søndag 25. januar 2009

I now pronounce you Husband & Wife!

I dag var eg i bryllaup, til Brogan (vertsbror) og Steph. Heile greia var veldig forskjellig frå det eg er vant med, eigentleg veldig rart, eg hadde ikkje heilt forestilt meg det sånn, men det gjekk no heilt greit :)

Vi møtte opp i kirka for bildetaking rundt kl 12. Tok ein del tid med bilda, som vanleg, og tilslutt vart klokka 2 og bryllaupet var igang.

Familien Else i finstasen. (Har bilde der eg og Isabelle er med, men ikkje på mitt kamera, så eg må få med nokon andre )

I kirka var det eigentleg det samme som heime, berre at dei hadde ikkje pynta noko særleg. Og dei hadde musikk frå cd-spelar i staden for ''levande'' musikk. Men bra musikk var det iallefall :) Kjole til Steph var kjempefin, og den passa veldig til hon. Men eg har funne ut at når eg en gong skal gifte meg, skal eg ha ein enkel, lett kjole, for sånne digre greier ser berre travelt ut!

Brudepikene + forlovaren til Steph til venstre, så Steph, Brogan og brudesvennane + Chuck som var Brogan sin forlovar.

Brudeparet.

You may kiss the bride.

Brudepar, besteforeldre og foreldre. (Bestemora til Brogan har kreft i haudet, derfor har ho hue og jakke på. Kreften har visst spredd seg til cranium eller kva det heiter, så det er visst ganske alvorleg no...)

Etter kirka bar det av gårde til Overton Familycenter der mottakelsen skulle vere. Her er det som var litt rart: dei hadde ikkje middag, så det var rett til kakene. Men vi som hadde møtt opp i kirka tidlig, var jo svoltne som hestar... Så Dave stakk ned til ''butikken'' i Overton og kjøpte minipizza til meg, han og Isabelle, for vi trengte noko skikkeleg mat før vi åt kaker. DET kan eg vedde på dokke aldri har sett folk gjere i eit bryllaup! Men ingen såg ut til å ha noko i mot det heller! Så vart det kaker. Og bryllaupskaka var den FLOTTASTE og DIGRASTE eg nokon gong har sett... Men kun ein ''del'' var ekte kake då, men likevel, heilt vanvittig stilig!

Bryllaupskaka! Ikkje kom her å sei at dinna ikkje er STILIG!

Det var ei fontene under kaka, kjempeflott!

Tilogmed bru og greier.

For noken griseunga, ete med henda!

Ellers så var det mykje folk. Rare folk. Ja eg meinar det, folk her er rare! Men det likar vi, blir mykje latter :) Ein dude som er søskenbarnet til Brogan eller noko, Rob, er seriøst den morsommaste fyren eg har møtt! Han hadde spurt Vicky om dukka honnas frøys og mykje sånn, som om han trudde det var ein ekte baby, og Vicky trudde på han! Hon kom bort til Melissa og sa: ''Han fyren der borte trur dukka mi er ein ekte baby! Du må fortelle han at det berre er ei dukke!'' Haha!! Og så prata han om at marina som han jobba i, har noko gruve i Norge i eit fjell der dei har tanks og mykje sånn... Og At han skulle dit ein gong, men so reiste han til Irak i staden for... Haha ;) Og han sa han var mekaniker i marinen eller noko sånt, og at han ikkje likte det, så han kjørte heller maskinene i staden for, for det var mykje kjekkare enn å fikse dei! Høyrest sikkert ikkje så morosamt ut, men med ansiktsutrykka og måten han prata på, var det heilt vanvittig artig å sjå/høyre på !

Nokon snille brudepiker+brudevsennar hadde det kjekt med å pynte bilen til Brogan, men han vart ikkje noko særleg glad for den omtanken... hehe x)

Og det var bryllaupet. Null dans eller noko. Jepp, heile greia var over på 4 timar. (Kjøp) Kjapt, trygt og billig, KIWI, KIWIIIII!!!

...
If two stand shoulder to shoulder against the gods,
Happy together, the gods themselves are helpless
Against them while they stand so.
~Maxwell Anderson
...

4 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

Eg e eni, kaka va utruli tøff!
og, eg må sei.. dave ekje akkurat den fyren eg ser for meg i dress x)

Hege Chatrine sa...

Jaja, ser det at tante Solveig har ei utfordring!!! Ho må vel bare begynne å øve seg om ho skal få til ei sånn kake... hehehe. Håper at det går bra med deg ellers. Klem fra det gamlaste søskenbarnet.

Karoline Refvik sa...

lika å skrive så eg:) Har du KANSJE nokke i mooot det? Du trenge ikkje svare, for eg veit det allerde =P

Men eg ser den no av og til då vertfall, kvar gong eg e ute, leita eg etter den..og du e den første eg tenke på ;)

Men detox.. det e sånn at man rensa kroppen.. får strømting på pilsårene på handa.. so ahr man føtene ned i fotbad.. så kjeme der mase gusj ut, som liksom har vert i kroppen.. skal bla anna styrke immunforsvaret:D

Karoline Refvik sa...

greit.. veit der vart litt feil :) men det får du bare takle:) og om du ikkje sjønnte det.. skulle det stå PULS årene:)