fredag 8. august 2008

Teori = bestått!

Onsdag ettermiddag/kveld i bilen på vei heim fra byen, seier Mary til Tonje og Isabelle: David tenkte at når vi kjem tilbake til huset, kan dokke studere til teorien for førerkort, så kan dokke reise til Kearney i morra å ta testen!

Eg tenkte bare: er dama heilt sprø?! I Norge må vi lese i fleire veker før testen, fordi den er så vanskelig! Og likevel stryker 75% første gang! Men, men... Vi byrja å lese då vi kom heim i 8 tida om kvelden. Holdt vel på i 2-3 timar tenker eg...

Så i dag reiste vi til Kearney for å ta testen. Testen var på data, med touch-skjerm. Etter 20 spm kom det opp på skjermen: Congratulations Tonje, you have passed the test! (Altså: GRATULERER TONJE; DU HAR BESTÅTT TEORIEN!) Steike det! Hadde eg aldri i verden trudd!! Så no har eg berre oppkjøringa att før eg har lappen! Einaste minus der er: eg må vente 6 mnd etter eg har tatt teorien før eg kan ta oppkjøringa... Så den blir vel i februar ein gong tenker eg :)


Mitt bevis på at eg har lov å lærekjøre (og at eg har bestått teorien)



Så var eg i banken for å åpne konto, og få kort så eg slepp å dra rundt på alle dissa rikdommane mine! Eg får kortet om ei veke sa dei, så :)

Og for dei som ikkje allereie veit det; eg har slutta å bite negler! Eg bestemte meg for at når eg landa på amerikansk jord for første gang skulle eg slutte å bite negler. Og det har eg klart! Så no har eg laange og fine negler, og eg er stolt!! :)

3 kommentarer:

Frode Hauge sa...

Bra jobba! men hvilken type spørsmål fikk du? eksempel?^^,

Karoline Refvik sa...

Eg får gratulere igjen :D Stolt av deg !;)

Anonym sa...

Oj, dritfett ! :D

- Sarah