søndag 28. september 2008

~Scrapbook heaven ~

Dinna veka har det ikkje skjedd så veldig mykje anna enn det vanlege... Berre skule, trening og soving... Hehe...

Vi fekk karakterar i posten dinna veka, for å vite kordan vi ligg an:
Matte: A (6)
Fysikk: B (5/6)
Engelsk: A (6)
Biologi: A (6)
Amerikansk Historie: A (6)
Computer media: A (6)
Adult Living: A (6)

Så fann eg og Isabelle ut at dei har ein butikk i Kearney for baaaare scrapbooking! OI!! HIMMELEN!!!

Kjøpte ein del ting til scrapbooken min i dag, så det gjekk litt penge... Men, men... Den skal no vere eit minne, så den kan no få koste litt :)

Diverse dilldall: stempel-bokstavar + klistremerker, halloween/reise-merker, mønster-mal og 3d-puter. 100,- (Billig med tanke på stempel-bokstavane!)

Nebraska - bakgrunn


Halloween-bakgrunn


Sjå kva eg fann! Litt artig: skulen sin logo! Sånt hadde eg aldri funne heime!


Ser ut som eit skriveark, men er ein bakgrunn!! Tenkte eg skulle bruke den som bakgrunn til bilder frå skulen :)


Ellers så fann eg ut at kvar gong eg skriv eit blogginnlegg, skal eg ha eit ordtak, eller som det heiter på engelsk: a quote, i byrjinga av kvart innlegg.

I ditta innlegget blir det på slutten då... :

Some people come into our lives and quickly go.
Some stay for a while, leave footprints on our hearts,
and we are never, ever the same.
~Flavia Weedn, Forever,

mandag 22. september 2008

Baby shower, bryllupsdagsfest og homecoming-kjole

Torsdag etter volleyballkampen kom ei jente inn i garderoba med 2 kjolar og sa at dei som vil kan bruke dei på homecoming. (Som er eit ball dei har etter den siste fotballkampen). Eg prøvde ein av kjolane, og den passa meg, så eg tok den ;) Låna den berre då, men kunne godt tenkt meg den faktisk :)



Lørdag reiste vi til LeX for å hjelpe mora til Dave med å pakke ut varer til eit garasjesalg. Ho hadde vanvittig mykje! Alt frå julepynt, halloween utsyr, leikar og verktøy, til skulesaker, dukar, sysaker og påskepynt. Ho tjente visst $2000 dollar på det! dvs rundt 12tusen norske med den kursen vi har no.

Så hjalp eg og Isabelle Mary med å lage mint til å ha med til bryllupsdagfesten på søndagen. Dei var kjempeskjønne :)

Så var vi på USA steak buffet for å ete igjen, og der hadde dei krabbe! Det var godt :) Eg savnar eigentleg ''fisk'', som reke, og fiskekaker osv...

I dag var vi på ein bryllupsdagfest/babyshower i Kearney i ein park, som var ganske fin ;) Dei hadde myyykje god mat; pastasalat av alle variantar, chips, og mykje eg aldri har sett før. Og sjølvsagt ein god del kake! Og kakene her er GOOOOOODE!! Off, eg kjem til å bli feit! Neida, ikkje såååå feit, berre litt... Og babyen til Mary si niese er så skjønn! Eg savna babya!! hehe ...


Dave har virkelig lyst på den kyllingen!





Ellers er det ikkje så mykje meir å skrive.. Prata med mamma i helga, men var ikkje så mykje nytt å høyre der. Skal ringe mormor neste helg, og kanskje Olav viss eg får prata med han på msn før det.

I morra er det skuledag att. Har prøve i engelsk, litteratur. Men er ikkje som heime: er berre om ei historie vi har lest. Så har eg matteprøve på tirsdag, den trur eg blir vanskelig, fordi stoffet vi har no er ganske hardt.. Men eg håpar det går bra.
Fysikkprøva på fredag fekk eg 97% på, det er eg fornøgd med!

Over og ut, eg føle ikkje for å skrive meir no... Så det så... !

torsdag 18. september 2008

litt om alt og ingenting >



  • No har den amerikanske økonomien gått på en smell.... lurer på om dollaren har tenkt å gå ned igjen litt... syns den er begynt å bli ganske høg no...!
  • Kina kjem til å ta over USA, for USA skyldar dei 40billiard eller noko sånt, og Kina fann nettopp ut at dei vil ha pengane sine.. Jepp !
  • Tonje har 3 prøver på fredag, + at det er kampkveld i dag, så ho er ganske irritert no...
  • Men ho er likevel glad, for ho har A (6) i matte! Og vi snakka om avansert matte her folkens...
  • Amerikanarar er rare: dei likar ikkje ost og kjeks!
  • Alle ser rart på Tonje i lunchpausa, for ho er den einaste på heile skulen som drikke vatn... Ja hon må vere skikkelig rar, kor outsider går det an å bli?
  • Isabelle og Tonje klarte med glans å kle seg nesten prikk likt i dag, uten at nokon av dei visste det før dei møtte kvarandre på kjøkkenet... Svart bukse, grønn t-skjorte og kvit bommulsjakke... Jepp, ikkje planlagt... Er det mulig?!
  • Tonje fann nettopp ut at det er æ, ø og å på ditta amerikanske apple mac-tastaturet! Må berre trykke ''alt'' og a, o eller en anna knapp for å få dei bokstavane! Smarte datafreaken Tonje :D
  • For 3 dagar sidan hadde vi frost om natta... Det betyr at store delar av maisen og bønnene våra vart ødelagde... Som igjen betyr: mindre penge...
  • Men likevel har Dave tenkt å kjøpe ny bil i dag!! (skal bytte den med ein gammal dei har, og betale mellomlegg)
  • Og så har han planer om å kjøpe nytt hus! Ikkje meg imot!
  • Ellers så får Tonje meir pengar i dag på kontoen! Har enda rundt 3-400 kr igjen, så eg har klart å holde budsjettet så langt...
  • Tonje solgte ein 5kr og eit kronestykke til Dave for ein dollar, fordi han ville ha den for å vise den til Ernie, som er blind. Pga hola midt i pengane liksom! Hehe... Han varnn var superfacinert av heile greia!
  • Då Tonje snakka med folk heime i helga, sa mamma at Daniel hadde vore inn på bloggen min, og lest ALT som står der! Eg må sei eg er imponert, Daniel! Fortsett sånn :)
  • Ellers var det berre det eg hadde på hjertet no, over og ut …

mandag 15. september 2008

Nebraska Corn Huskers vs New Mexico


Tonje & Isabelle - harbarka Husker-fans!

Lørdag var vi på amerikansk fotballkamp; Nebraska vs. New Mexico. Det var ein opplevelse! 80 tusen tilskuarar, alle kledd i raud, kvit og svart. Heilt vanvittig!


Eg har enda ikkje klart å skjønne reglane i am. fotball, så eg skjønte ikkje så veldig mykje av det som skjedde på bana, men eg merka i allefall at Nebraska har gode supporterar! Alle ropte og heia heile tida; ikkje akkurat rart sidan Nebraska vann 38-7 !



Då Nebraska scorte sin fyrste touch-down slapp alle raude ballongar opp i lufta! Det var ganske stilig!

Alle ballongane; og alle folka! Fy flate så mykje folk der var!

Nebraska sitt fotballag er eit college-lag, så dei hadde eige band og eigne cheerleadera. Bandet var vanvittig stilig å sjå på. Dei masjerte rundt på bana i pausa, og forma ''HUSKERS'' på bana. Huskers er navnet på Nebraska sitt fotballag. Fekk ikkje bilde av det då, sidan vi satt på sida... Men såg det på storskjermen :)

Bandet som forma ''HUSKERS'' midt på bana.


Mange av supporterane hadde kjempestygge hattar! Som f.eks. Chuck og Brogan! Kem i alle dage vil gå rundt å vise seg med ein maiskolbe på haude? Han gjekk faktisk rundt på kjøpesenteret med den heile dagen før kampen begynte...



Eg hadde det kjempekjekt, sjølv om eg ikkje forstod så mykje. Det var ein vanvittig opplevelse, og eg anbefalar andre å gjere det :)

Ellers så fekk eg kjøpt meg sko!! Endelig! Men Dave synst dei va vanvittig dyre då... men 250,- er no vel ikkje så dyrt?! Er nok det her då, men ikkje for meg... I allefall ikkje for DC sko, som er merkesko... Så han begynte nesten å krangle med meg og Isabelle, som kjøpte nike-sko, inne i butikken, for han synst vi va steikje sprø som ville bruke så mykje penge på sko... HAHA!!!


No er klokka 12, så er nok på tide å hoppe til køys... skule igjen i morra... Gler meg til neste helg! (ikkje misforstå, eg lika faktisk skulen her, men det er uansett kjekkare med helg!)

fredag 12. september 2008

Cupcakes & Husker Harvest Days


Søndag laga eg og Isabelle cupcakes, eller muffins med glasur. Gjett om det var godt! Men gjett om det var usunt! Dokke vil ikkje vite kor mykje sukker og smør som var i dei... !



Tirsdag hadde vi volleyball-kamp, eller ''varsity'' laget hadde kamp. Eg og Isabelle filma igjen; vi er blitt ganske proffe på det området no! hehe...




Onsdag tok vi fri fra skulen for å reise til Grand Island å sjekke ut Husker Harvest Days; verdens største farmshow! Stort var det, det skal dei ha! Men ikkje heilt mitt område då... Masse traktorar, pivits, calmines (som dei haustar maisen med) osv.

Sjølvsagt har dei cowboyhattar der og; eg finn dei overalt!

Tok bilder av nokre traktorar, berre for Onkel Kjetil si skyld ;)

Den der va jo eigentleg litt stilig !

Den var enda stiligare :)

Vi satt og i EF sin ''booth'', og reklamerte, og prøvde å få folk til å skrive seg opp som vertsfamilia. Vi satt der i over 2 timar, så eg vart litt kjedsom etterkvart, så eg måtte no finne på noko artig. Så eg fann nokre klistremerke og klistra i ansiktet mitt, så folk hadde noko å le av :) Hehe, eg trur eg gjorde Isabelle litt flau!

Eg kjeda meg littegran ja :)

Som dokke sikkert ser; eg har lagt på meg littegran sida sist...


Dave dela gladelig ut reklame for EF... hehe...

Etterpå gjekk vi rundt og såg på alt. I dei forskjellige ''boothane'' hadde dei allti noke snop; drops, sjokolade eller popcorn, så vi var ganske så mette då vi gjekk derifra! Popcornet var det beste eg har smakt! (Og ja folkens, eg har begynt å ete popcorn!!)


I Helga blir det hektisk; fotballkamp på lørdag og EF møte på søndag. Men eg skal prøve å skrive litt uansett, vi får sjå etter fotballkampen; må no ta nokre bilder der :)

Ellers er det over og ut; ikkje noko meir interressant å fortelle....

søndag 7. september 2008

The Big Apple og shopping.

I dag var vi på sportsbaren på the Big Apple igjen for å sjå fotballkamp. Vi spelte litt biljard og airhockey og.

Storskjermen.


Eg og isabelle vart litt lei av å sjå fotball, så Dave køyrde oss til kjøpesenteret så vi kunne shoppe !
Eg kjøpte ei jakke, 2 t-skjorte og ei bukse, + presang til Olav og Daniel. Skulle kjøpe til Karoline og, men dei hadde ikkje inne det eg ville ha i dag, så eg må tilbake å kjøpe det ein annan dag. Men, men...


Jakke for 75,-, t-skjorte for 100,- og bukse for 250,-

Tskjorte 25,-

lørdag 6. september 2008

Første volleyball- & Am. fotball game!

Torsdag hadde vi vår fyrste volleyballkamp, mot Loomis og eit anna lag eg ikkje hugsar navnet på. Vi vann (eller dei andre; eg spelte ikkje; eg filma! hehe...) ein kamp, og tapte den andre. Men vi var fornøgde :) Kom ikkje heim før 11 då... LITT i seinaste laget for meg... Har 2 kampar neste veke og.

Coach har avlyst alle JV kampane (altså C-laget, dei som ikkje er så veldig gode; inkl meg!) Så det betyr at om eg skal spele, blir det på varsity laget, altså hovudlaget; og det veit eg ikkje om eg vil. Dei er alt for gode i forhold til meg! Og dessuten trur eg ikkje eg får spele noko mykje der uansett... Vi får sjå korleis det går :) Har ingen bilder fra kampen, var for opptatt med å filme; og hadde glømt att kameraet heime...

Forige veke tok vi button-pictures; som er ''knappar'' som foreldra kjøper og tar på seg når dei kjem for å sjå kampar; så alle andre veit kven dei er der for å støtte(sønn, datter osv).



I dag hadde Chuck; og fotballaget sin fyrste heimekamp. Vi var der sjølvsagt for å sjå på; må jo støtte the Eagles! Hehe... Kampen varte frå 7-9, og det var kjempekaldt!!! Er begynt å bli kjøligare her no, litt trist, for eg begynte å venne meg til varme, solfylte dagar!! Fotballaget vann 48-6 mot laget dei spelte mot. (Eg er svært dårleg på å hugse navn...)

Chuck (nr13), Mary og Dave(i rødt)

Vi måtte selge billetta for volleyball-laget.





Chearlederane - dei hadde på uniform tidligare på kvelden,
men det vart skikkelig kaldt...


Ellers så skal vi til byen på sportsbar igjen i morra å sjå Husker spille. Huskers er Nebraska sitt fotballag. Neste helg skal vi til Lincoln å sjå kampen live! Det blir ein opplevelse! 80tusen folk!!!

På skulen likar eg faktisk alle faga ganske godt, utenom matte, men det har eg aldri likt uansett... Prøvene er alltid fleir-valgs og koblings spørsmål...! Ingen grunn å pugge alt utanat, du må berre hugse kva som høyrer saman... Er ikkje rart amerikanarar er domme! Når eg fortelle korleis vi har det i Norge, berre ser dei rart på meg, og seier dei synst synd på meg!! hehe...


Vi har forresten ikkje noko vatn no... Lynet slo ned ein plass og øydela noko styr... Ikkje bra!!! Håpar å få det fiksa i morra!!
Bilder kjem seinare, strømmen gjekk, og eg har ikkje meir batteri på dataen...