lørdag 6. desember 2008

Travel veke!

Dinna veka har vore ganske travel, har skjedd noko heile tida.

Lange treninga både mandag og tirsdag, og 2 kampar. Torsdag hadde vi vår fyrste basketball kamp, @ Arapahoe. Eg spilte berre nokre få minutt, men det var nok for meg, eg er fortsatt heilt blank på korleis ditta der fungera! Hehe... Vi vann JV kampen og tapte Varsitykampen. Og Guttane tapte Varsitykampen sin. På vei heim tok vi van'en til Trenaren. Turen tok ein time, så vi hadde ein leik, der vi spurte kvarandre: vil du heller..... eller...? Altså: ville du heller ha shava haude ditt eller drukke 2 liter melk som har stått på benken i ei veke? Eller ville du heller svømt over ei elv full av slanga eller spist hundebæsj? Og eg fekk: Ville du heller ha ete eit fiskeauge eller ein slimete slange, uten å tygge? Ugh, det var kvalmt å tenke på! Hehe... Men var morsomt då!
Vi hadde kamp i dag og, men den var her då, på skulen. Vi vann JV, tapte varsity. Kom heim hal 9.

Jepp, som sagt: har vore ei travel veke!

Onsdag var vi på Disney On Ice! Det var ein opplevelse :) Kjempekoselig ^^,

Mikke og Minni.

Udyret, uten skjønnheten.

Pinocchio.

Timon & Pumba.

Langbein, Dolly, Donald, Minni, Gini ++

Minni.

I Morra skal vi til Grand Island ilag med Mary og Dave, dei skal på IEC-møte, og vi berre slenge oss med. Så skal vi dit på søndag og, på juleselskap med EF, ilag med dei andre utvekslingsstudentane. Alle må ha med ein mat-rett eller noko frå deira land, og eg har tenkt å lage lussekatta! Gler meg, for det er så godt!

Og noko rart eg har lært: Når ein bonde rundt om her har ''gått ut'' støvlane sine, henge han dei opp ned på gjerdestolpane rundt gården! Hehe... Artig :)


No skal eg ta ein dusj og hoppe til sengs; trenge litt søvn no. Så godnatt folkens!

...
Hakuna Matata... What a wounderful phrase!
It means ''no worries for the rest of the day!''
It's a problem free philosophy..
Hakuna Matata!!!
...

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
ja no nermer jula seg vi er godt igang med julebakst, skal kjøpe klippfisk og ribbe neste veke så er det julegavene igjen.
har veldig lyst å sjå disny on ice
men så er det den lange turen til oslo da
kom en halv time for seint til postkontoret i dag så får prøve igjenn mandag håper den rekker frem
til jul.
Hilsen tante Linda

Anonym sa...

ka valgte du?:D
(M)

Tonje sa...

hehe, eg valgte auge, for tenk deg å svelge ein slange/ål HEIL uten å tygge... og TENK om den leve! :p Trur ikkje spiserøre mitt e stort nok te å få ein slange gjennom heller :p