torsdag 23. oktober 2008

Bilder av diverse...

Tenkte eg skulle legge ut bilder frå ''utkledningsdagane'' på skulen. Frå venstre:
  • Kjendis dag der eg gjekk som Amy Winehouse (Håret vart for vanskelig!)
  • Hip hop dag, det seier vel seg sjølv
  • Decade(60-70-80 tallet osv)-dag, der eg valgte 80-tallet ;)

(For større bilde, klikk på bildet du vil sjå)


Og sida eg er så godt igang med bilder, legg eg ut nokre av senior-bilda vi tok i helga. Bilda er til årboka og til ''plakat'' i kantina for class of '09.



Ellers så kan eg no fortelle at i morra får vi kanskje vår fyrste ''snowday'', som vil seie fri frå skulen pga snø. Vi veit ikkje enda om det blir, men skal uansett ikkje begynne på skulen før 10. På ein måte har eg lyst at vi får fri, men det er homecoming i morra, altså skulen sin siste heimekamp, og det er stort her borte... Vi kler oss i skulefargane, bandet spilla, cheerleaderane dansa og det er skikkeleg stemning! Så eg får vel berre sjå kva morgendagen bringe... ;)

...
When it comes to anything that's social, whether it's your family, your school, your community, your business or your country, winning is a team sport.
~Bill Clinton

...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Her var det mange fine bilder,her har været vert stabilt, drittvær heile uka.
Synd dette med den svake krona, dollaren blir dyr av det.
God helg til deg fra tante linda i furutoppen.

Karoline Refvik sa...

Ooo.. no fann eg nettopp ut av nokke nytt :)
Eg har fått sånn ting på blogg- framsida mi, sånn at eg får oversikt over din blogg;)