mandag 8. desember 2008

Shopping, juleselskap og rakett-bygging.

Lørdag reiste vi til Grand Island fordi Dave og Mary skulle på EF møte, sidan dei er IEC-personar. Medan dei var på møte, køyrde Arlene (Min IEC) meg, Isabelle og honna utv.student, Constantine til kjøpesenteret. Constantine eller Conne, trengte litt hjelp av oss til å handle julepresanga til vertsforeldra sine. Gutta ekje heilt flinke på å finne på sånt! Hehe... Så sida eg og Isabelle allereie er ferdige, hjalp vi han litt ;) Fann no noke til slutt: trefigur som er veldig populært her til ''mora'', og eit Husker-krus til ''faren''.

I dag reiste vi dit igjen, for vi skulle i juleselskap ilag med alle dei andre utv.studentane i området. Vi måtte ha med noko mat frå vårt land, så eg laga lussekatta :)


Var ganske koselig å prate med dei andre studentane, og vi fekk t-skjorter i presang med IEC-ane våra, så vi fekk folk til å signere dei. Og når vi skulle dit, måtte vi ta med nokre andre utv.studenta herifrå, sidan deira familia var opptatt. Eg køyrde ilag med Dave, og vi hadde med oss Chrissi frå Tyskland (Om nokon huska, så er det ho eg skreiv om så var bitchy og greier om å bytte familie fordi ho ville heller bu i eit større og finare hus) som faktisk ikkje var så aller verst som person, og Ki Hyun frå Sør Korea. Dei bur i Kearney, så vi kjem sikkert til å ha litt kontakt med dei, som f.eks gå på kino ilag eller noko.

Ellers så har eg brukt kvelden på å mekke ihop ein rakett(ikkje nyttårsrakett altså). Eller er ikkje heilt ferdig, men har iallefall fått begynt. Det er eit prosjekt vi har i fysikk, bygge rakett av 2-liter brusflaske. Og han sa vi måtte prøve å vere litt kreative, så eg skal ha ein fallskjerm i min. Det er for det meste den eg har jobba med i kveld, for den tok tid! Blir spennande å sjå korleis raketten kjem til å fungere! Vi skal skyte dei opp med ein spesiell utskyting-ting, og dei brukar visst å gå ganske høgt.

Flaskeraketten step one. (Mangla ''finna'' og litt sånn...)

Min proffe fallskjerm!

Og forresten, vi får kanskje snø no! Men i form av snøstorm då. Tirsdagens veirmelding seie snøstorm, og dvs at vi kanskje får ein dag fri fra skulen og. Haha... Ikkje meg imot!

...
The first fall of snow is not only an event, it is a magical event. You go to bed in one kind of a world and wake up in another quite different, and if this is not enchantment then where is it to be found?
~J.B. Priestley ...

9 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

får en kul rakett du hadde ;) hihi =P
Korti dokkas juleferie begynne egentli?

Tonje sa...

siste dag e pokker meg LISJEJULAFTA!!! ikkje noke snilt =/

Tonje sa...

siste dag e pokker meg LISJEJULAFTA!!! ikkje noke snilt =/

Anonym sa...

Hei
Rakk postkontoret i dag, da er det bare for deg å vente spent.
Rakett prosjekte dit kan kansje gje deg gode nok karakterer til å søke deg inn hos nasa, he he
Fikk lyst på lusekatter må få maria til å bake det til oss på søndag.
Mvh. Tante Linda

Karoline Refvik sa...

hmm.. kor lenge dokke få ha ferie da?

Tonje sa...

til 5. januar

Karoline Refvik sa...

dokke har no bare 3 daga mindre enn oss då!:)

Anonym sa...

Hei Tante Lena her.
For en rakket... skal den bare kastas ut eller skal den ha "motor"? Kjetil har tips for det siste...Fyll flasken 1/3 med vann, borr et lite hull i korken.
Til hullet kobler du trykkluft. Hold flasken slik at luften går opp gjennom vannet. Når det er "godt" med trykk inne i flasken slipper du den. Vannet vil da sprute ut hullet og flasken vil "skyte" avgårde i en fela fart...Gøy...Lurt å bruke en "rampe" hold flasken inne i et rør, du får mer styring og det er sikkrere for deg..(dersom flasken skulle sprekke)..
Ellers har vi det bare bra.
Klem oss på Lillejordet

Tonje sa...

Tante Lena: Vi har noko dei kallar ein utskytar, der vi tar av flaskekorken og plassera flaska på utskyteren (fylt med vatn halve flaska) så er det ei pumpe kobla til utskytaren, så vi pumpa opp til vi høyre ein ''puff'' lyd, og då drar vi i eit tau som er festa til ein splint, og flaska går opp i lufta. Vi skøyt opp nokre av rakettane på mandag, det er derfor eg veit korleis det skjer ;) Min var ikkje klar, så eg skal skyte opp min på fredag sikkert. Er nesten ferdig med den no.