torsdag 18. desember 2008

Gossip

I dag har eg opplevd noko eg gjerne kunne vore foruten.

Då vi kom ut av siste timen i dag, sa Isabelle til meg at nokon hadde fortalt hon at Eg hadde noko på gang med Chuck. Ja, Chuck er altså VERTSBROREN min. Og ditta er heilt vanvittig på jordet! Koffor i pokker seie folk sånne ting som ikkje er sant? Eg ville aldri i verden gjort noko sånt... No affense to Chuck, men eg er ikkje ein sånn person. Eg har faktisk ein kjæreste heime, og det faktum at han er vertsbroren min er ein anna grunn til at eg ikkje hadde gjort det.

Ditta ryktet får berre meg til å sjå ut som ei ''slut'' på godt gammalt amerikansk! Ikkje akkurat eit rykte eg vil ha på meg! Og Chuck var ikkje akkurat blid då han fann ut av det. Han sa at han skal kjefte personane som la ut ryktet huda full på skulen i morra. Det vil eg gjerne sjå! Haha :p

Som sagt, ditta kunne eg gjerne vore foruten. Det er så patetisk gjort! Eg trur dei gjorde det fordi dei ikkje lika Chuck, men kva har det med MEG å gjere?! Ein bør tenke seg litt om før ein seier ting som det, for det går utover fleire enn ein trur. Eg har ikkje ord for kor irritert og sint eg er no. Pokker heller, eg får fnatt! :p

Ellers så har vi final exams i desse dager, så det er litt stress med lesing og greier. Matte, fysikk og biologi på fredag, og matte del 2, historie og engelsk på mandag. Akk...

Og stakkars oss må gå på skulen tilogmed lisjejulafta... Eg har ikkje høyrt om EIN anna skule som skal gå til då. Alle andre eg har høyrt om får ferie på fredag. URETTFEIGT!!!

Men, men... eg må no vel berre leve med det. Eg trøystar meg sjølv med å tenke på at eg får sommarferie 5. mai! :D

...
The biggest liar in the world is They Say.
~Douglas Malloch
...

5 kommentarer:

Malin Celine sa...

Hei :) Fann inga anna gjestebok å skrive i, så får berre skrive her. Tenkte eg skulle sei TUSEN TAKK for julebrevet. Det va kjempe koseleg å lese ! :)
Verkar som at du har det kjempe kjekt der borte, og det er nok ein opplevelse for livet.
Håpar du får ei kjempe fin jul der borte og, sjølv om det er litt annleis i år, men det e nok sikkert kjekt å få oppleve jul i USA og :)
GOD JUL :D

- Malin, i gamle klassa:)

Tonje sa...

Hei :) Hehe, versågod ;) Takk, ja det skal eg nok :) God Jul til deg og :D Nyt ribba!! hehe...

Karoline Refvik sa...

Eg skulle kommt å banka hon for deg asso! lika hon bare mindre og mindre! =P

Tonje sa...

de vakje Isabelle som fann de opp altså xD De va noken andre som sa det til hon, og so spurte hon meg om de liksom :p

Karoline Refvik sa...

åå.. okaj då (A)
va litt trøtt tidligare i dag =P