mandag 24. november 2008

Combining og uaktsom nesten-''drap''.

Fredag kjeda vi oss litt, så vi tenkte vi skulle sjå film. Men vi kunne ikkje finne ein bra film inni alle filmane. Golve såg ikkje ut etter at Dave hadde rota gjennom 10000vis av filma. Hehe... Så vi satt å prata i staden for, og Melissa og Isabelle tatoverte føtene til Dave! Haha... Under føtene kan eg ikkje legge ut bilde av, måtte dessverre sensurerast. Det er Melissa vi snakka om her. Hon er ein smule pervers.

Dave sine tatoveringa. Han våkna opp kidt på natta fordi han innbilte seg at føta hass ''brann'' og sprang inn på bade for å vaske det av!

Lørdag sto eg opp TIDLIG altså sånn rundt 9 for å kunne poste pakken med julepresanga heim. Men gjett ka? Når vi kom til postkontoret kvart over 10 (!) var det stengt!! Latterlig... Ope fra kl hal 9 til 10. Dommaste eg har hørt. Så eg må nok vente til mandag då...

I dag var eg med Dave for å fikse Combinen- maskina som vi hausta mais med. Det var i allefall kaldt nok! Holdt på å fryse fingrane av meg, og eg kjende så vidt føtene mine etterpå. Så combina vi litt mais etterpå. Ikkje akkurat det kjekkaste eg veit, men det går no.

Combine (Innhausting maskina).

Tonje og ein mais. (Og ja, dokke kan sjå at det var kaldt!)

Delen vi måtte fikse på Combinen.

Mais.

Jepp. Tonje kan faktisk med å køyre Combine!

Seinare på dagen spurte Dave og Chuck om eg ville vere med dei å hjelpe til med å sette opp nokre gjerde-greier vi treng til i morra når vi skal selge kalvane. Eg hadde ikkje noko anna å gjere på uansett, så eg vart no med. Skulle kanskje sagt nei, sånn som det endte! Eg stod og holdt døra på hengaren open så Chuck kunne gå inn i den med gjerdepostane. Men så fann eg ut at den kunne holde seg opa sjøl, så eg tenkte eg skulle hjelpe til med å bære gjerdeposta inn i hengaren. Dave holdt på å ta posta frå ein hau og slengte dei i en ny hau litt nærmare oss. Eg bøygde meg ned for å ta opp ein av gjerdepostane, som var av JERN, og plutselig får eg ein jækel i haude, og i handa. Dave hadde ikkje sett at eg var der, så han hadde berre slengt ein post bak seg, og den traff sjølvsagt meg. Så no går eg rundt med ein svæær kul i haudet, og ei høgrehand som er dobbelt så stor som venstrehanda. Jepp, her har vi det jammen kjekt! hehe... Neida, eg overlevde no, tåle no vel litt smerte. Og kvar gong Dave kjem inn i romme seie han: UNNSKYYLD!!! haha ! Det er litt morsomt ;)

Ser ikkje så gale ut på bilde, men handa var ganske så hoven. Men har gått ned litt no.

Ellers så har Isabelle vore skikkelig bitchy mot meg dei siste dagane. Ikkje skjønna eg ka eg har gjort mot hon. Men eg berre lar det vere, eg gidde ikkje å bruke krefte på hon om hon ska vere sånn. Hon snakka frekt til meg og svara berre akkurat nok når eg spør hon om noke.

Ahh, ikkje tru at eg er sint eller noko, men enkelte gonga får eg nok av enkelte folk. Sånn er det berre.

...
Treat everyone with politeness, even those who are rude to you - not because they are nice, but because you are.

~Author Unknown
...

5 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

Kansje det ikkje blir basketball alikavel med den handa? syns no den såg ganske så stor ut eg! seie bare AU! Stakars deg!
Men en jern post, e der samme som en stolpe liksom? :S hehe =P

og, du e no virkeli klar til å blo bonde du no ;D

Tonje sa...

jepp, de e en gjerdestolpe liksom. Av jern. :p Men handa e mykje beire i dag, men fortsatt ganske sår då.. men har berre 2 treninga dinna veka, så...

Anonym sa...

Huff da. Det der hørtes ikkje godt ut. Hvordan skal det gå med julebaksten no då..hehe..
Akkurat no driv eg og steikjer ei diger svineribbe..Kjekt å ha litt ferdig mat i fryseren og syns eg. Det er ikkje alltid en er i like god form og ta er det lettvindt å ty til.
Ikkje så mykje nytt her nå men sånn er det no.Det går fort mot jul og ta blir det vel litt meir travelt. HDB så lenge.. Klem frå tante Solveig.

Anonym sa...

Hei Kine her! Veit ikkje om du har fått pakken enno.... men eg glemte og skrive at den er fra oss, mamma og pappa. Kunne ikkje være eit gram meir i konvelutten:)
Skal vise Henrik bloggen i morgo for han kjeme til og like å sjå at du kjøre "mega" traktor.

Tonje sa...

Tante Solveig: det skal nok gå bra med julebaksten: har planer om å lage Sara Bernard :D

Kine: Ok, då veit eg det :) Har ikkje fått pakken enda, men post mellom Norge og USA tar ei heil evighet... Eg sendte heim julepresanga i dag, kosta 200! Var ikkje såå mykje eg sendte akkurat.. men, men, det får no gå ;)