe ...

mandag 23. februar 2009

Helg :)


No har eg hatt langhelg, hadde fri på fredag :)

Fredag hjalp eg Dave å flytte nokre høyballa frå eit jorde til eit anna. Han lasta opp på hengaren og eg køyrde. Så no kan eg tilogmed køyre med hengar; ikkje at det er så vanskelig!

Og ellers tok vi oss ein tur til Kearney i går, eg skulle på bikinishopping. Men det vart ikkje heilt vellykka... Eg er for kresa trur eg, og når eg endeleg finne ein eg vil ha, har dei ikkje str min... Typisk. Kanskje eg berre får vente til eg kjem til California for å kjøpe ny. Har jo frå i fjor så eg kan bruke viss eg ikkje finne og.. Men vil liksom ha ny, sidan eg skal til Hellas 2 veke etter eg kjem heim i sommar og :)

I dag var det flytting av kyr igjen. Er ikkje lenge før kalvane kjem no, så måtte ha kyra ''heim'', altså nærare huset. Tok heile 4 timar trur eg, med køyring i 2km/t så vart ganske kjedeleg. Men det måtte vel gjerast. Som lønn tok Dave oss med ut å ete på USA steak buffet. Så er passe mett no ja. Skal sjå litt Home and Away (Er totalt hekta for tida!) og lese litt bok før eg legge meg. Skule igjen i morra. Men har fri på onsdag då, blir deilig med eit avbrekk midt i veka. Vi treng det når vi ikkje får vinterferie...

Ellers så har eg fått tidene for heimreise. Var satt opp på 26-28 mai, men synest det var litt tidlig, så bytta til 9-11 juni :) Sidan alle heime er på skule og jobb heile tida, kjem eg berre til å kjede livet av meg uansett... Så då kan eg likegodt vere her eit par ekstra veke :)

Og så har eg blitt utfordra av Karoline, om å vise mine favoritting på kjøkkenet... Rar utfordring må eg seie, men det får no vel gå :

Oliven Olje: fordi det kan brukast til alt



Kjøleskap MED isbetmaskin: fordi den har isbeta 24/7 <3



og tilslutt oppvaskmaskin: for då sleppe eg å vaske opp... Her fungera ikkje oppvaskmaskina deira, og det betyr oppvask for hand: ikkje min favoritt.. Hehe...


Og eg har eigentleg ingen å utfordre, så om du har blogg og føle for å bli utfordra, så utfordra eg DEG: Kva er dine favoritt ting på kjøkkenet?

fredag 20. februar 2009

Idyll?

Sånn såg idylliske Nebraska ut 19. februar 2009:



(Klikk på bildet for å få det større)


Korleis er det med Idyllen i Norge for tida då folkens?
:)

søndag 15. februar 2009

Happy Valentines Day!

Då var dagen komt til USA, 14. februar, Valentines Dagen. Her borte er valentines nesten like stort som jul. Heilt seriøst. Har vore hjerter og sjokolade og kort overalt i butikkane i fleire veker no. Kom rett etter at alle juletinga forsvann. Heilt på tryne eigentleg! Men det er jo litt koselig :) På skulen har FCCLA solgt ''crushes'', som er brusboksar med det navnet, som folk kan kjøpe til andre som dei er forelska i eller som dei likar. Og så i går var det plana at folk skulle få ''chrusha'' sine, men vi fekk snowday i staden for. Fri frå skulen pga snø! Sært altså, var ikkje mykje snø eingong... Hehe, men eg klaga ikkje :D

Så reknar med chrush-ane blir levert ut på mandag ;) Er heilt anonymt då, så viss eg f.eks får ein, har eg ikkje peiling kem det er frå. Hehe ;)

Ellers så har vi jo fått snøv :D Kjempekoselig ^^,

I dag hadde vi vår siste basketballkamp i serien, før kretsmesterskap. FY FLATE for ein bra kamp! Fekk skikkeleg adrenalinkick av heile greia! I siste quarter var det kjempejevnt, og det var knallspennande å sjå på! (jadda, jadda, eg satt på benken... Men eg brukar ikkje å spele på varsity så mykje uansett.) Sjølv om eg ikkje spelte, men berre satt på benken, vart eg sikkert like glad som dei som spelte! Berre følelsen av at laget vann, var heilt fantastisk! Går ikkje an å beskrive ;)

Ellers så var vi på Amigos og åt seinare. Vi hadde med oss Torben frå Tyskland, for han kjeda seg visst litt i Miller virka det som. Så vi syns litt synd på han, og tok han med. Hehe... Koselig fyr :) Eg er ikkje heilt fan av Amigos, men eg får ikkje alltid bestemme, så måtte berre følge med.. Men eg overlevde no ;)

I morra skal vi sikkert i bursdag til Vicky, som er tante/unkleungen til Dave og Mary :) Pizza og kake, ja takk :D

Så må eg berre fortelle noko morsomt! I går kjøpte eg meg kvite dongeribukser (140kr!!!), og hadde dei på meg i dag. Og sida det er snøv ute, hadde eg tjukkesokkane utapå buksa for å ikkje bli våt. Og då eg kom inn i huset i kveld, ser Chuck rart på meg og seie: Går du seriøst med KVITE bukse?? Og I TILLEGG MED SOKKANE UTAPÅ???... Han va heilt seriøs liksom... Og så sa han at det var berre raart, og at viss eg gjekk med det på skulen, skulle han spørre alle han hang ilag med ka dei syns om det x) Herregud! Eg sa no at eg bryr meg ikkje, eg har min eigen stil, drite no i ka andre synst :p Og Tjukkesokka utapå buksa e STILI! hehe ;)

fredag 13. februar 2009

Påskeegg!

Tonje har hørt rykter om at påskeegga i lilla kartong er komt i butikkane i Norge no.

Og det betyr:

Tonje hadde blitt veeeldig glad om ein kartong dukka opp i postkassa :D

Hihi ^^,

torsdag 12. februar 2009

Siste sjølvmord


I dag hadde eg mest sannsynleg mi siste basketballtrening FOR ALLTID.
Siste sjølvmord (Slapp av, vi snakka springing her altså... Hehe)
  • Siste freethrow
  • Siste indiana shooting
  • Siste flipflop/kaos/bulldog osv (Navn vi har på ''plays'')
  • Siste jumpshot
  • Siste ''21'', som er ein konkurranse vi har nokre gongar på trening
  • Siste ''super fun shooting drill''
Siste av alt, har berre ein kamp igjen, som er på fredag. Og så er det subdistrict (kretsmesterskap) neste veke, og etter det er ALT over. Kjem til å bli trist. Basketball har liksom vore ein stor del av livet mitt dei siste mnd, og eg har virkelig begynt å like det!

Jaja... :p

Ellers så hadde ho tyske utv.studenten frå Kearney lagt ut nokre bilde av seg sjølv og ei jente som røyka noke som såg ut som marihuanapipe eller noko. Dumt gjort! For no må ho reise heim. Dave er IEC-en honna, og han sa at no får det vere nok! Hon har fra før av skifta familie, for den var ikkje bra nok for ho, og dei fann ei flaske alkohol på rommet honna. Og ho sneik seg ut av huset til vertsfamilien ei natt, for å gå på fest. Så no har ho ingen sjansar att, og må sette seg på eit fly tilbake til tyskland. Ein ting som er sikkert, er at når ein bur med ein familie som er IEC'ar for EF, får ein vite alt som har med dei andre studentane å gjere. Alt dei gjere som dei ikkje har lov til, og alt dei slepp unna med, for EF berre drite i det. Eg blir så provosert! Blir jo sett eit godt eksempel for meg då, f.eks: eg har sett at vi kan eigentleg berre gjere akkurat det vi føler for, reglar eller ikkje reglar, EF bryr seg ikkje uansett, så kva er vitsen? EF treng skjerpings!

...

Tilbake til dagens:
I dag var det berre skule, lekser, eting og tv-sjåing. LOST begynte her for 3 veker sida! Eg digga det! Det blir meir spennande for kvar episode som går, klare ikkje å la vere å sjå på :)

...

Litt rar slutt, men no ska eg sove, så god natt folk og fe... Vi bloggast ;)

søndag 8. februar 2009

Sol ute, Sol inne

I dag har det vore kjempefint veir! Eg sto opp i 10-tida, og satte meg ut på altanen i sola, i shorts og t-skjorte, og las bok :) Deilig veir! MEN, eg lika ikkje at det er sånt veir i Februar... Det er meininga det skal vere snø no! Global oppvarming in my ass... Det er ikkje sånn det skal vere...

Ellers så tok eg og Dave oss ein tur til Holdrege for å sjå guttane spille basket, dei skulle spille finale i FKC, Fort Kearney Conference. Kampen var VELDIG fysisk, det var ikkje få gongane ein spelar flaug over golvet og inn i en anna spelar, eller i veggen osv. Det gjekk ikkje heilt bra for Overton, dei tapte 50-34 trur eg. Men dei fekk no 2. plass då! Det er beire enn oss jentene, som tapte fyrsta kampen i turneringa :p

I morra skal eg på walmart å shoppe litt klede... Neste helg skal eg til Kearney på kjøpesenteret. Fann ut no at eg treng litt nye klede, har ein del som er utvaska og sånn, så det er vel kanskje på tide :p

Utenom det er det ikkje så mykje meir å seie... Skal ete litt mat før eg hoppa til køys, så vi ''skrivast'' vel ein anna dag ;)

torsdag 5. februar 2009

Spørsmål & Svar


Spm frå ''Honor Roll'' :

Anonym sa...

veldig fin blogg:)
jeg er en jente som går 1STA no og som ønsker/ønsker-ikkje å reise til USA til neste år, jeg er fram og tilbake hele tiden noe som er veldig frustrerende...
Har du noen gang angret på at du reiste dette året?
har du hatt mye hjemmelengsel?
hvordan er det å gå på skole der alt går på engelsk?
hadde vert kjempefint om du kunne hjelp meg:)

Svar:

  • Nei, har ikkje angra eitt einaste sekund. Har sjølvsagt hatt litt problemer, men det er nok ikkje til å unngå når ein kjem til ein ny familie, ny plass og ny skule. Det er berre å la tida gå, så går det meste bra :) Eg ville angra om eg IKKJE reiste, det skal vere sikkert og visst! Så, eg er iallefall kjempeglad for at eg reiste, og ville gjerne gjort det ein gong til om eg hadde fått sjansen!
  • Heimlengsel har vel alle tenker eg. Men eg har faktisk hatt VELDIG lite heimlengsel. Har liksom så mykje å gjere på heile tida, at eg ikkje har tid til å tenke på det. Men eg merka at det er lettare å savne Norge når eg ikkje har noko å gjere på. Så om du reiser, anbefala eg deg å gå ut for sport: volleyball, basket ++, for da har du noko å gjere på nesten heile tida, og du får lett nye venna ;)
  • At alt er på engelsk når det gjeld skule, er null problem. Etter eit par veker tenkte eg ikkje på at alt er engelsk! Og skulesystemet her er LETT. Berre du gjer leksene dine, får du bra karakter. Og veldig ofte, etter det eg har høyrd frå andre utv.studentar, er vi ''foreigners'' beire i engelsk enn amerikanerane er sjølv :D

Anonym sa...

Hei:) Guro her!
Wow, status å få henge på veggen;)
Men eg lure litt på om kvifor du er senior? Er det fordi du er så lur og norsk?;)

Ha ein fin dag:)

Svar:

Grunnen til at eg er senior, er fordi eg har allereie fullført skulen i Norge (Fått vitnemål / diploma) og fordi eg ville uansett gått i ''12. klasse'' heime i Norge, akkurat sånn som du :) Og den tredje grunnen er at seniorane reise meir på tura og sånn, så dei syns at eg og Isabelle (Frå Canada) kunne vere seniorar :)

Og i tillegg er systemet veldig rart då, det kan vere to årskull i samme klasse. Er du født fyrste delen av året (Jan-juni) blir du i ei klasse høgare enn om du er født seinare på året (jul-des).

tirsdag 3. februar 2009

Nervøs promp

I dag hadde vi ei litt spesiell trening:

Vi fekk beskjed med trenaren at vi skulle ha lagmøte i huse hanna kl 4. Ingen av oss visste kva vi skulle, så vi gjekk no samla bortover gata til huset hanna når klokka nærma seg 4. Vi banka på døra, og trenaren åpna:

Då vi kom inn, vart vi delt opp i 4 lag. Vi skulle ha konkurranse med 4 ulike postar der vi kunne få poeng:
- Mimeleiken, der vi fekk poeng for kvart ord vi gjetta
- Mariocart på nintendo Wii! Vanvittig artig! MYKJE beire enn på nintendo 64... Passa perfekt for folk som styre kontrollen når dei køyre bilspel, for her fekk vi eit ratt, som vi styrte som ein ''vanlig bil'' (Ja eg snakka om Tommy og Daniel her! Hehe)
- Boksing på Wii, og det var kjempemorsomt! Holdt på å le meg ihjel x) Rachel dreiv å hadde lydeffekte og greier :p
- Og tilsutt gitarhero. Jadda, eg kan no pokker meg ikkje spele gitar! Vart bua av scena og fekk 56%! Må jammen seie eg e stolt altså! NOT! Men, men, dei fekk no iallefall underholdning! (Men eg kan no trøste meg med at Kayla berre fekk 35% eller noko!)

Vårt lag kom på andreplass, med 4 poeng mindre enn 1.plassen. Ikkje så aller verst nei ;) Laget som vann fekk premia, og Megan fekk ei prompemaskin! Ja dokke kan no tenke dokke, etter å ha sett overskrifta på innlegget, at den var festens midtpunkt! Den hærlige ''maskina'' hadde 7 ulike prompa, bl.a. nervøs promp, saftig promp, osv. Og Rachel (Igjen!) måtte sjølvsagt lage litt sprell, så ho dramatiserte kvar promp med både bevegelsa og uttrykk! Har jaggu ikkje ledd så mykje på lenge!

Så fekk vi pizza fra pizzahut og heimelaga brownies :) Kjempekjekk ''trening'', godt med litt forandring. Eg hadde det iallefall kjempekjekt!

Ellers så går eg fortsatt rundt og hosta og snufsa, no e eg sleta av å vere sjuk... Men vi satsa på å bli beire dei kommande dagane.

Over og ut. No skal eg sjå Home and Away :D