torsdag 27. november 2008

Salg av kalvane & Thanksgiving!

Mandag fekk vi fri frå skulen for å vere med å selge kalvane våra. Rundt 8 om morningen var det ut i den kjølige lufta og flytte alle kyra frå eit jorde til der vi skulle skille kalvane frå kyra. Eg og Isabelle køyrde i ein bil bak for å passe på at ingen andre bila kom i alt for høg fart: så det ikkje vert noko ulykke.



Når vi kom til der vi skulle laste kalvane på ein trailer, måtte vi fyrst skille kalvane frå mødrene. Ikkje heilt enkelt, men det gjekk no til slutt. Ein trailer var innleigd, så kalvane vart lasta inn i den, og køyrd til Kearney til salgs-låven.

Separering av kalva frå mødrene


Kalvane blir lasta inn på traileren.

Sjølve salget er KJEMPEKJEDELIG. Dokke har vel alle høyrd ein auksjonarius i gang. Det er travelt å høyre på, og eg forstår ikkje eit steikje støv! Salget gjekk ikkje så bra som Dave hadde håpt, dei solgte ganske billig. Eg trur ikkje ting går heilt den rette veien for familien ditta året... Eg syns synd i dei! Men det ser ut som at dei berre gjere sitt beste ut av situasjonen.

I dag var siste skuledag før Thanksgiving som er i morra. Så då vert det kalkun med ''stuffing'' og mykje godt tilbehør. Og sjølvsagt fotballkamp i helga. Fredag har dei noko dei kalla Black Friday, det er supersalg: starten på julehandelen. Folk er visst heilt sprø når det gjeld den fredagen. Butikkane har kjempegode tilbud, men om du vil ha tak i dei må du stå opp kl 4 om morningen og stille opp i kø utafor butikken. Sjukt spør du meg, eg trur eg heller vil sove! Men skal shoppe då, sjølvsagt, berre litt seinare på dagen :)

...
Thanksgiving, man. Not a good day to be my pants.
~ Kevin James
...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Heia jenta,, Tante Lena her.
Mye dyr og stell nå. Kan du ri på hest også? Ellers fortsatt på jobb så lite nytt. Jo en viktig ting...vi har fått mandariner ombord...nam,nam
Stor klem

Anonym sa...

Hei
håper thanksgiving blir bra
du kan sikkert få jobb som ferie avløsar nor du kjem heim igjen med all den kompetansen du nå sitter med innen gardsdrift he he
har hat ei veke med vinter no greit det minus den dagen snøen smelter,
hilsen tante linda (furutoppen)

Tonje sa...

Tante Lena: Ja det blir mykje dyr! Nei har ikkje ridd på hestn (enda) fordi Mary som kan med det, rir ikkje lengre, for ho hdde ei ulykke i 2006, der hon nesten mysta live. Men Dave sa eg sikkert kunne få prøve å ri noken andre sine hesta ein gong. Eg har ikkje sett mandarine her, veit ikkje om dei bruka å ha det.

Tante Linda: Hehe, ja kanskje det :p Her har vi ikkje fått snø enda, eg syns det er litt trist. Men Dave vil ikkje ha snø før han har fått hausta inn all Maisen då. Men eg håpa på snø til jul!