fredag 19. desember 2008

5 mnd!

Dags dato: 18. desember 08
Månader sidan Tonje forlot Raudeberg: 5

Tida går vanvittig raskt, eg heng så vidt med! HJELP!

No kjem jula,
Så bursdagen min...
-vinterferie
-tur til California
-Prom
-sommarferie 5. mai
-Graduation 9. mai...

Så sette eg kursen heim til Norge. Rart å tenke på!

torsdag 18. desember 2008

Gossip

I dag har eg opplevd noko eg gjerne kunne vore foruten.

Då vi kom ut av siste timen i dag, sa Isabelle til meg at nokon hadde fortalt hon at Eg hadde noko på gang med Chuck. Ja, Chuck er altså VERTSBROREN min. Og ditta er heilt vanvittig på jordet! Koffor i pokker seie folk sånne ting som ikkje er sant? Eg ville aldri i verden gjort noko sånt... No affense to Chuck, men eg er ikkje ein sånn person. Eg har faktisk ein kjæreste heime, og det faktum at han er vertsbroren min er ein anna grunn til at eg ikkje hadde gjort det.

Ditta ryktet får berre meg til å sjå ut som ei ''slut'' på godt gammalt amerikansk! Ikkje akkurat eit rykte eg vil ha på meg! Og Chuck var ikkje akkurat blid då han fann ut av det. Han sa at han skal kjefte personane som la ut ryktet huda full på skulen i morra. Det vil eg gjerne sjå! Haha :p

Som sagt, ditta kunne eg gjerne vore foruten. Det er så patetisk gjort! Eg trur dei gjorde det fordi dei ikkje lika Chuck, men kva har det med MEG å gjere?! Ein bør tenke seg litt om før ein seier ting som det, for det går utover fleire enn ein trur. Eg har ikkje ord for kor irritert og sint eg er no. Pokker heller, eg får fnatt! :p

Ellers så har vi final exams i desse dager, så det er litt stress med lesing og greier. Matte, fysikk og biologi på fredag, og matte del 2, historie og engelsk på mandag. Akk...

Og stakkars oss må gå på skulen tilogmed lisjejulafta... Eg har ikkje høyrt om EIN anna skule som skal gå til då. Alle andre eg har høyrt om får ferie på fredag. URETTFEIGT!!!

Men, men... eg må no vel berre leve med det. Eg trøystar meg sjølv med å tenke på at eg får sommarferie 5. mai! :D

...
The biggest liar in the world is They Say.
~Douglas Malloch
...

mandag 15. desember 2008

K A L D T . . . !

Sjekka theweatherchannel.com i dag tidlig, og temperaturen viser:

-21 grader celsius
Følest som -31 grader celsius pga vind.
(Eg var så snill at eg ''oversatt'' frå fahrenheit til celsius)

Jepp, ein smule kaldt ja...

torsdag 11. desember 2008

Julepresanga, juletre og ''pepperkakehus''

I går når eg kom heim frå trening låg det ein DIGER pakke på rommet mitt. Fra mamma! Med masse julepresanga nedi, og julesnop, julemanna, blondie & knoll og tott blad og risengrynsgraut som eg skal lage på lisjejulafta :D TUSEN takk alle som hadde putta noke nedi der!

Masse julepresanga :D .

Graut! <3

I går satte vi opp juletre og. Men vi pynta det ikkje då, det skal vi gjere i kveld. Deira juletre var skikkelig innvikla å få opp! Det var inndelt i mange dela, og det var eit lite styr å finne ut av det. Men det gjekk no bra til slutt! Men som eg har sagt før: det er ALT for tidlig å sette opp juletre no!

Halve tredet oppe.

Ein del av tredet.

I Adult Living klassa på skulen holde vi no på med å lage pepperkakehus. I morra skal det finaste pepperkakehuset kårast. Men eg må seie at det er ein merkelig måte å lage det på. Vi fekk 2 stk små melkekartonga på kvar, og kjeks som likna på pepperkake, men er kalt gramcrackers eller noko. Dei smaka ikkje pepperkake heller. Så ''lime'' vi dei på melkekartongane med noko dei kallar frosting, som er likt melis, men ikkje det samme. Og sjølvsagt pynta vi med all slags snop, men eg savna å ha seigemanna å pynte med! Eg har ingen folk som bur i huset mitt jo :p

Huset mitt, med garasje, bil, eit tre i hagen og ei slede med snop oppi.

Så fekk eg bilda fra basket i går:

Som dokke ser: ALTFOR stor uniform! Men, men...
(klikk på bildet for å få det større)

Lagbilde.
Bak frå venstre: Paige Laurie & Miranda
Midten frå venstre: Addie, Rachel, Kayla, Arran, og Mr. Turner
Framme frå venstre: Merlin, Nicky, Andie, Megan, Sarah, Tonje
...

mandag 8. desember 2008

Shopping, juleselskap og rakett-bygging.

Lørdag reiste vi til Grand Island fordi Dave og Mary skulle på EF møte, sidan dei er IEC-personar. Medan dei var på møte, køyrde Arlene (Min IEC) meg, Isabelle og honna utv.student, Constantine til kjøpesenteret. Constantine eller Conne, trengte litt hjelp av oss til å handle julepresanga til vertsforeldra sine. Gutta ekje heilt flinke på å finne på sånt! Hehe... Så sida eg og Isabelle allereie er ferdige, hjalp vi han litt ;) Fann no noke til slutt: trefigur som er veldig populært her til ''mora'', og eit Husker-krus til ''faren''.

I dag reiste vi dit igjen, for vi skulle i juleselskap ilag med alle dei andre utv.studentane i området. Vi måtte ha med noko mat frå vårt land, så eg laga lussekatta :)


Var ganske koselig å prate med dei andre studentane, og vi fekk t-skjorter i presang med IEC-ane våra, så vi fekk folk til å signere dei. Og når vi skulle dit, måtte vi ta med nokre andre utv.studenta herifrå, sidan deira familia var opptatt. Eg køyrde ilag med Dave, og vi hadde med oss Chrissi frå Tyskland (Om nokon huska, så er det ho eg skreiv om så var bitchy og greier om å bytte familie fordi ho ville heller bu i eit større og finare hus) som faktisk ikkje var så aller verst som person, og Ki Hyun frå Sør Korea. Dei bur i Kearney, så vi kjem sikkert til å ha litt kontakt med dei, som f.eks gå på kino ilag eller noko.

Ellers så har eg brukt kvelden på å mekke ihop ein rakett(ikkje nyttårsrakett altså). Eller er ikkje heilt ferdig, men har iallefall fått begynt. Det er eit prosjekt vi har i fysikk, bygge rakett av 2-liter brusflaske. Og han sa vi måtte prøve å vere litt kreative, så eg skal ha ein fallskjerm i min. Det er for det meste den eg har jobba med i kveld, for den tok tid! Blir spennande å sjå korleis raketten kjem til å fungere! Vi skal skyte dei opp med ein spesiell utskyting-ting, og dei brukar visst å gå ganske høgt.

Flaskeraketten step one. (Mangla ''finna'' og litt sånn...)

Min proffe fallskjerm!

Og forresten, vi får kanskje snø no! Men i form av snøstorm då. Tirsdagens veirmelding seie snøstorm, og dvs at vi kanskje får ein dag fri fra skulen og. Haha... Ikkje meg imot!

...
The first fall of snow is not only an event, it is a magical event. You go to bed in one kind of a world and wake up in another quite different, and if this is not enchantment then where is it to be found?
~J.B. Priestley ...

lørdag 6. desember 2008

Travel veke!

Dinna veka har vore ganske travel, har skjedd noko heile tida.

Lange treninga både mandag og tirsdag, og 2 kampar. Torsdag hadde vi vår fyrste basketball kamp, @ Arapahoe. Eg spilte berre nokre få minutt, men det var nok for meg, eg er fortsatt heilt blank på korleis ditta der fungera! Hehe... Vi vann JV kampen og tapte Varsitykampen. Og Guttane tapte Varsitykampen sin. På vei heim tok vi van'en til Trenaren. Turen tok ein time, så vi hadde ein leik, der vi spurte kvarandre: vil du heller..... eller...? Altså: ville du heller ha shava haude ditt eller drukke 2 liter melk som har stått på benken i ei veke? Eller ville du heller svømt over ei elv full av slanga eller spist hundebæsj? Og eg fekk: Ville du heller ha ete eit fiskeauge eller ein slimete slange, uten å tygge? Ugh, det var kvalmt å tenke på! Hehe... Men var morsomt då!
Vi hadde kamp i dag og, men den var her då, på skulen. Vi vann JV, tapte varsity. Kom heim hal 9.

Jepp, som sagt: har vore ei travel veke!

Onsdag var vi på Disney On Ice! Det var ein opplevelse :) Kjempekoselig ^^,

Mikke og Minni.

Udyret, uten skjønnheten.

Pinocchio.

Timon & Pumba.

Langbein, Dolly, Donald, Minni, Gini ++

Minni.

I Morra skal vi til Grand Island ilag med Mary og Dave, dei skal på IEC-møte, og vi berre slenge oss med. Så skal vi dit på søndag og, på juleselskap med EF, ilag med dei andre utvekslingsstudentane. Alle må ha med ein mat-rett eller noko frå deira land, og eg har tenkt å lage lussekatta! Gler meg, for det er så godt!

Og noko rart eg har lært: Når ein bonde rundt om her har ''gått ut'' støvlane sine, henge han dei opp ned på gjerdestolpane rundt gården! Hehe... Artig :)


No skal eg ta ein dusj og hoppe til sengs; trenge litt søvn no. Så godnatt folkens!

...
Hakuna Matata... What a wounderful phrase!
It means ''no worries for the rest of the day!''
It's a problem free philosophy..
Hakuna Matata!!!
...

tirsdag 2. desember 2008

STRESS! Og Tonje bruka no str Large.

Den siste veka har eg stressa noke heilt vanvittig med Californiaturen!

Her er det som har skjedd:
  • Eg hadde søkt om å komme med på turen dei skulle ha 21.-28. mars. Berre heilt tilfeldig, for Natalia, ho brasilianske eg møtte på leir, fekk eg aldri tak i.
  • Då eg endeleg fekk tak i ho, sa ho at deira Prom (ball) skulle vere 24. mars! Så då kunne ho ikkje reise då. Så då ringte eg EF for å bytte til andrevalget mitt. For den 3. datoen kan ikkje eg, pga vårt Prom.
  • MEN, sjølvsagt var andrevalget mitt 17-24. mars. Så då kom hon ikkje til å rekke Prom. Så då sa ho at det ikkje gjekk, og eg trudde eg måtte reise aleine då.
  • MEN (!) i går fekk eg melding på facebook med ho om at ho hadde sjekka kalenderen, og 24. mars er ein tirsdag, og ein kan ikkje ha Prom på en tirsdag liksom.
  • Og gjett ka!!? Ho hadde tatt feil mnd... Honna Prom er ikkje før 24. APRIL!
  • Så eg gjekk gjennom alt det styret om å få bytta dato, for INGENTING! Herregud for et stress... Og ho har ikkje sendt inn søknaden enda, men skulle gjere det i dag. Håpe Virkelig der fortsatt er plass, så eg har ein reisebuddy :)

Og som overskrifta seie: eg bruka str LARGE. Eller coachen ser ut til å tru det iallefall, for uniforma han ga meg for basket er så stor at berre singleten hadde vore nok ! Haha... Jepp, lappen inni seie LARGE. Trudde ikkje eg hadde lagt på meg såå mykje... (Men altså, eg var den siste som kom når vi fekk utdelt uniformane, så eg rekna med der kanskje var berre large igjen.) Men, men... Eg har ikkje akkurat tenkt å spele så alvorlig mykje, sida eg ikkje skjønna eit steikje støv av alle formasjonane deira. Og alt går så fort, for alle andre veit ka dei gjere, utenom lisje meg som ikkje skjønna noke. Men eg prøva no iallefall!! (Og viss noken vart littegrann forvirra her: eg bruka fortsatt SMALL, så det er berre å slappe av ;D )

Ellers så har vi fått billetta til Disney on Ice på onsdag; kosta rundt 90,-. Eg gler meg sånn bittelitt, føle meg som ein unge ^^,

Og apropos unge: eg såg jul i Blåfjell på nrk.no i dag, det var koselig! Og så åt eg mandarine :) Følest litt meir som jul no, sjølv om det ikkje er noko julepynt i huset enda. Men det kjem nok, håpa eg :)

...
Christmas, children, is not a date. It is a state of mind.
~Mary Ellen Chase
...