søndag 23. august 2009

Ny Blogg

Ditta er og forblir ein USA blogg, så den får ligge sånn som den er.

No har eg ny blogg: www.tonje-larsen.ipublish.no

søndag 21. juni 2009

Oppsummering

Eg trur ikkje eg kjem til å fortsette med blogging. Har liksom aldri tida, og føle at eg har lite å formidle som er sånn passe interressant. Så no blir det ei oppsummering på mitt utvekslingsår, så trur eg at eg legg bloggen til side.

Okei. Eg veit ikkje heilt kor eg skal begynne!

Kan vel starte med å sei at mitt utvekslingsår vart ikkje heilt etter forventningane, men det treng ikkje å bety noko negativt. Men Det er nok alltid sånn at alle folk går ikkje ilag som erteris alltid, og enkelte folk passar ikkje inn enkelte plassar. Eg har jo hatt ein del problem med enkelte folk i vertsfamilien, f.eks Isabelle, som eg overhodet ikkje gjekk overeins med. Og når ein i tillegg må dele rom med ein person ein verkeleg ikkje kan fordra, då blir det litt hardt. Og eg hadde og ei vertsmor som eg berre ikkje orka å prøve å få beire kontakt med, i tillegg gjorde ho ein del ting eg ikkje synst noko om... Så for min del hadde eg best kontakt med Dave, Chuck og Melissa, som var heilt perfekte til min personlighet og humor.

Då eg kom til USA, var det litt rart og litt vanskelig å komme inn i kulturen. Dei brukar f.eks å ete ute på fastfoodrestaurantar heeeile tida. Eg vart så drittlei mækkern og burgerking osv at no får eg frysningar berre eg køyrer forbi ein! Det er berre ikkje vanleg å lage middag heile tida liksom. Men ein blir vand med det, så det var berre i begynnelsen at det vart litt for mykje...

Når det kjem til skulen, føle eg at eg hadde eit friår. Lett som fett kan eg vel eigentleg sei! Study guides, fleirvalgsprøver og kjekke lærarar. Og klassene var ganske små så det vart ikkje for mykje bråk osv pga overfullt klasserom. Deilig :D Og det at dei har sport tilknytta til skulen er supersmart! Mykje enklare å bli kjend med folk du går på skule ilag med, og ellers vere sosial. Volleyball var heilt ok, men eigentleg ikkje noko for meg. Det er kjekt i gym, men som ''kvar dag'' sport blir det litt for mykje. Basketball var noko eg verkeleg likte! Sjølv om eg saug så inni hampen, kosa eg meg og hadde det veldig kjekt ilag med dei andre jentene på laget. Så er det noko eg ikkje angrar på i løpet av året, så er det å delta i sport!

Daglegliv i USA er veldig annleis frå Norge. For det fyrste så budde eg på ein gård, laangt ut i hutiheiti. Så det gjekk jo ikkje an å gå nokon plass, nei ein måtte køyre heile tida. Og det er myyykje køyring i USA! Trur aldri eg har såtte så mykje i bil før... Hehe.. Og sidan eg budde på gård vart det no til at eg hjalp til ein del med alt mulig. Ganske greit i grunnen, då hadde eg noko å gjere på so og seie heile tida. Men det skal jo seiast at eg vart ikkje ''tvinga'' til å jobbe, det var heilt frivillig. Det kom liksom naturleg, at sidan familien tok meg inn, så kunne no eg hjelpe til på gården som takk for gjestfriheita då.

Ellers så fekk eg oppleve ganske mykje i løpet av året. Vi har no dei vanlege heilagdagane som halloween, thanksgiving og jul. Veldig forskjellig frå Norge, men ganske koselig :) Eg fekk vere med på baseballkamp, rundtur i Boston (Då eg var på camp), amerikansk fotballkamp med 80tusen tilskodarar, tur til Mt Rushmore, og California i vår ilag med EF-utv.studentar!

Når det kjem til heimlengsel, så hadde eg veldig lite av det. Eg hadde trudd det kom til å bli mykje verre. Eg trur at grunnen til at eg slapp unna den verste heimlengselen var at eg alltid hadde noko å gjere på. Hadde liksom ikkje tid til å tenke på alt eg savna heime; og det eg savna havna veldig ofte i postkassa med stempel frå Norge. Eg fekk. f.eks så mykje snop, smågodt og sjokolade til jul at eg hadde heilt fram til eg reiste heim! Generøse Normenn på sitt beste :)

Eg trur eg fekk oppsummert det meste her. Er det noko anna dokke lurer på er der berre å spørje, så får eg sjå om eg får tida å svare innimellom. Reiser til Rhodos på tirsdag og blir vekke i 2 veke! Det skal bli så deilig! Treng litt varme no. Eg synst det er ufatteleg kaldt her i Norge. Var det verkeleg så kaldt i fjor?

torsdag 11. juni 2009

Heim til Norge

No er eg altså komt heim til Norge! Kom i natt kl 5. Olav henta meg på flyplassen, og eg fekk blomster og greier :) Så kos :D Vi kjørte heimover, stoppa på Hamar og kjøpte pizza, var heilt dausvolta; hadde ikkje ete på sikkert 12 tima...

Sto opp i dag i halv 1 tida og åt heimelaga brød! Heilt kanon! I usa har dei ikkje peiling på brød... Heilt seriøst. Så kom Karoline ein tur, og så kom Mamma og Daniel heim. Delte ut litt usa-presanga og viste dei alt styret eg har kjøpt i USA :p Så tok eg og Karoline oss ein tur til Måløy der eg møtte Marte på Brio :) Koselig! Er så kjekt å møte igjen folk eg ikkje har sett på ei heil evighet! Trur eg og ho skal ha oss ein tur på kaffibaren i morra :)

Når eg kom heim var pappa komt heim. Så han fekk cowboyhatten sin. Som er ein slags wonderbaum! Hehe... Ein vanleg hatt vart for stor å ta med heim...

Seinare kom mormor og morfar opp for å ete. Så hadde mormor med jordbærkake! Nyyydelig :D

No skal eg straks sove litt, er så vanvittig sleta... I morra skal eg til Måløy ein tur, og så skal Olav, Karoline og Frank komme en tur om kvelden :)

tirsdag 9. juni 2009

Siste fulle dag i USA

Dagen i dag vart tilbragt i pysjamas, foran tv-en med film og brownies ilag med Melissa og Tearanie. Koselig :)

Har vore litt trøtt i dag, for satt oppe til 4 i natt å prata med Chuck og Melissa. Good times ;) Og så vart eg vekt kl 8 med spm om eg ville ha pannekake. Ja her har du USA!

Så har det sjølvsagt gått i litt pakking og styr. Og Eg handla dei siste presangane i dag og. Pappa kjem iallefall til å få seg en god latter :D

Det var i grunnen min siste dag i USA. I morra reiser eg frå Nebraska kl 5 om ettermiddagen ca, men må vere på flyplassen 2 timar før. Og eg SKAL på taco bell ein siste gong å ete chicken quesedilla! Det er hærlige saker det :D

Vegde forresten koffertane mine igjen no, den eine var 49,4 pund og den andre va 49,2. Dei kan vere maks 50. Er bra gjort då! At det var så nært liksom... Satsa på at vekta her er nokelunde riktig... Men handbagasjen blir litt tung då! For putta alt som eg tok ut av koffertane når dei vegde for mykje ned i der :p Bagen vege ca 10kg + dataen som eg trur er 5kg.
For et stress å pakke! Er heilt sleta no eg...

lørdag 6. juni 2009

Tjohei


I dag har eg ikkje gjort så veldig mykje. Vart vekt halv 10 av Dave som lurte på om eg ville vere med til Overton for å sjå ei parade. Så hoppa i kleda og kjørte til Overton. Meir kjedelig parade har eg no aldri sett! Men det var vel ein opplevelse. Dei hadde nokre søte små bilar som nokre bestefara dreiv å kjørte rundt i, men utenom det var det ein skuff! Trur Måløydag-paradene heime er myyykje beire ja :D

Og svar til Tante Lena:
Eg er nok heime helga rundt den 20. juni ja :) Kjem jo heim no på torsdag, og reiser ikkje til Hellas før den 24. juni (Eller 23. til Oslo då...) Og så snakka eg med Olav i går om å ta oss ein tur opp til dokke etter vi kjem frå Hellas. Vi har ikkje bil då, men kan jo ta bussen opp der, sånn som eg og mormor gjorde ein gong. Om dokke er heime då? Trur det blir rundt den 7. juli eller noko sånt. Liten omvei, men er einaste gongen eg har tida trur eg. Skal ikkje vere med mamma og dei, for har lova ei venninde at vi skal på Malakoff som er i slutten av Juli.

...

torsdag 4. juni 2009

Bil.Lappen.Sertifikat.Førerkort.Whatever.

I dag fekk eg endelig lappen! Så no er alt klart for å reise heim til Norge. Sånn nesten iallefall.

Har enda å pakke heilt ferdig, og å avslutte bankkontoen og føre resten av pengane tilbake til Norge.

Og så må eg finne ut kva eg skal kjøpe til mamma og pappa som usa-presang. Pappa vil ha cowboyhatt, men trur at einaste måten å få den med heim er å bruke den på flyet. Og det veit eg ikkje om eg er heilt keen på. Men vi får sjå :)

No er det 6 dagar til eg reiser i frå Nebraska, 7 til eg landar i Norge og 8 til eg er heime på Raudeberg ! Det skal bli deilig :)

Sånn ser min del av rommet ut akkurat no. For dei som er spesielt interesserte!


Og forresten. Akkurat No kom visst foreldra til Isabelle inn døra. Jaha. Syns hon sa dei skulle komme fredags morning eg, og ikkje no! Snakk om feilberekning! Jaja, synd for dei iallefall, for her ser det ut som ei bombe nettopp eksploderte! Hehe.

søndag 31. mai 2009

The beauty is on the inside?

Sånn ser det ut på innsida av scrapbooken. Iallfall litt av det :)