torsdag 5. februar 2009

Spørsmål & Svar


Spm frå ''Honor Roll'' :

Anonym sa...

veldig fin blogg:)
jeg er en jente som går 1STA no og som ønsker/ønsker-ikkje å reise til USA til neste år, jeg er fram og tilbake hele tiden noe som er veldig frustrerende...
Har du noen gang angret på at du reiste dette året?
har du hatt mye hjemmelengsel?
hvordan er det å gå på skole der alt går på engelsk?
hadde vert kjempefint om du kunne hjelp meg:)

Svar:

  • Nei, har ikkje angra eitt einaste sekund. Har sjølvsagt hatt litt problemer, men det er nok ikkje til å unngå når ein kjem til ein ny familie, ny plass og ny skule. Det er berre å la tida gå, så går det meste bra :) Eg ville angra om eg IKKJE reiste, det skal vere sikkert og visst! Så, eg er iallefall kjempeglad for at eg reiste, og ville gjerne gjort det ein gong til om eg hadde fått sjansen!
  • Heimlengsel har vel alle tenker eg. Men eg har faktisk hatt VELDIG lite heimlengsel. Har liksom så mykje å gjere på heile tida, at eg ikkje har tid til å tenke på det. Men eg merka at det er lettare å savne Norge når eg ikkje har noko å gjere på. Så om du reiser, anbefala eg deg å gå ut for sport: volleyball, basket ++, for da har du noko å gjere på nesten heile tida, og du får lett nye venna ;)
  • At alt er på engelsk når det gjeld skule, er null problem. Etter eit par veker tenkte eg ikkje på at alt er engelsk! Og skulesystemet her er LETT. Berre du gjer leksene dine, får du bra karakter. Og veldig ofte, etter det eg har høyrd frå andre utv.studentar, er vi ''foreigners'' beire i engelsk enn amerikanerane er sjølv :D

Anonym sa...

Hei:) Guro her!
Wow, status å få henge på veggen;)
Men eg lure litt på om kvifor du er senior? Er det fordi du er så lur og norsk?;)

Ha ein fin dag:)

Svar:

Grunnen til at eg er senior, er fordi eg har allereie fullført skulen i Norge (Fått vitnemål / diploma) og fordi eg ville uansett gått i ''12. klasse'' heime i Norge, akkurat sånn som du :) Og den tredje grunnen er at seniorane reise meir på tura og sånn, så dei syns at eg og Isabelle (Frå Canada) kunne vere seniorar :)

Og i tillegg er systemet veldig rart då, det kan vere to årskull i samme klasse. Er du født fyrste delen av året (Jan-juni) blir du i ei klasse høgare enn om du er født seinare på året (jul-des).

tirsdag 3. februar 2009

Nervøs promp

I dag hadde vi ei litt spesiell trening:

Vi fekk beskjed med trenaren at vi skulle ha lagmøte i huse hanna kl 4. Ingen av oss visste kva vi skulle, så vi gjekk no samla bortover gata til huset hanna når klokka nærma seg 4. Vi banka på døra, og trenaren åpna:

Då vi kom inn, vart vi delt opp i 4 lag. Vi skulle ha konkurranse med 4 ulike postar der vi kunne få poeng:
- Mimeleiken, der vi fekk poeng for kvart ord vi gjetta
- Mariocart på nintendo Wii! Vanvittig artig! MYKJE beire enn på nintendo 64... Passa perfekt for folk som styre kontrollen når dei køyre bilspel, for her fekk vi eit ratt, som vi styrte som ein ''vanlig bil'' (Ja eg snakka om Tommy og Daniel her! Hehe)
- Boksing på Wii, og det var kjempemorsomt! Holdt på å le meg ihjel x) Rachel dreiv å hadde lydeffekte og greier :p
- Og tilsutt gitarhero. Jadda, eg kan no pokker meg ikkje spele gitar! Vart bua av scena og fekk 56%! Må jammen seie eg e stolt altså! NOT! Men, men, dei fekk no iallefall underholdning! (Men eg kan no trøste meg med at Kayla berre fekk 35% eller noko!)

Vårt lag kom på andreplass, med 4 poeng mindre enn 1.plassen. Ikkje så aller verst nei ;) Laget som vann fekk premia, og Megan fekk ei prompemaskin! Ja dokke kan no tenke dokke, etter å ha sett overskrifta på innlegget, at den var festens midtpunkt! Den hærlige ''maskina'' hadde 7 ulike prompa, bl.a. nervøs promp, saftig promp, osv. Og Rachel (Igjen!) måtte sjølvsagt lage litt sprell, så ho dramatiserte kvar promp med både bevegelsa og uttrykk! Har jaggu ikkje ledd så mykje på lenge!

Så fekk vi pizza fra pizzahut og heimelaga brownies :) Kjempekjekk ''trening'', godt med litt forandring. Eg hadde det iallefall kjempekjekt!

Ellers så går eg fortsatt rundt og hosta og snufsa, no e eg sleta av å vere sjuk... Men vi satsa på å bli beire dei kommande dagane.

Over og ut. No skal eg sjå Home and Away :D

lørdag 31. januar 2009

Honor Roll

No er det ei stund sida forige innlegg, men ikkje skyld på meg! Eg forlanga fleire kommentara folkens! Eg VEIT at det er fleire som leser bloggen, så eg syns iallefall eg kan forvente tilbakemelding... Og ikkje kom med at dokke ikkje har tida.. Har ikkje dokke tida til å kommentere, har heller eg ikkje tida til å skrive blogg... Eg skriv ikkje blogg for meg skjølv! Sorry for utbruddet, men seriøst... Kor monge gonga må eg seie det?

Tilbake til vekas hendingar:

Mandag hadde eg tannlegetime, og vi hadde i tillegg fridag. Heldige meg hadde klart å få 2 hål i tennene mine, og måtte båre... Tannlegen skulle ha over 1500,- for jobben som tok han 10 minutt. RAN seier berre eg! Kva har ein forsikring for, når den ikkje dekka ting?

Tirsdag-Onsdag: skule, trening, ete, dusje, sove.... Og sjølvsagt LOST på onsdagen :D

Torsdag:
For fyrste gong sida eg kom hit vart eg skikkeleg sjuk. Haudeverk, hovne bihule og sår hals. Gjekk heim frå skulen etter 4. time... Sov på sofaen når eg kom heim, til eg tok ein dusj, og fann senga.

I dag:
Holdt meg heime frå skulen fram til 12, for eg var heilt dau når eg våkna i 8 tida, så eg fann senga igjen. Følte meg beire i 11 tida, så eg tok meg ein tur på skulen; har eit prosjekt i Modern Problems som eg må få ferdig, så måtte berre gjere det. Seinare var det kamp, eg fekk ikkje spele eller ha på drakta, fordi eg ikkje kom på skulen før 12. ''School rules''... In my ass...
Og så var det i tillegg foreldrekveld for basket, så Dave og Mary fekk rose med meg, og alle basketballspillerane + foreldre vart presenterte foran alle. Kos :)

Ellers så hadde dei endeleg endra på Honor Roll tavla i kantina på skulen, og jaggu det så var visst eg på den ;) Honor Roll er ei tavle med navn på dei elevane i kvar klasse som har A i snitt :) Og som dokke ser på bildet, snittet i 12. klasse (Seniorane) er ganske så høgt!

(Trykk på bildet for å få det større)


Og til slutt, (litt seint) eit svar på ein kommentar på ''Tonje går frå barndom til det voksne liv'':
Ja, eg får godkjent lappen i Norge, men må ta oppkøyringa på nytt, for å fornorske lappen. Kan køyre i Norge eitt år etter eg kjem heim før eg MÅ ta oppkøyringa. (Eg veit ikkje kem det var som spurte, men du får iallefall svaret her no..)

...
Every tooth in a man's head is more valuable than a diamond.
~Miguel de Cervantes, Don Quixote, 1605
...

søndag 25. januar 2009

I now pronounce you Husband & Wife!

I dag var eg i bryllaup, til Brogan (vertsbror) og Steph. Heile greia var veldig forskjellig frå det eg er vant med, eigentleg veldig rart, eg hadde ikkje heilt forestilt meg det sånn, men det gjekk no heilt greit :)

Vi møtte opp i kirka for bildetaking rundt kl 12. Tok ein del tid med bilda, som vanleg, og tilslutt vart klokka 2 og bryllaupet var igang.

Familien Else i finstasen. (Har bilde der eg og Isabelle er med, men ikkje på mitt kamera, så eg må få med nokon andre )

I kirka var det eigentleg det samme som heime, berre at dei hadde ikkje pynta noko særleg. Og dei hadde musikk frå cd-spelar i staden for ''levande'' musikk. Men bra musikk var det iallefall :) Kjole til Steph var kjempefin, og den passa veldig til hon. Men eg har funne ut at når eg en gong skal gifte meg, skal eg ha ein enkel, lett kjole, for sånne digre greier ser berre travelt ut!

Brudepikene + forlovaren til Steph til venstre, så Steph, Brogan og brudesvennane + Chuck som var Brogan sin forlovar.

Brudeparet.

You may kiss the bride.

Brudepar, besteforeldre og foreldre. (Bestemora til Brogan har kreft i haudet, derfor har ho hue og jakke på. Kreften har visst spredd seg til cranium eller kva det heiter, så det er visst ganske alvorleg no...)

Etter kirka bar det av gårde til Overton Familycenter der mottakelsen skulle vere. Her er det som var litt rart: dei hadde ikkje middag, så det var rett til kakene. Men vi som hadde møtt opp i kirka tidlig, var jo svoltne som hestar... Så Dave stakk ned til ''butikken'' i Overton og kjøpte minipizza til meg, han og Isabelle, for vi trengte noko skikkeleg mat før vi åt kaker. DET kan eg vedde på dokke aldri har sett folk gjere i eit bryllaup! Men ingen såg ut til å ha noko i mot det heller! Så vart det kaker. Og bryllaupskaka var den FLOTTASTE og DIGRASTE eg nokon gong har sett... Men kun ein ''del'' var ekte kake då, men likevel, heilt vanvittig stilig!

Bryllaupskaka! Ikkje kom her å sei at dinna ikkje er STILIG!

Det var ei fontene under kaka, kjempeflott!

Tilogmed bru og greier.

For noken griseunga, ete med henda!

Ellers så var det mykje folk. Rare folk. Ja eg meinar det, folk her er rare! Men det likar vi, blir mykje latter :) Ein dude som er søskenbarnet til Brogan eller noko, Rob, er seriøst den morsommaste fyren eg har møtt! Han hadde spurt Vicky om dukka honnas frøys og mykje sånn, som om han trudde det var ein ekte baby, og Vicky trudde på han! Hon kom bort til Melissa og sa: ''Han fyren der borte trur dukka mi er ein ekte baby! Du må fortelle han at det berre er ei dukke!'' Haha!! Og så prata han om at marina som han jobba i, har noko gruve i Norge i eit fjell der dei har tanks og mykje sånn... Og At han skulle dit ein gong, men so reiste han til Irak i staden for... Haha ;) Og han sa han var mekaniker i marinen eller noko sånt, og at han ikkje likte det, så han kjørte heller maskinene i staden for, for det var mykje kjekkare enn å fikse dei! Høyrest sikkert ikkje så morosamt ut, men med ansiktsutrykka og måten han prata på, var det heilt vanvittig artig å sjå/høyre på !

Nokon snille brudepiker+brudevsennar hadde det kjekt med å pynte bilen til Brogan, men han vart ikkje noko særleg glad for den omtanken... hehe x)

Og det var bryllaupet. Null dans eller noko. Jepp, heile greia var over på 4 timar. (Kjøp) Kjapt, trygt og billig, KIWI, KIWIIIII!!!

...
If two stand shoulder to shoulder against the gods,
Happy together, the gods themselves are helpless
Against them while they stand so.
~Maxwell Anderson
...

onsdag 21. januar 2009

President Barack Hussein Obama...

Då var 20. januar komt til USA, og Obama flytta inn i det kvite (eller burde dei skifte navn til ''svarte''?) hus. På skulen i dag vart det mykje tv-sjåing, av alt Obama oppstyret og tala til Obama. Eg er sånn ganske nøyaktig VELDIG lite interressert i politikk, så eg fekk eigentleg ikkje med meg så veldig mykje. Men eg fekk no med meg at det vart litt kluss under eden! Men det var ikkje Obama sin feil, det var visst han duden som sa eden til Obama.

"that I will execute the office of president of the United States" - ein av dei to (tydelegvis han duden som sa det fysrt) glømte visst ''faithfully'' før execute, men det er jo berre koselig med litt humor i kvardagen :)

Kanskje, forhåpentlegvis, er verda komt til eit vendepunkt no, om Obama gjere som han har sagt. Vi satsar på world peace og alt det der, men må ikkje sette for høge forventningar. Som eg sjokkert høyrde frå min engelsklærar her i Overton: ''I hope he get assassinated''... (Ho håpa han blir drept) Snakk om å vere eit bra forbilde.

Ellers så går dagane i skule, trening, kamp, lekser og soving. Så er ikkje så mykje anna å rapportere. Anna enn at til helga vert det bryllaup, Brogan (sonen til vertsfamilien) og Steph skal gifte seg på laurdag. Det blir nok ein koselig opplevelse :)

Her får dokke litt meir basketball-bilder, dinna gongen der eg faktisk spelar :

(Trykk på bildet for å sjå beire, eg er nr 42 )


...
Politicians are like diapers. They both need changing regularly and for the same reason. ~Author Unknown
...

lørdag 17. januar 2009

Tonje går frå barndom til det voksne liv

Ja då er eg endeleg, eller ka eg skal seie, blitt 18 år!

18 år er vel kanskje ikkje så veldig spesielt, men på ein måte så er det det likevel. Eg er vel sånn ca ferdig med 1/4 av livet mitt eller noko sånt, så eg har berre 3/4 att! Hjelp! Neida! Hehe, eg har all tid eg trenge :)

Vanlegvis, om eg hadde vore heime, hadde eg nok tatt lappen no i desse dagar. Men det vert ikkje sånn. Eg skal nok ta den her, men eg ventar til ca ein mnd før eg reiser heim, så eg slepp å kjøpe full forsikring for berre 3-4 mnd.

Ellers så er det vel eigentleg ingen forskjell. Alle seier at no kan eg gjere det eg vil. Men eg har no på ein måte alltid gjort det eg har lyst å gjere? Så for meg er det eigentleg ikkje noko forskjell, men den kjem nok etterkvart tenker eg.

______________________________________________________________

Torsdags morning åpna eg presanga frå Norge :) Eg fekk alle i posten dagen før. Frå Mamma, Pappa, Tommy & Daniel fekk eg Mamma Mia filmen, penge og ein leikebil! Hehe... Frå Mormor & Morfar fekk eg kort og penge, frå Farmor penge, frå Tante Anita m/fam fekk eg cd, og frå Olav fekk eg ei brun adidasjakke med rosa stripe, smykke og øyredobba :)
(Og forøvrig har eg fått penger med fleire, så tusen takk alle sammen! Dei kjem godt med til Californiaturen i Mars!)

Ellers så har eg null bilder å dele med dokke frå dagen... Grunnen er at kameraet mitt datt i golvet på restauranten og linsa vart skeiv, og ville ikkje gå inn igjen. Eg hadde tatt eitt bilde, men av ein eller anna merkeleg grunn finst det ikkje på minnekortet. Eg fekk fiksa kameraet då, men det var ikkje før vi kom heim seinare... Så det var jo min flaks på min 18 års dag...

_________________________________________________________________

Men eg kan no dele nokre bilder frå basketballkamp-oppvarminga då, ikkje akkurat så spennande, men det får no så vere :p

Time-out under JV kampen. Den fyrste JV kampen vi tapte...

Tonje er einaste med shorts! (Grunn; dei hadde ikkje nok warmup-pants...)

Igjen: Tonje einaste med shorts... (Trykk på bildet for å få det større)

Og så har eg nettopp fått eit bilde vi tok i haust, av senior-sports folka: volleyball og Am. fotball:


onsdag 14. januar 2009

Akkurat ja...


Har merka at det har blitt lite innlegg her i det siste, og eg har 2 grunnar:
1) Har ikkje hatt internett sidan Laurdag, men no er det fiksa :D
2) Det skjer ikkje noko, rett og slett.

Dei siste dagane har berre vert heilt ekstraordinært normale, dvs, det har ikkje skjedd noko spennande. Einaste som er å rapportere er at eg fekk 100% på mi fyrste anatomi prøve, og vi satsa på å holde oss der! Haha, som om det skjer. Men vi prøva no ;)

Og om dokke syns det er interressant, så er musklane mine såre i dag. Veldig såre. Men sånn er det å bu i USA, det gjer alltid vondt ein eller anna plass. Musklane, kneet, hofta, you name it. Tonje tåle ikkje trening har hon funne ut, men hon gjere det likevel :) Hon har jo ikkje tenkt å skape flyulykke pga overlast på vei heim... :D

Og, folkens, her er ein viktig nyheit: Torsdag er dagen! og det er alt eg har å sei.

Over og ut, under og inn.