onsdag 24. desember 2008

Lisjejulafta

Årets lisje julaft vart litt rar for meg...

Dagen byrja med at eg sto opp kl 06:40, for vi hadde nemleg skule i dag. KJEMPEKJEKT.... Not... Skuledagen idag var ein heilt totalt bortkasta dag. Mildt sagt. Det einaste vi gjorde var å sjå film i alle timane, og det teite var at vi berre fekk sjå ca ein halvtime av kvar film.

Etter skulen hadde vi sjølvsagt trening, men den varte ''berre'' ein og ein halv time. Og gjett kva trenaren sa? Vi har 2 kampar i ferien! Eg trudde vi hadde berre ein. Og i tillegg skal vi ha treninga i ferien! Korti skal vi faktisk få FERIE? Hehe... Er litt sleta for tida, så eg vart ikkje akkurat hoppande glad då eg fekk vite det. Men, men...

Etter skulen vart eg med Dave til Kearney for å gjere unna den siste julegaveshoppinga hass. Og eg fekk henta bildene eg bestilte på søndag: 161 bilder klare til å bli sett i scrapbooken min! Har visst nok arbeid i jula ja!

Så kjøpte eg meg nye vintersko. Syns ikkje dei var særleg fine, men treng nokre varme sko til i morra, for vi skal sette opp støtgjerde. Jepp, på sjølvaste julafta, men det er det ingen rundt om her som bryr seg om. Uten om meg då. Eg blir bare lei meg av å tenke på at eg skal jobbe vekk heile julafta liksom... =/ Men eg er her for å feire amerikansk jul, og viss det er sånn dei feira den, får eg vel berre følge med då! Sjølv om eg kjenner at eg savna NORSK jul... Har liksom ikkje den julestemninga eg bruka å ha. Men kanskje den kjem når eg åpnar pakkar frå Norge :) Skal åpne nokre i morra, og nokre 1. juledag; må prøve å blande litt :)

Mine nye ''fine'' sko! Hehe...

Sidan det er lisjejulafta måtte det sjølvsagt GRAUT til! Det smakte heilt himmelskt! Har ikkje smakt det sidan eg reiste heimefrå, så det var på tide :) Såg ut til at dei andre likte det, men eg er ikkje sikker på om dei syns det var det beste dei hadde smakt! Hehe..

Graut! <3

No skal eg legge meg; blir rart å våkne på julafta å tenke at det ikkje er jul enda. Null julestrømpe eller 3 nøtter til askepott på tv. (Tenkte eg skulle sjekke om det ligg på youtube eller noko, for eg har lyst å sjå det!)

Ellers så er det jo jul i Norge no: så Tonje ønsker alle ei GOD NORSK JUL heime!! :) Kos dokke, og NYT ribba!

...
Isn't it funny that at Christmas something in you gets so lonely for - I don't know what exactly, but it's something that you don't mind so much not having at other times.
~Kate L. Bosher
...

4 kommentarer:

Anonym sa...

God morgen og God Jul Tonje! Nå er vi samlet i Vedvika for å spise lunsj hos "mommo og besten". Så skal vi til Måløy å få besøk av nissen senere. Håper alt står bra til, og at boka "Vågsøy i bilder" har kommet frem. Kos deg i jula. Vennlig hilsen.
Henrik, Hedda, Kine, Thomas!
Hilser også fra Marianne, Oddvar og Astrid.

Anonym sa...

Hei Tonje. Håper jula di blir brukbar sjøl om den ikkje blir heilt som vanlig. Her er allt som vanlig men det tek vi som ei selvfølge heilt til vi ikkje får være med på det, slik som du i år. Men det går over, og neste jul blir du sååååå glad for å være heime "of course". Litt annerledes jul her og men det er kjekt allikevel. Cathrine skal jobbe fra 17.00 til 23.00 så vi må reise på Shell med mat til ho, og vente med å åpne pakkane til ho er ferdig.Har eg sagt at det blir jente til Morten og Monica igjen? Vel, nå er det sagt. Har fått ultralydbilde og dei seier ho likner på Morten :-))))
Ønsker deg ei fin jul, Tonje. Vi "snakkes" i romjula Juleklem fra onkel og tante.

Anonym sa...

MERRY CHRISMES TONJE
No har vi fåt med oss askepott og sølguttene og venter bare på ribba.
Håper pakken er komt frem.
Du kan kansje se jule programmene på www.nrk.no du får prøve der.
Ellers savner vi julesnøen her det hadde vert supert om det komm noen cm, Så da ønsker vi deg GOD JUL
fra oss i Furutoppen

Karoline Refvik sa...

No e min julekveld egentli over! MAsse fitn har eg fått, og allerede fortalt om ;)

Det har vert en koselig dag og kveld, men et pakkebytting-besøk har mangla! menmen, får ta et ekstralangt et neste år;)