søndag 29. juni 2008

Om lakris og håse kvinnfolk

I går var det fint veir! Men i dag? neida... sjølvsagt måtte det begynne å regne igjen... eg spyyr!

Men det var supert i går! Fyrst tok eg meg ein tur til Måløy By (som knapt kan kallast ein by) for å sjekke ut dissa såkalla Måløydagane som utspelar seg der i helga. Etter litt trasking ilag med Mormor og Amalie, møtte eg Marte :) Vi traska litt rundt, bokstaveleg talt, rundt og rundt,... og enda meir rundt, og såg på folk og fe og alt det der ;) Einaste eg kjøpte i sånn jallabod-ting var ein laang lakris-snop-greie (Og ja, eg lika ting og greie ;p ) som ikkje var så god som eg ville at den skulle vere =/


Rundt hal 1 hadde vi planlagd å sjå Draup, frå Norske Talenter... Men dette var ein skuffelse må eg seie... Med konkurranse frå fykande helikopter og tivolibråk høyrde vi ikkje mykje, og det vi høyrde var ikkje noko særleg imponerande... Dei var beire på TV!



Sånn rundt kl 3 var det dj-show med Short Cut og Nicholas fra VG-lista ;) Det var rått! Dei hadde ein konkurranse der ein skulle synge verst og med mest innlevelse... Men sjølvsagt; over halvparten av dei frivillige kunne synge... Daah! (trur ikkje dei forstod poenget?! ) Men vi fekk oss ein god latter likevel xD Ho eine var skikkelig hås, hørtes ut som ei herpa kråke som stod der! Stakkars jente! =p
Etter det var det vareshow, der dei har satt maaaasse ting som butikkane har sponsa på scena, så får ein og ein person komme opp og plukke med seg alt han/ho klarer på ei viss tid. Innimellom kasta dei ut ting og tang til oss publikum, og heldige meg fekk tak i ein lyslilla gensar i large, akkurat min str (!). Daniel fekk tak i ei ROSA styyygg dame-dressjakke, som han sjølvsagt tok på seg og gjekk rundt med... herregud, såg pokker meg ikkje klokt ut!
Og til informasjon; eg tok ikkje ein einaste karusell!! (I'm proud!! Not really...) Eg gadd rett og slett ikkje... =p


- Eg og Marte hadde faktisk tenkt oss ein tur med rib-båten på havrafting, men det vart ganske expensive for oss fattigluse... =p

Om kvelden vart det grillings på leikeplassen ilag med Leite-seniorane xD Eg var einaste under 35 som var der, men det var ganske artig ! Vi hadde ein musikk-konkurranse, damene mot mennene, der det vart spelt av ein liten del av ein sang, så skulle vi finne artist og tittel. Eg har jo aldri høyrd noko av den musikken dei hadde der, men eg fann på noko svææært smart ;) Eg brukte såkalla ''track id'' som eg har på mobilen, og fann alle sanga og teksta damene ikkje visste =p Gjett om vi slo mannfolka laaaaaangt ned i støvlane =D

I dag var eg faktisk å kjøpte trillekoffert :) Ein diiger ein, det trengst har eg funne ut =p Eg skal på ferie snart, det betyr at når eg kjem heim har eg har berre 4 dagar på meg å pakke på!! Kjem ikkje til å gå... HJELP!!!

Og til enda meir informasjon; det går ikkje ein dritt på tv... Eg kjeda liiivet av meg!....

torsdag 26. juni 2008

Norwich University, Northfield, Vermont !


Ja då har eg endeleg fått vite ka slags camp eg skal på =) Norwich University i Vermont :) På campen blir det myyykje rart å oppleve. Vi skal ha ''timar'' frå kl 09.00-15.00 kvar dag utanom helgedagane. Om kveldane kan vi delta på ulike sportar, sjå film, reise til eit kjøpesenter å shoppe og mykje sånt artig styr ;) Og eine søndagen skal vi på ''beachen'', då trur eg eg må pleie litt brunfarge! Og så er det satt av ein dag ekskursjon til Boston :) Ohhyeah! Eg gleda meg =D

På campen skal vi bu 2-4 stk på kvart rom, og det er heilt tilfeldig kem ein kjem på rom med trur eg =p Eg kan like godt havne ilag med tyskarar, som med kinesarar eller kanskje svenskar =p Også var det spesielt nevnt at vi måtte alltid huske å låse rom-dørene, så ikkje våras verdifulle saker blir stjelt. Eg som er så vanvittig rik, må nok passe ekstra på trur eg! ;)

Einaste negative med plassen er at der er så og seie NULL mobildekning, ikkje eingong for amerikanske abonnement... Men, men... Då sparar eg mykje pengar reknar eg med ;)

(Og forresten: Eg har rydda rommet mitt i dag xD )

onsdag 25. juni 2008

Here comes the sun!! =)


Ja då kom eeendeleg sola! Gjett om eg har lengta etter ho =p Sjølv om det ikkje er så veldig varmt akkurat, er det koselig med sol når det er ferie :)

Eg fekk scrapbook med Karoline i dag ^^, Den skal få plass i amerikakofferten min, uansett ka! =)

Har vore på besøk med tanta, onkelen og Amalie i dag :) Åt brownies og jordbær! Nyyydeli^^, Ellers har eg bare sløva litt... Funne fram alle ark som må vere med i stipend-søknaden og då, og bestilt søknadspapir ;)

(Kanskje eg skal prøve å gjere noko vetig i morra, som f.eks rydde rommet mitt.. men sånt er berre kjeeeedelig, så eg veit no ikkje heilt om det vert noko av =p )

tirsdag 24. juni 2008

The first good bye...


Okei kanskje det ikkje var det første ''hadebra, snakkast om eit år'', men det var i allefall det første der eg veit 100% at eg ikkje får sjå han før eg kjem heim... Dei andre eg allereie har sagt hade til; ser eg kanskje igjen før eg reiser, ken veit?

Men trist var det... Så utrulig min uflaks at Olav måtte reise ut ein mnd før eg reiser! But I'm trying to be strong here... But it's not as easy as people may think!!! Off... Men takk GUD for at han faktisk har mobildekning og trådlaust nett uti sjøen der han er... Viss ikkje har eg ikkje aning ka eg skulle ha gjort... =p


Eg kan ikkje seie at eg ser fram til dei kommande avskjedane som eg veit vil komme... Noko av det verste eg veit er å seie ''hade'' til folk, i allefall når eg veit at det er enormt lenge til eg får sjå dei igjen =/ Eg har visst at ditta kjem til å skje heile tida, men det har ikkje vore verkeleg før no... Eg er ikkje klar til det enda!!! Men eg veit ikkje om eg nokon gong kjem til å bli klar... MEN, eg skal ikkje synke heilt ned i avgrunnen, eg kjem tross alt heim om ikkje såå lenge, og tida vil gå raskt; uten tvil! Og vi har så mange formar for kommunikasjon i vår fantastiske tidsalder at heile greia med å vere så langt vekke vil nok bli litt mindre fæl enn om eg ikkje kunne hatt kontakt i løpet av heile året... Så takk GUD (Igjen...!) for dei som fann opp data, internett, msn, webcam og telefon!! Ja, og kanskje for dei som fann opp brev og sånn... (For eg håpar mange føler for å krote ned nokre velvalgte ord til meg og sende over sjøen ! Det hadde eg sett stooor pris på, for det er noko heilt anna med eit ''skikkelig brev'' enn en mail...^^,)


Torsdag reiser Karoline på 3 vekers ferie til Spania... Men ho kjem heldigvis heim før eg reiser :) Så har eg veldig lyst til at vi skal få samla gjengen frå klassa + Marte og Evy på telt-overnatting på Revikja :) Det hadde vore vanvittig koselig! I'm crossing my fingers! =D


Og såå må eg bare skrive: GRATTIS MED 17 ÅRS DAGEN MARTINE =D!! Finally you are as old as I am ! =p


Aaand...: Over and out dudes ;)

fredag 20. juni 2008

Ferie!!


Ja no er endeleg den etterlengta sommarferien komt! Det er så ekstremt deilig å slippe å tenke på prøver, eksamen og denslags stress! Men det var likevel litt trist å slutte på skulen... Mange av folka i klassa får eg ikkje sjå igjen før eg kjem heim frå USA! Det er trist... =/

Så er det snart Jonsok eller Sankthans for dei som likar å kalle det for det; og veiret ser ut til å ikkje vere på mi side... Det er så ekstremt unødvendig at det skal regne, ja ikkje berre regne, men fosse vatn frå himmelen i bytte og spann, no når ferien endelig kom! Pokker heller... Kor har SOLA gøymt seg?! Eg som skal vere med Olav og noken andre folk på hytta hass i Florø på søndag... Og vi skal tilogmed køyre båt ned dit! Og så regna det... og regna... og regna eeenda litt meir... Og for dei som ikkje veit det; eg trur eg har fobi for regnklede!! xD

På søndag har faktisk eg og Olav 6mnd dag :) Tida har gått heilt vanvittig fort! Eg har grua meg heile tida til at eg skal reise ifra han... Men så viser det seg at han skal reise ut på jobb (lærlingtid) 25. juni!! Og han kjem ikkje heim før eg har reist... Eg får berre sjå han i under ei veke til... Off... Eg kjem til å savne han sånn =/ Får berre prøve å gjere det beste ut av resten tida vi har ilag :)

Men no gidde eg ikkje å skrive meir... Skal sjå film :)
(Skal prøve å ikkje vente så veeldig lenge før neste oppdatering)

mandag 9. juni 2008

A bit update !




På tide med litt oppdatering her no ;)


Eg har fått vite litt meir om familien og plassen utifrå mail eg har fått frå vertsmora ;) Dei bur ganske langt uti gokk for å sei det sånn... Men dei brukar å reise til Kearney eit par gongar i veka, og der er det kjøpesenter og greier ;) Dei brukar å ete ute ofte, på McDonalds og Burger King !! Aiaiaii, no må eg vel lære meg å ete hamburger då... :p Eg sa til ho vertsmora at klubb er min yndlingsrett, og då hadde ho funne oppskrift og greier på internett, så hon skulle prøve å lage det x)


Så har vi jo prata litt om veir og sånn, blir no alltid det :p Akkurat no er der ganske vekslande veir; varmt, vått, regn, sol... You name it! Og så har dei maasse snø om vinteren; dei brukar å ha 2-3 ''snowdays''! Og no har det jo vore ein del tornadoar og styr i USA, og Nebraska har ikkje vore noke unntak... Men etter det eg har forstått har det ikkje vore noko fare der eg skal bu, det har i allefall ikkje vore noko tornado akkurat der, men ikkje så langt derifra då... ( Bildet ovanfor fekk eg frå vertsmora...)


Så har eg snakka litt med Ida fra Sverige på msn, ho bur med familien no, skal reise heim 10. juni. Ho har hatt det kjempeflott der, og skryte familien opp i skyane :p Kjekt å høyre det då, får meg til å glede meg meir til å møte dei :)


Er ikkje lenge att no, før eg reiser!! 19/20 juli.... Tida går så vanvittig fort :p Men eg gledar meg mykje! Eg er berre litt usikker på om eg klarer å ikkje pakke med for mykje :p