lørdag 25. oktober 2008

Homecoming!

Som dokke sikkert har fått med dokke, har vi hatt homecoming veke dinna veka. Det vil seie fotball/volleyball-laga sine siste heimekampa for sesongen. Dei ulike dagane hadde vi ulike tema som vi kledde oss ut som: sjekk eldre innlegg for bilde av anntrekka mine.

Torsdag var sjølve homecoming dagen. Skulen slutta halv 3, og vi hadde Pep-ralley og etter det hadde vi volleyballkamp. Under pep-rally hadde vi ulike konkurransar, som var ganske underholdande!! I Gymsalen var det hengt opp plakatar, for kvar klasse. Eg syns vår var best, men den fekk minst poeng...


Konkurranse der målet var å finne ein sjokoladebit i ei skål full av krem!Lærarkonkurranse: Mrs Snodgrass som smell ein ballong!

Egg-på-skei konkurranse...
''Bygg'' ei ørn-konkurranse: Laga måtte knyte ihop beina sine, springe over gymsalgolve og hente dela og tilbake for å ''bygge'' ørna. Seniorane vann ;)
Hanks og Fisher med den nydelige ørna xDSenior-plakaten: vår plakat :)

Junior-plakaten (11. klasse)
Sophomore-plakaten (10.klasse), den var faktisk ganske bra!
Freshman-plakaten (9.klasse)
Spontan-klassebilde i gangen! Hadde ikkje noko å gjere på i advanced math, så vi stakk inn til den andre matteklassa, dro dei med ut i gangen og tok bilde ;)
Girl-power!
Seinare på kvelden var det fotballkamp, men vi orka ikkje å sjå heile, for det var knallkaldt ute! Så vi kom heilt på slutten, akkurat tidsnok til at seniorane skulle annonserast. Og så annonserte dei Konge/dronning, prins/prinsesse og dutch/duthcess for homecomingdansen. Megan og Drew vart dronning og konge, Andie og Ben vart prinsesse og prins og Sarah og Chris vart dutchess og dutch.

I dag hadde vi fri fra skulen pga foreldremøte. Hehe, litt rart, men gjer meg ikkje noko! Så vi brukte dagen på shopping, finne kjole til Isabelle og sko til meg. Fann meg endeleg nokre sko, men eg har jaggu leita lenge. 300,-, ikkje så aller verst ;)



Og dagens høgdepunkt: SAW 5 på kino! Eg elska Saw-filmane, alle er geniale! Eg trur ditta var den siste filmen, men den slutta merkelig!....

I morra er homecomingdansen, og etterpå reknar eg med at vi blir med dei andre til Kearney for å ete (dei skal visst ha ein buss eller noko). Blir nok artig det :)

Og som eg sa: Torsdag snøva det...!!!


Men heldigvis smelta den raskt vekk... Litt for tidlig med snø no...

Og forresten: tusen takk for fluortablettane Mamma! Her borte har dei tydligvis aldri hørt om sånt.... (Eg trur dei kjem til å rekke heile året...)


Ein dag på Walmart fann eg noko heilt genialt!! Kakao som varma seg opp sjøl... Eg må sei eg vart ganske så imponert, for det fungerte! Var kjempekaldt ute, eg hadde ikkje jakke eller hue, så eg var ganske kald. På vei å betale i kassa ser eg noko rart. ''Self heating hot chocolate''. Måtte no berre prøve ! Smakte supergodt :)

Men no skal eg Sove... Godnatt!

...
Did you ever stop to think, and forget to start again?
~Winnie the Pooh
...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hello Tonje :-)
Supre sko du har kjøpt deg.
Desse hadde nok Cathrine likt men ho har jo skodilla.I dag skal eg til Måløy å få på vinterdekk. Værmeldingane lover ikkje godt. Det var sterk storm her i helga. Ei kjempesvær campingvogn(den største EG har sett) blåste over ende hos naboen her.
Får lyst til å skrike høgt når eg høyrer lyden av regnet som plasker ned. Hadde vært fint med litt oppholdsvær,ja.

HDB. Klem fra tante Solveig.

Karoline Refvik sa...

Sko va kjempe fine dei :D og om du klare å gå med dei, e du flink!:)
Eg kjøpte med sølv pumps før bursdagen, men har ikkje klart å ha dei på meg så lenge x) men klarte å gå med nokken andre med hæl mange kveld^^ woho!:P

Eg e spent på om der ikkje snart kjeme bilde fra dansen lørdag, har vert inn og sett maaange gonga!:)
Såg dei som va på facebook og :)