onsdag 12. november 2008

Glade jul, hellige jul...

Eg begynne faktisk å føle at jula nærmar seg med stormskritt no! Er litt annleis enn heime, for eg må kjøpe julepresangane no, så eg får sendt dei heim før jul. Har berre ein att då, av dei som skal få heime i Noreg. Har ikkje kjøpt ein einaste til folk her enda, det ventar eg litt med ;)

Ellers så har eg såtte heile kvelden å skreve julekort til folk og fe heime i det kalde nord. Eller aust blir det kanskje. Har ein flott kort/lang liste på 15-16 stk som fortenar ei lita julehelsing ;) Er ikkje halvveis med kortskrivinga enda, og er allereie litt lei av å gjere det... Hehe... Føler at eg skriv det samme i kvart kort, men likevel ikkje det samme. Merkeleg ditta der.

Ellers så hadde vi fri i dag, veteransday, der dei hedra og æra veteranane som så modig og tøffe kjempa i alle krigane som har vore i verda. Eg personleg synast at USA er litt for patriotiske når det kjem til sitt eige land. Dei er liksom number ONE i verda, og alle andre er ''under'' dei. I går på skulen hadde vi eit opplegg vedrørande veterans day, og vi var samla i gymsalen; med korps og kor og veteranar på besøk. Sjølvsagt var det sang: nasjonalsangen der ein må stå med ansiktet mot flagget (som heng på veggen i kvar ein gymsal på kvar ein skule i kvar ein stat i USA) med høgre handa på hjertet og venstre handa på ryggen. Eg føler meg ikkje heilt komfortabel med akkurat den ''seremonien''. Eg står sjølvsagt, hadde sikkert blitt slått ned om eg ikkje hadde gjort det, men eg lar henda henge rett ned. Eg er nok ikkje amerikanar, så det følest ikkje rett for meg, sånn er det berre. (Grunnen til at eg meinar amerikanarar er for patriotiske er fordi dei gjere det samme før kvar einaste volleyball/fotball/basketball kamp.)
- Og så hadde dei eit slideshow der dei fortalde om dei ulike krigane og om kor ''heroiske'' USA var, når dei ''redda alle saman''. Som om ingen andre hjalp til liksom... Sorry for at eg kanskje verkar litt negativ, men eg synest USA tenkjer litt for høgt om seg sjølv enkelte gongar, og glømmer at det faktisk finst andre folk på jorda.


Ellers så klipte eg meg i dag, på walmart (ikkje noko særleg bra frisør, men heilt ok når eg berre stussa) for ca 90.-. Så kjøpte eg nye shortsa til basketballsesongen: trur aldri eg har kjøpt så mykje treningskle før... Korte shorts til volleyball og no lange shorts til basketball. Er ikkje den største utgifta då, berre rundt 40-60,- pr shorts.

No skal eg berre slappe av, og hoppe til køys om ikkje så altfor lenge.

...
It is easy to take liberty for granted, when you have never had it taken from you.
~Dick Cheney
...

2 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

.. engler daler ned i sjul :)

Eg bare kjeda meg litt, so tenkte eg sku ta meg en tur innom ;)

Forresten, eg fekk nesten suppetre som sånn bokstav ting.. va en e for mykje og r litt feill: supprete!

Anonym sa...

Hei Tonje.
Ser ut til at du er kommt i julestemning allerede:-)
Det er dårlig med det her sjølv om butikkane allerede har fått inn masse julevarer.Kjørte gjennom Måløy i går kveld og der var det åpning av Kulturuka så det var en god del folk sjølv om været ikkje var så bra.

Vidar var til Førde igår og opererte bort en kul i skuldra så han er ikkje heilt i form idag, nei.
Du får vel litt heimlengsel til jula men det er ikkje stort å gjere med. Det går nok over like fort som jula :-))
Vi venter bare på at jula er over så vi kan reise til Spania :-))))
Klem fra tante Solveig.