søndag 30. november 2008

Thanksgiving

Torsdag hadde vi Thanksgiving, og vanligvis er det stort her borte. Men ikkje her i huset. Sånn eigentleg. Vart litt merkeleg faktisk. Eg var med Dave for å hauste inn maisen, for han ville prøve å bli ferdig før snøven kjem. Og det tok litt lengre tid enn vi hadde tenkt, så vi kom ein time for seint til middag, så dei andre hadde allereie ete. Og dei andre folka, familie, som hadde sagt dei skulle komme, kom ikkje likevel. Men, men, maten var god i allefall!! Kalkun med alt mulig slags tilbehør. Og Gresskarpai til dessert, men eg var for stappmett til å smake på den. Og seinare når eg skulle smake, var den bortevekk... Hehe...

Eg vart for sein til å ta bilde av kalkunen ''heil''.

Og noko eg kanskje har glømt å nevne: her brukast papptallerkena til ALT. Her har vi altså kalkun, stuffing, saus, potetstappe og mais.

Ellers så har vi hatt fri frå skulen dei siste dagane pga Thanksgiving. Og fredag var det storsalg i butikkane, dei åpna kl 4 om morningen, og folk telta utanfor butikkane. Jepp, shoppinghysteri! Men vi gadd ikkje å shoppe før i 10-tida. Og No er eg ferdig med alle julepresangane, eller har ein halv igjen. Og det er ikkje desember enda. RART!
- Og når det gjeld shoppinghysteri, så høyrde eg om eit par personar i California som vart drept på ein ToysRus butikk (leikebutikk) på fredag!! Og ein Mann på Walmart som vart trakka ihjel når han åpna dørene for folk som skulle inn. Ja dei overdrive ikkje i filmane med dei gamle damene som slår folk med handveskene sine. Shopping her i USA er livsfarleg!
For dei som kan engelsk, les om det her.

Og som eg sa for ei stond sida: jula merkast godt no. På radioen spela dei julemusikk kvar dag, og det er ikkje eingong desember enda! Og folk har pynta husa sine med julelys og all slags pynt. Og enkelte hadde julekrybba ut i hagen: med jesus og geite, og dei tre vise menn osv. Litt stilig då :) Og ditta sjokkera meg: Eg såg enkelte hus som allereie hadde JULETREET oppe! Eg er vand med å sette opp juletre dagen før jula, altså på lisjejulafta. Men her er det visst vanleg å sette opp juletre TIDLIG. Rart... Så det er vel ikkje lenge til juletreet her i huset kjem opp og tenke eg. Hehe...

Og forresten mamma: TUSEN TAKK for adventskalenderen! Heilt ufattelig at dei ikkje har sånt her borte. Jula er ikkje den samme uten ! :)

OG: Tonje savna snø! Eg får heilt fnatt når eg veit det er snø heime, og ikkje her. Men det er så kaldt at det er kjedelig her. Uten snø altså...

...
I'm dreaming about a white Christmas
Just like the ones I used to know
Where the treetops glisten
and children listen
to hear sleighbells in the snow
...

torsdag 27. november 2008

Salg av kalvane & Thanksgiving!

Mandag fekk vi fri frå skulen for å vere med å selge kalvane våra. Rundt 8 om morningen var det ut i den kjølige lufta og flytte alle kyra frå eit jorde til der vi skulle skille kalvane frå kyra. Eg og Isabelle køyrde i ein bil bak for å passe på at ingen andre bila kom i alt for høg fart: så det ikkje vert noko ulykke.



Når vi kom til der vi skulle laste kalvane på ein trailer, måtte vi fyrst skille kalvane frå mødrene. Ikkje heilt enkelt, men det gjekk no til slutt. Ein trailer var innleigd, så kalvane vart lasta inn i den, og køyrd til Kearney til salgs-låven.

Separering av kalva frå mødrene


Kalvane blir lasta inn på traileren.

Sjølve salget er KJEMPEKJEDELIG. Dokke har vel alle høyrd ein auksjonarius i gang. Det er travelt å høyre på, og eg forstår ikkje eit steikje støv! Salget gjekk ikkje så bra som Dave hadde håpt, dei solgte ganske billig. Eg trur ikkje ting går heilt den rette veien for familien ditta året... Eg syns synd i dei! Men det ser ut som at dei berre gjere sitt beste ut av situasjonen.

I dag var siste skuledag før Thanksgiving som er i morra. Så då vert det kalkun med ''stuffing'' og mykje godt tilbehør. Og sjølvsagt fotballkamp i helga. Fredag har dei noko dei kalla Black Friday, det er supersalg: starten på julehandelen. Folk er visst heilt sprø når det gjeld den fredagen. Butikkane har kjempegode tilbud, men om du vil ha tak i dei må du stå opp kl 4 om morningen og stille opp i kø utafor butikken. Sjukt spør du meg, eg trur eg heller vil sove! Men skal shoppe då, sjølvsagt, berre litt seinare på dagen :)

...
Thanksgiving, man. Not a good day to be my pants.
~ Kevin James
...

mandag 24. november 2008

Combining og uaktsom nesten-''drap''.

Fredag kjeda vi oss litt, så vi tenkte vi skulle sjå film. Men vi kunne ikkje finne ein bra film inni alle filmane. Golve såg ikkje ut etter at Dave hadde rota gjennom 10000vis av filma. Hehe... Så vi satt å prata i staden for, og Melissa og Isabelle tatoverte føtene til Dave! Haha... Under føtene kan eg ikkje legge ut bilde av, måtte dessverre sensurerast. Det er Melissa vi snakka om her. Hon er ein smule pervers.

Dave sine tatoveringa. Han våkna opp kidt på natta fordi han innbilte seg at føta hass ''brann'' og sprang inn på bade for å vaske det av!

Lørdag sto eg opp TIDLIG altså sånn rundt 9 for å kunne poste pakken med julepresanga heim. Men gjett ka? Når vi kom til postkontoret kvart over 10 (!) var det stengt!! Latterlig... Ope fra kl hal 9 til 10. Dommaste eg har hørt. Så eg må nok vente til mandag då...

I dag var eg med Dave for å fikse Combinen- maskina som vi hausta mais med. Det var i allefall kaldt nok! Holdt på å fryse fingrane av meg, og eg kjende så vidt føtene mine etterpå. Så combina vi litt mais etterpå. Ikkje akkurat det kjekkaste eg veit, men det går no.

Combine (Innhausting maskina).

Tonje og ein mais. (Og ja, dokke kan sjå at det var kaldt!)

Delen vi måtte fikse på Combinen.

Mais.

Jepp. Tonje kan faktisk med å køyre Combine!

Seinare på dagen spurte Dave og Chuck om eg ville vere med dei å hjelpe til med å sette opp nokre gjerde-greier vi treng til i morra når vi skal selge kalvane. Eg hadde ikkje noko anna å gjere på uansett, så eg vart no med. Skulle kanskje sagt nei, sånn som det endte! Eg stod og holdt døra på hengaren open så Chuck kunne gå inn i den med gjerdepostane. Men så fann eg ut at den kunne holde seg opa sjøl, så eg tenkte eg skulle hjelpe til med å bære gjerdeposta inn i hengaren. Dave holdt på å ta posta frå ein hau og slengte dei i en ny hau litt nærmare oss. Eg bøygde meg ned for å ta opp ein av gjerdepostane, som var av JERN, og plutselig får eg ein jækel i haude, og i handa. Dave hadde ikkje sett at eg var der, så han hadde berre slengt ein post bak seg, og den traff sjølvsagt meg. Så no går eg rundt med ein svæær kul i haudet, og ei høgrehand som er dobbelt så stor som venstrehanda. Jepp, her har vi det jammen kjekt! hehe... Neida, eg overlevde no, tåle no vel litt smerte. Og kvar gong Dave kjem inn i romme seie han: UNNSKYYLD!!! haha ! Det er litt morsomt ;)

Ser ikkje så gale ut på bilde, men handa var ganske så hoven. Men har gått ned litt no.

Ellers så har Isabelle vore skikkelig bitchy mot meg dei siste dagane. Ikkje skjønna eg ka eg har gjort mot hon. Men eg berre lar det vere, eg gidde ikkje å bruke krefte på hon om hon ska vere sånn. Hon snakka frekt til meg og svara berre akkurat nok når eg spør hon om noke.

Ahh, ikkje tru at eg er sint eller noko, men enkelte gonga får eg nok av enkelte folk. Sånn er det berre.

...
Treat everyone with politeness, even those who are rude to you - not because they are nice, but because you are.

~Author Unknown
...

fredag 21. november 2008

FCCLA & Basketball

Ja mandag hadde vi vår fyrste basketball trening. HEILT FORFERDELIG! Og det er ikkje noko eg overdrive! Men den treninga har vore den verste hittil. Mest pga: Vi hadde 5 freethrows: altså prøve å score fra frikastlinja. For kvar bom må alle SPURTE suicides på 35 sekund. Og suicides er like fælt som det hørest ut som. Bare sånn at dokke veit det. Og sjølvsagt klarte 3/5 å bomme, så det vart 3 omgangar med det, og eg var så dårlig etterpå at eg var nær til å spy. Og eg var ikkje den einaste, det seier litt om kor hardt det var. Men dei siste treningane har berre ein person bomma, så det har gått greit då. Isabelle likte ikkje basket så ho slutta (men eg har en følelse på at ho ikkje likte suicide-greia, for ho slutta etter 1. trening.) Så no er eg aleine på ein måte. Men veit ikkje om eg skal fortsette, for eg har funne ut at basket er ikkje heilt mi greie. Volleyball passa beire inn i mitt felt av sport. Men eg skal fortsette intil vidare, og sjå korleis det går.

Onsdag var eg og Isabelle med FCCLA (Family, community, ettelleranna, leaders of America) på Star- konkurranse heile skuledagen. Var eigentleg litt kjedelig: sjå på folk presentere prosjekt dei hadde, bl.a om brus og steroider. Men etter det hadde dei noko dei kalla mini-sessions, der vi bl.a fekk kurs i sjølvdisiplin. Det var faktisk ganske interressant. Visste du forresten at om du holde på å bli voldtatt, skal du rope BRANN! i steden for å rope VOLDTEKT!? Det er fordi at folk tenke meir på seg sjølv og ein brann ramma dei og, så då kjem dei for å hjelpe. Eigentleg ganske teit. Og så hadde dei ein session om kor farlig mat kan vere: og folkens, ditta sjokkerte meg! I ein STOR popcorn (sjølvsagt med smør) finst det 1700 kaloria! Det hadde eg aldri trudd.... Popcorn er jo normalt sunt... Må vere smøret!

Miranda & Shelby prata om brus... Dårli bilde då, men kameraet er dåårlig på zoom.

Megan og Paige i aksjon.

Sånn må du gjere om ei person anngrip deg bakfrå.


No er eg nettopp komt frå trening, så er ganske sleta... Hadde ikkje så lyst å skrive nytt innlegg no, for INGEN har kommentert på det forige... Eg gjere det berre fordi eg er snill :p Det er ikkje akkurat det kjekkaste i verda å skrive blogg, spesielt dei innlegga med bilde, for dei tar ei evighet! Så eg syns i allefall eg kan be om tilbakemelding. Ellers føle eg at det ikkje er noko poeng i å skrive i det heile tatt. Då kan eg heller gå å gjere noko anna. Eg er ikkje sur eller noko, men vil berre gjerne, kjempegjerne at folk kommentera :)

Ellers så er det snart helg: eg gler meg :)

...
Basketball is like war in that offensive weapons are developed first, and it always takes a while for the defense to catch up.
~Red Auerbach
...

mandag 17. november 2008

Feite, sta, dumme kyr

Dinna veka har det ikkje skjedd så veldig mykje spennande. Eg er endeleg ferdig med alt som skal sendast heim, så skal snart ta ein tur til postkontoret og få frimerke på :)

Ellers så tok vi fri halve dagen på tirsdag, og halve dagen på torsdag for å hjelpe til å flytte kyr frå eit jorde til eit anna. Tirsdag var det kjempekaldt! Og vinden blåste mykje. Eg er glad eg satt i ein bil og ikkje på ein hest! Men torsdag køyrde eg firhjuling bak flokken for å passe på at ingen stakk av. Men då var det ikkje så kaldt. Men dagen før hadde det regna skikkelig mykje, så veien var enormt gjørmete. Klarte nesten å køyre fast 4-hjulingen! Ikkje bra... hehe... Vi flytta kyr i dag igjen, eller skulle eigentleg, men det gjekk ikkje an å la dei gå på veien for der var for mange maisåkra som ikkje hadde gjerde rundt, så kyra ville berre sprunge ut i der uansett. Så vi måtte hente dei med hestehengar, køyrde 3 turar. Tok nesten heile dagen. For sjølvsagt måtte dekket på hengaren vere flatt når vi skulle bruke den... Men eg likar faktisk å flytte kyr og sånn, for då får eg køyre firhjuling :D Og det er vanvittig artig!


Berre litt av utsikta når vi var på vei heim etter å ha flytta kyra...

Så vi reiste til Lex for å fikse det. Tok ei evighet, og eg skulle ringe heim! Så vi ringte Mary, og ho kom å henta meg. Og på vei heim møtte vi sjølvsagt nokon andre som holdt på å flytte kyr. Så vart liggande bak dei ei evighet. Eg trur seriøst ikkje at det er meininga at eg skal kunne ringe heim, er ALLTID noko i veien... Typisk!

Skulle eigentleg på Madagaskar 2 i helga på kino, men det vart ikkje noko av, pga alt styret med kyrene... Men håpa eg får sett den ein anna dag då...

Ellers så hadde vi testing for basketball mandag og onsdag; styrke, sprint og kor høgt vi kan hoppe (ja det er skikkeli teit!) og fy flate kor mykje gangsperre eg hadde dagane etterpå... ! I morra er det fyrste basketballtrening, blir interressant å sjå korleis det blir. Vi har anna trenar i basket enn vi hadde i volleyball...

No skal eg slappe av.. er vanvittig trøtt, har vore det heile helga.

...
Sometimes the most important thing in a whole day is the rest we take between two deep breaths.
~Etty Hillesum
...

onsdag 12. november 2008

Glade jul, hellige jul...

Eg begynne faktisk å føle at jula nærmar seg med stormskritt no! Er litt annleis enn heime, for eg må kjøpe julepresangane no, så eg får sendt dei heim før jul. Har berre ein att då, av dei som skal få heime i Noreg. Har ikkje kjøpt ein einaste til folk her enda, det ventar eg litt med ;)

Ellers så har eg såtte heile kvelden å skreve julekort til folk og fe heime i det kalde nord. Eller aust blir det kanskje. Har ein flott kort/lang liste på 15-16 stk som fortenar ei lita julehelsing ;) Er ikkje halvveis med kortskrivinga enda, og er allereie litt lei av å gjere det... Hehe... Føler at eg skriv det samme i kvart kort, men likevel ikkje det samme. Merkeleg ditta der.

Ellers så hadde vi fri i dag, veteransday, der dei hedra og æra veteranane som så modig og tøffe kjempa i alle krigane som har vore i verda. Eg personleg synast at USA er litt for patriotiske når det kjem til sitt eige land. Dei er liksom number ONE i verda, og alle andre er ''under'' dei. I går på skulen hadde vi eit opplegg vedrørande veterans day, og vi var samla i gymsalen; med korps og kor og veteranar på besøk. Sjølvsagt var det sang: nasjonalsangen der ein må stå med ansiktet mot flagget (som heng på veggen i kvar ein gymsal på kvar ein skule i kvar ein stat i USA) med høgre handa på hjertet og venstre handa på ryggen. Eg føler meg ikkje heilt komfortabel med akkurat den ''seremonien''. Eg står sjølvsagt, hadde sikkert blitt slått ned om eg ikkje hadde gjort det, men eg lar henda henge rett ned. Eg er nok ikkje amerikanar, så det følest ikkje rett for meg, sånn er det berre. (Grunnen til at eg meinar amerikanarar er for patriotiske er fordi dei gjere det samme før kvar einaste volleyball/fotball/basketball kamp.)
- Og så hadde dei eit slideshow der dei fortalde om dei ulike krigane og om kor ''heroiske'' USA var, når dei ''redda alle saman''. Som om ingen andre hjalp til liksom... Sorry for at eg kanskje verkar litt negativ, men eg synest USA tenkjer litt for høgt om seg sjølv enkelte gongar, og glømmer at det faktisk finst andre folk på jorda.


Ellers så klipte eg meg i dag, på walmart (ikkje noko særleg bra frisør, men heilt ok når eg berre stussa) for ca 90.-. Så kjøpte eg nye shortsa til basketballsesongen: trur aldri eg har kjøpt så mykje treningskle før... Korte shorts til volleyball og no lange shorts til basketball. Er ikkje den største utgifta då, berre rundt 40-60,- pr shorts.

No skal eg berre slappe av, og hoppe til køys om ikkje så altfor lenge.

...
It is easy to take liberty for granted, when you have never had it taken from you.
~Dick Cheney
...

lørdag 8. november 2008

Mø!

Ei stund sida siste oppdatering no ja, men har ikkje skjedd så veldig mykje interessant uansett.

Fredag tok vi fri fra skulen fram til lunch for å hjelpe til med å flytte nokre kyr frå eit jorde til eitt anna. Vi var 7 personar og 100 kyr. Ganske så interessant, eller kanskje ikkje. Men har no opplevd det og. Mary køyrde foran for å passe på at ingen kom i motsatt køyreretning, 3 mannfolk på hestar tok for seg arbeidet med å unngå at kyra sprang ut i kornåkrane ved sida av veien, og eg, Isabelle og Dave i ein pickup bak for å passe på at ei trailer eller bil ikkje kræsja inn i alle dei søte små (eller kanskje nokon er store og feite og) Kyra. Og til informasjon, det var knall kaldt! Glad eg ikkje var ein av dei tre på hest. -5 grader eller noko + sterk vind!

Random bilde av ei kyr.

Så ankom vi skulen etter lunch, sånn ca kl ett, for å ha to timar skule. I engelsk skreiv eg ønskeliste til jul og liste over folk som skal få julekort, og i Adult Living såg vi film. For en travel dag må eg sei! Etter skulen hadde vi basketball møte på trenaren sitt klasserom. Vi fekk beskjed om at vi må ha god kondis... Shit. der rauk den sesongen! Neida, eg trur no eg skal klare meg sånn passe greitt. Mandag er det testing av styrke, og onsdag litt andre testa, som eg ikkje heilt veit kva er enda. Så skal vi ein tur på bowling med laget før sesongen startar den 17. November.

På kvelden spelte vi Rockband, som er litt likt guitarhero, men du kan spille bass, trommer og synge i tillegg til å spille gitar. Det var artig!


I dag har vi ikkje gjort så mykje, køyrde til Franklin for å kjøpe eit traktorhjul, og til Kearney for å stikke innom biblioteket for å låne nokre bøker eg har lyst å lese, men ALLE eg ville ha (Digital Fortess, Twilight) va utlånt... så eg er på venteliste... Kjedeleg!


Dinna veka fekk eg informasjon om discovery turane som EF arrangera. Eg skal til California i Mars ein gong, og heile gildet kostar skjorta! 10tusen for ei veke... Men kva er vel 10tusen når ein får oppleve Hollywood og Disneyland og strendene i California? Hehe... Så får eg møtt Natalia frå Camp! Eg gler med allereie!



No berre slappar eg av inne i huset, er for kaldt til å gå ut, sikkert rundt null grader tenker eg... Ikkje såå kaldt då, men er meir behagelig å vere inne å sjå Home and away på Youtube :)

...
The World is a book, and those who do not travel read only a page.
~St. Augustine
...

onsdag 5. november 2008

Presidentvalget og slutten på volleyballsesongen.


Eg reknar med at dei fleste har fått med seg at Barack Obama vann presidentvalget! Kunne ikkje gått beire ;)

For å seie det sånn, dei neste dagane kjem det til å vere ein del misnøye rundt om her, fordi dei fleste gjekk for McCain. Ikkje at eg heilt forstår strategien deira, men dei kan no få velge kva dei vil for meg, så lenge mitt valg er det som blir gjort ;)

Eg har ikkje tenkt å skrive meir om politikken her, det interressera meg mindre enn fotball gjere... Hehe... Men det er ein del av kvardagen for tida, så er ikkje til å unngå uansett.

The world will change- that's for sure... :)
(Og ein liten intern humor frå ungdomsskulen: Dusj Bush!!)

I dag spelte volleyballaget sin siste kamp: eller dei kunne gått vidare til stat, viss dei hadde vunne. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt: dei spelte vanvittig bra dei 2 fyrste setta og vann dei, men sidan dei spelte i sub-districs skulle dei spele 5 sett. Og dei 3 siste setta gjekk alt på tryne, nesten, så dei tapte... Det var eit tungt nederlag for dei trur eg. Alle grein og var skikkelig lei seg. Men eg forstår det då, for nokon av dei var det den ALLER siste kampen, kanskje for alltid.(viss dei ikkje skal spele på college då) Så no blir det ei og ei halv veke uten trening før basketballsesongen byrjar 17. november ;)

Ellers er det ikkje noko særleg nytt.... Kan legge ut eit av klassebilda vi tok for ei stund sida: av alle jentene :)


...
Politicians are like diapers. They both need changing regularly and for the same reason.
~Author Unknown

...