søndag 31. mai 2009

The beauty is on the inside?

Sånn ser det ut på innsida av scrapbooken. Iallfall litt av det :)



ENDELEG.


Ditta hadde dokke kanskje aldri trudd kom til å skje. Men no har det altså skjedd.

Endeleg er eg ferdig med scrapbooken min! Og guuud kor deilig!


onsdag 27. mai 2009

Shoppaholic

I dag skulle eg igrunn ha oppkjøring. Men den gang ei. Då eg kom dit fekk eg beskjed om at for 3 mnd sida fekk dei nye regla at utv.studenta må ha med div papir før dei kan få lappen. Jada, det visste no ikkje eg vel. Så må tilbake ein anna dag, MED dissa pokkers papira då. Joda, ditta prosjektet om å skaffe seg lappen her vart litt vanskeligare å få til enn eg hadde tenkt...

Så når eg likevel var i byn, så vart det no litt shopping i staden for. Kjøpte ein kjole som var på salg, 140kr, et dongeriskjørt 100kr, ei strikkajakke eller ka det heite 35kr og ei veske til 140kr. Må nok til walmart ein dag å hamstre litt sminke og undertøy før eg kjem heim, men utenom det så er det shoppestopp. Må jo få plass til heile hærligheta liksom! Skal begynne å pakke på torsdag har eg funne ut, så eg får vete om eg har plass til alt eller om eg må sende noko styr. Vi håpa på at vi har plass, eller ka? :D

Dagens innkjøp.

søndag 24. mai 2009

Ein kveld med Sør-Korea, Tyskland, Venezuela, USA & Norge

I går hadde vi grillparty og bowling ilag med dei andre utv.studentane i området her :)

Vi grilla i ein park i Kearney, men endte opp med å rømme pga regn. Ja for det skjer jo sånn ca 2 gongar i året her (okei eg overdrive nok litt...) så det var lite kjekt. Men, men!

Så då stakk vi for å bowle i staden for :) Bowling er alltid like kjekt! Eg kom på andre plass, med 5 poeng mindre enn Torben som vann. Men han hadde bare flaks, eller ka? :D Ki-Hyun var ikkje like heldig, og endte opp med heile 20 poeng eller noko. Må jo ha nokon som setter standard og vel? Hehe :)

Vi hadde det kjempekjekt, og det er litt synd at det er siste gong vi sikkert ser kvarandre. Torben reiser heim om 3 dagar, Ki reiser 31. mai og Diego veit eg ikkje heilt. Men vi skal møte han igjen sikkert, for han skal ha avskjedsfest eller noko når foreldra hass kjem 5. juni.

Tonje & guttaboys.
Heile gjengen; Ki, Tonje, Diego & Torben.

Torben, Dave & Ki.

Mangla ikkje godt humør her nei! Tonje & Torben.

Ki & Tonje.
Ki & Tonje, igjen.


tirsdag 19. mai 2009

Sol og varme!


Dei siste dagane har det vore ganske hett her. Trur vi har rundt 32 grader eller noko, som eigentleg er liitt i varmaste laget. Men vi klaga ikkje! :D

Ellers så er det veldig lite nytt. Feriedagar er slappe-av-tid. Må vel byrje å tenke på å sende heim litt ting no, iallefall alle skulepapira mine. Og så har eg rydda litt i skap og skuffe og kasta unødvendige ting, så no har eg berre å gå gjennom ka klede eg skal kaste eller legge igjen.

No er det 3 veker til eg skal heim! Tida går så raskt! Det følest nesten ut som eg kom hit i går. Men bare nesten ;)

Og forresten (Karoline) her er bilde av kjolane eg kjøpte i Omaha. Den til høgre er lilla, sjølv om den ser litt blå ut på bilde.



Og så nokre bilder frå siste skuledag:

Tonje & Sarah.

Kayla, Merlin, Tonje, Nicky & Isabelle.
Brua mi.
Andrew, Tyler, Kaytlin, Megan, Allison, Meg, Taylor, Jazzmyn & Isabelle.
Tonje, Kayla & Nicki. + Ein stk dau katt til disposisjon.

søndag 17. mai 2009

Typisk Norsk, eller?

Alexander Rybakk drar Norge til seier i Melodi Grand prix med ny poengrekord i tillegg!

Moods of Norway åpna i helga butikk i Beverly Hills i California, med bestemødre som steikte vafler, traktorar, utedo-prøverom og gudane vete kva meir. STILIG! Eit lite stykke Stryn i USA.

Og i tillegg så er det 17. Mai. Woho!

Go Norway!

fredag 15. mai 2009

Henry Doorly Zoo, Omaha

I går tok Melissa oss med til Omaha, for å bu med Nick, forloveden honna, for vi skulle i dyrehagen i dag. Då vi kom fram, droppa dei oss av på eit kjøpesenter for å shoppe. I fjor var der ein fyr som kom inn der og skøyt monge folk! Litt sånn creepy då...! Eg kjøpte 2 sommarkjola; ein raud og ein lilla, ein svart dongerishorts og eit svart belte. Digga forever 21!!! Syns eg kan ta den butikken med heim :D Masse kule klede, kosta nesten ikkje noke ting. Kjøpte begge kjolane der, og den lilla var 70,- og den raude var 150,- .

Så såg eg sesong avslutninga på Lost! Triiist, eg kjem til å savne det =/ Neste (og siste!!) sesong kjem ikkje før i 2010! Hjelp...

I dag tok vi turen til dyrehagen. Fint veir, men litt kaldt. Men det varma opp ut på dagen. Sida eg har vore i Kristiansand Dyrepark eit par gongar, kan eg ikkje anna enn å sammenligne. Norge er nok best på dyrepark! Men det var kjekt :) Masse kule dyr og greier, men har sett det meste fra før av då. Savna liksom Julius :p Akvariumet var stilig då, ein tunell under vatn, og haia som svømte rett over hauda våra! Skuummelt! Hehe...















____________________________________________________
Ellers så lovde eg fleire bilde frå graduation, og her er dei eg har fått tak i:

Klassa.
Jentene.
Igjen.
Tonje, Taylor, Isabelle.

søndag 10. mai 2009

Graduation

I dag hadde vi då altså graduation! Det begynte med at vi troppa opp på skulen halv 1 for å ta bilder og litt sånt styr. Seremonien begynte halv 2. Heile greia var vel egentlig likt honors night, at dei sa navna våra, og vi gjekk opp på scena og tok i mot diplomaen. Så hadde dei eit slideshow med bilder av oss alle i klassa, ein og ein, men babybilder osv.


Etterpå var det gratulasjonar i den gamle gymsalen. Vi sto alle i ei linje, og folk gratulerte en etter en. Eg trur aldri eg har fått klem med så mange folk før, på ein dag! Som eg i tillegg ikkje har LITT peiling på ken er eingong! Så hadde kvar senior eit bord der folk putta presanga og sånn, og jaggu hadde folk putta ting på mitt bord og ;) Ikkje verst altså ;) Fikk mykje body-lotion og såpe, og penge ($75 som er ca 500.-) og litt sånn forskjellig.

Så hadde vi reception etterpå, her i huset. Vi rydda og vaska i HEILE går, eg og Melissa. Så det var for ein gong skyld ikkje rotete her ;) Vi hadde ost og kjeks, grønsake og dip, og kylling+kalkun smørbrød. Og Snickerskake, og seff den vanlige amerikanske kaka som aaalltid smaka det samme, som aaalltid er den kaka folk har når dei har ei tilstelning. Blir dei aldri lei??




Var ei god del folk her, telte ikkje alle, men det var mange ;) Den stiligaste ankomsten var vertsfamilien til Torben (fra tyskland), for dei kom i limosin! Ein limosin som han vertsfaren har laga sjøl, av å sette ihop fleire bila. Knall stilig!!


Alt i alt vart det ein kjekk og innholdsrik dag! Har ikkje bilde fra seremonien no, for dei brukte Isabelle sitt kamera, og det befinne seg no i bilen til Mary, som er på jobb. Og gruppebilde venta eg på at andre folk skal legge på facebook så eg kan ta derfra ;)

fredag 8. mai 2009

Tonje kan ikkje å bake!

Jaja, no prøvde eg meg på å lage snickerskake til graduation som er i morra. Jadda. Såg no grett ut det.

MEN EG GLØMTE SMØR I SJOKOLADEN! Den vart skikkeli tjukk... men tenkte ikkje noko over det! Så såg eg tilfeldigvis over oppskrifta ETTER at sjokoladen var allereie komt på kaka.... Herregud, sånn går det ! Håpa det smaka vetig uten då... x)

onsdag 6. mai 2009

Honor Night / Awards night

I kveld var det utdeling av diverse ''prisar'' i gymsalen på skulen. Altså kalla Honor night eller awards night. Her i USA er die veldig flinke til å vise at dei sette pris på godt arbeid når det kjem til skule. Det var mange som fekk awards for ulike ting som kunst, bra karaktera (95% eller over i ei klasse over begge semestera), for andre ting dei har vunne osv.

Eg fekk 3 awards;
- For best bru i fysikk
- For 95% eller over karaktersnitt i både Avansert Matte og i Modern Problems.





Og no folkens. Eg har hatt min siste dag på amerikansk high school. Altså, som dokke kanskje forsto allereie; eg har SOMMARFERIE! Hello sol, is og bading !

Yes! og eg er forresten heime om 35 daga. So det.