mandag 18. august 2008

South Dakota !

I helga var vi på tur til South Dakota for å besøke familien til Mary, vertsmora mi. Eg fekk køyre halve veien til, og halve veien heim. No har eg kjørt 11,5 timar, treng 50 for å ta lappen, så har enda litt køyring igjen :p Familien til Mary var litt merkelig! Begge ungane, på 16 og 17 år lespa, var veldig vanskelig å forstå kva dei sa! Og huset deira var forferdeleg rotete, og badet såg ikkje ut... Forstår ikkje at folk klarer å bu under sånne forhold, eg hadde aldri i verda klart det! Ikkje hadde dei noko særleg mat i hus heller, så vi åt frokost på taco johns... TACO til frokost! Hjelpe meg... Er glad eg er tilbake til det normale igjen :)


Isabelle, Tonje & Beth
Når vi var der var vi på ''fair'', det er på ein måte det samme som Måløydagane, med tivoli og slikt. Eg og Isabelle tok berre ein karusell; X-force. Dei hadde mange rare karusellar der! Dei såg skikkelig skumle ut! Så hadde dei låvar med ulike ''stands'' inni, der dei solgte ting som cowboyhattar, handlaga stolar, klede osv. Så hadde dei og ein låve med dyr i; som kaniner, høner, hestar, kyr, lama ++ Det var enormt varmt då vi var der; sola steikte heile dagen :) Flinke meg hadde glømt å ta med solkremen, men vart heldigvis ikkje solbrent :)




Så måtte eg sjølsvagt berre smake eit såkalla ''caramel apple'', og fy flate så godt det var! OoooH!!! Skikkelig bombe!


På vei tilbake fra fairen fekk Dave meg til å oversette nokre setninga til norsk så han kunne lære seg xD Trur ikkje eg har ledd så mykje på evigheta! Dokke må berre oppleve ein amerikanar som prøvar febrilsk å snakke norsk!! Han ville at eg skulle lære han å seie at Mary har store puppa :p Og når eg sa at boobs er puppa på norsk, sa han: det høyrast ekkelt ut!! (for poop er jo ikkje noko særleg fint på engelsk :p ) Og han hadde store problem med å seie kjøre og kræsje :p

Når eg køyrde på motorveien var det striper i asfalten så det lagde ein rar, merkeleg lyd. Eg og Dave fann ut at den lyden passa bra i ein skrekkfilm! Sånn satt vi heile tida; fann ut nye ting til skrekkfilma; som at det hadde vore knall om ein person hadde fått haudet sitt hekta inn i hjulet på ein trailer! Hehe :p Og dokke veit sånn kvitstripe på sida av veien som laga skikkeli rar lyd når du kjøre på den for at du skal vite at du er på vei ut i grøfta? Dave sa at eg måtte kjøre ut på den stripa for å sjå om den lyden kunne brukast i ein skrekkfilm, men det fekk ikkje Mary og Isabelle med seg at han ba meg gjere, så dei trudde eg holdt på å kjøre av veien! Fy flate ka vi lo då! Mary berre sa: Dave trenge å vokse opp!! Hehe, eg synst han er morosam eg :)

På vei heim såg eg eit artig skilt! Visste ikkje at Tommy hadde sin eigen restaurant her borte! :p


I løpet av mine 4 veke i USA har eg blitt bitt av maaange mygg! Og eg trur eg må vere allergisk mot amerikanske mygg, for kvar einaste gong hovnar eg opp noko heilt vanvittig. Då vi var i South Dakota såg eg ikkje ut på lår, kne og leggar... Merkelege greier...


I morra begynne skulen, det blir spennande å sjå korleis ein ekte high school fungerar. Eg og Isabelle får gratis skulemat fordi familien tenar under eit visst beløp. Så det gjenstår berre å sjå kor bra maten er då.. Eg har knekkebrød i bakhand om det vert for gale! hehe :p Så er det volleyballtrening etter skulen til hal 7. Blir ein travel dag!


Klassene eg skal ta er:
- Avansert matte
- Data ett eller anna

- Fysikk
- Biologi
- Amerikansk historie
- Engelsk
- Modern living (trur eg det heitte)


Så skal eg ha skap, som alle andre amerikanske studentar.
Veddar eg kjem til å få problem med å åpne det!!


Og lykke til med skule alle heime! Kjem til å savne klassa mi ditta året!! =/

fredag 15. august 2008

Golfer, sleta, trøtt og i køyrehumør!

No er Tonje sleta... Opp kl 06,00 kvar dag for å trene fra kl 7-9 (Mandag 7-10) tappar meg for energi. Men det har vore kjekt å prøve noko nytt, bli kjend med folk og vere sosial på ein positiv måte :)

Jogging, kneløft, finger-armhevinga, vektløfting, side-shuffles og hoppetau er noko av treningsmetodane våra. Neste veke skal vi byrje å trene med ball: gler meg, er ganske kjedeleg å berre trene kondisjon og styrke heile tida! Trenaren sa at vi har mellom 20-30 kampar gjennom sesongen, som varer ca 3 mnd. Vi skal ha trening etter skulen (15,45) til rundt 18,30. 3 Timar trening kvar dag (utenom fredag) blir nytt for meg! Veka som har gått no har eg hatt så mykje gangsperre i alle musklar at eg ser ut som ein kylling når eg går! Men i dag byrjar det å bli beire :)

Som ''ekstratrening'' og ein lagaktivitet, var vi på golbana og golfa i dag. Eg har aldri prøvd golf før! I byrjinga var det kjekt, men etter 5 hol byrja vi å bli lei! Vi skulle heldigvis berre spele 9 hol, ikkje 18. Vi brukte heller ikkje golfbil, og sola steikte enormt, så det var eigentleg litt travelt. Men alt i alt hadde vi det kjekt og kosa oss :) Så fekk vi burger m/chips til lunch... Eg likar ikkje burger, men var så svolta at eg berre måtte ete! Var ikkje så gale som eg trudde, men er ikkje noko eg kjem til å kjøpe om eg har andre moglegheiter!

Tonje, Kayla, Laurie, Megan og Nicki klare for golf!


Nicki, Megan og Kayla


Sjølvsagt klarte eg å slå ballen i buskene!!


Megan i gjørma!


Nicki i golf-posisjon.


Tonje putta eller noko sånt :p


Golfbil ! .


Tonje sin fyrste burger i U S and A .


I går var eg med Dave til ''the salesbarn'' der dei selger og kjøper kuer, kalvar og okser. Vi skulle selge ein kalv som mista mora si, som vart truffe av eit lynnedslag. Det er eigentleg ganske kjedeleg å sitte å sjå på salget, men det er og ein opplevelse :p


Alle gjekk med cowboyhatta !


Sofa for dei som kanskje synest det vert litt for kjedelig !



I dag har eg køyrt mykje! Sikkert 2 tima tilsaman. Eg likar verkeleg å køyre! Mest fordi det er så lett med automatgir. Men når eg har tatt lappen, skal vi kjøpe ein bruktbil til $100-200 med manuell gir så eg kan lære meg det skikkeleg og :) Køyrde forresten på ''interstaten'' i dag, altså motorvei. Dave var litt skeptisk, og spurte annakvart minutt: ''are you scared??'' hehe :p trur han var litt redd eg !! Ikkje at han hadde noko grunn, eg synest det gjekk heilt fint eg :) Gler meg til neste gong, mykje kjekkare å køyre i 110-120 enn i 80!

I morra reiser vi til South Dakota for å besøke familien til Mary. Vi skal overnatte der til søndag. Dave sa det er bra at eg køyrer så bra, for då kan eg kjøre halve veien til SD, som tek ca 8 timar kvar vei.

I morra har eg forresten vore vekke i 4 veker! Tida har gått utruleg fort!

mandag 11. august 2008

My precious on the wall :) + bilder av huset!

Jaa, eg savna alle heime sånn at eg måtte klistre/stifte dei opp på veggen rett ved sida av senga mi! (ja, eg ligge på toppen av ei etasjeseng)



Så har eg vore ein rundtur i huset å tatt litt bilde, så alle kan sjå :)


Kjøkkenet .


Kjøkkenbordet.


Tv-en.

Sofakroken. Sofaen er faktisk ganske god!


Badet .

... Badet .

Rommet og senga - eg ligge øverst .

Kommoden - Alt snopet til Isabelle til høgre, og mine 2 pakka med
Wasa knekkebrød til venstre :p .


Kleskapet .


Skoa våras - 99% Isabelle sine, 1% mine ! .


Volleyball !

I dag tidlig, ja då meinar eg tidlig! Sånn ganske nøyakti nesten akkurat cirka kl 06.00 sto eg opp. Treninga byrja kl 07.00 (lurer på kviifor?!?! Hallo?? kunne tatt det liitt seinare?! )Men, men :p

Då vi kom fram fekk vi beskjed om å springe/jogge 1,6km (1 mile) på 8 min(om vi ikkje klarte det må vi gjere det igjen i morra) Sidan eg er forkjøla som pokker er eg såå heldig at eg må prøve igjen i morra... æsj :p Av ein eller anna grunn fekk eg enormt sårt i sida etter 800m... skjønnar det ikkje... Eg veit eg har dårlig kondis, men eg har hatt planer om å jogge kvar dag for å komme litt i form før volleyballen, men har vore sjuk heilt sida eg kom hit... Så den planen gjekk i vasken.

Etter jogginga var det tilbake til gymsalen for litt ''rare'' øvelsar: vi måtte stå under et stativ, for å hoppe rett opp, for å sjå kor høgt vi rekk. Det samme måtte vi gjere ein gong til, bare at då tok vi springsats først. (approaching heitte det) + nokon øvelsar til eg ikkje klarar å forklare :p Etter det måtte vi løfte vekter på 100000 måtar. Neida, ikkje så mange, men you get it :) Eg kjem til å få maaasse muskla!! So watch it dudes!! :) Tilslutt var det situps og FINGERpushups!! steike det! Dei som ikkje har prøvd det; ikkje prøv! Ooohh... That hurts :p

Etter 3 timar med dinna intensive treninga, var vi endeliig ferdig... ahh.. eg ve bare sove no ! Men om litt over en time skal vi besøke en anna skule som er her, fordi Dave har lova rektoren å vise oss den, sånn tilfelle vi vil gå der (som vi ikkje vil, for skulen er gul!! hehe :p Neida, men den er for langt vekk)

Så har eg nokre bilder frå området. Ikkje noko særlig spennande men...

Huset.


The Pivits; maskiner som sprøyter vatn på maisåkeren.



Ein av dei nydelege veiane her i Nebraska!
(Dette er ein ''stikkvei'' - for å komme seg til eit jorde der kuene er)


Her har vi ''gårdsveien''. Alle veiane rundt om her ser sånn ut, utenom den på vei
inn til Kearney (byen).


Ei kyr.


Her i området køyrer vi på beitemarkene når vi føler for det !
Når vi skal telle kuer, må vi køyre rundt på marka å leite etter dei :p


Dave telle kuer :p

Litt utsikt: for det meste gras!


Den gule stygge skulen :p


fredag 8. august 2008

Teori = bestått!

Onsdag ettermiddag/kveld i bilen på vei heim fra byen, seier Mary til Tonje og Isabelle: David tenkte at når vi kjem tilbake til huset, kan dokke studere til teorien for førerkort, så kan dokke reise til Kearney i morra å ta testen!

Eg tenkte bare: er dama heilt sprø?! I Norge må vi lese i fleire veker før testen, fordi den er så vanskelig! Og likevel stryker 75% første gang! Men, men... Vi byrja å lese då vi kom heim i 8 tida om kvelden. Holdt vel på i 2-3 timar tenker eg...

Så i dag reiste vi til Kearney for å ta testen. Testen var på data, med touch-skjerm. Etter 20 spm kom det opp på skjermen: Congratulations Tonje, you have passed the test! (Altså: GRATULERER TONJE; DU HAR BESTÅTT TEORIEN!) Steike det! Hadde eg aldri i verden trudd!! Så no har eg berre oppkjøringa att før eg har lappen! Einaste minus der er: eg må vente 6 mnd etter eg har tatt teorien før eg kan ta oppkjøringa... Så den blir vel i februar ein gong tenker eg :)


Mitt bevis på at eg har lov å lærekjøre (og at eg har bestått teorien)



Så var eg i banken for å åpne konto, og få kort så eg slepp å dra rundt på alle dissa rikdommane mine! Eg får kortet om ei veke sa dei, så :)

Og for dei som ikkje allereie veit det; eg har slutta å bite negler! Eg bestemte meg for at når eg landa på amerikansk jord for første gang skulle eg slutte å bite negler. Og det har eg klart! Så no har eg laange og fine negler, og eg er stolt!! :)

torsdag 7. august 2008

Siste bilder fra campen (Litt seint, men...)

Maten på flyplassen i Denver.

Senga ! Såå go!!

Badet på hotellrommet

Hotellrommet mitt i Atlanta

Måtte prøve å tørke t-skorta! Det regna som pokker!!

Bagasjen då vi skulle reise fra campenMeg, Fendall og Natalia

Natalia, meg og Ina under fyrverkeriet!

Tonje ser ut som ei ku!!

Ina og Natalia rocka!

Fyrverkeriet var heilt fantastisk! Har aldri før sett så mykje rakettar på ein gong!

Fyrverkeri! Stiligaste bilde ever!

Raraste dama eg noken gong har møtt!

Thea fra tyskland og meg. Ho var min romkamerat :)
Koselig jente!

Talentshowet! Tonje skal ALDRI skaffe seg brille!! herregud!Applaus...!





tirsdag 5. august 2008

Den lange veien til the middle of no where!

Ja, då har eg altså komt fram til stedet eg skal tilbringe mitt neste år. Reisa vart litt lenger enn planlagt, sida eg, som har så vanvittig med flaks, ikkje rakk flyet frå Atlanta til Denver pga forsinkelsa fra Boston til Atlanta, måtte finne på noko smart sidan eg var stuck på flyplassen i Atlanta. Så lisje meg som var heilt aleine, ringte EF som sa at eg måtte snakke med folk på flyplassen, som igjen sa at det var noko gale med billetten min, så dei ikkje fekk omgjort den... Så ringte eg EF igjen, og etter mykje fram og tilbake fekk eg endelig ny billett; til dagen etterpå. Typisk. Så eg måtte då overnatte på hotell i Atlanta. Aleine. Kjedelig. men, men... Hotellet var fint, då so :)

Og for ikkje å nevne noken småunga eg måtte sitte ilag med frå Boston til Atlanta som plaga vettet av meg! Eg vart fortalt at eg var Miley Cyrus (Hanna Montana) og eg fekk ikkje lov å nekte på det. Og gutten satt og stirra på meg konstant, skikkeli skummelt! Eg hadde kun sove 2 tima den natta, så eg prøvde jo å få litt søvn, men kvaar gong eg nesten var sovna begynte dissa ungane å tyte; koffor tar alt så lang tid? Ka heite du? Kor kjeme du fra? Ka e Norge? Sikker på du ikkje e Miley Cyrus? BlæææH! Eg hadde veldig lyst å finne meg ein fallskjerm å hoppe ut av flye! Neida... :p

Søndag i 4 tida kom eg endelig fram. Etter ein time i eit liiite fly som kun tok 30personar og som verkeleg fekk deg til å føle det som om du satt i ei berg og dalbane, landa eg I kearney. Familien møtte meg då eg kom ut av flyet. Sjølvsagt hadde eg litt meir flaks den dagen; kun ein av koffertane mine klarte å følge etter meg! Og sjølvsagt var det kofferten med alle toalettsakene mine som var savna... så eg gjekk rundt å stinka som en hest heile dagen! (Fekk heldigvis kofferten min i dag!)

I går gjorde vi ikkje så mykje, var berre ut på jordene ein tur for å sjekke kuene; vi kjørte med bil rundt om på jordet! Hallo? Eg visste ikkje at bila kunne kjøre på sånt underlag...! David lurte på om eg ville kjøre tilbake, men eg fann ut at eg venta litt... Det kjem til å bli lett då; bilen har automatgir. Og folkens, dokke kjem aldri til å tru det; eg skal lære meg å køyre traktor!! haha!!! Det kan bli ein artig opplevelse!

I dag reiste eg, Isabell og David til Kearney for å selge noken kyr. Det var ganske travelt å høyre på; for det var auksjon. Fekk ikkje med meg eit kvekk av det auksjonær-mannen sa! Etter det måtte vi reise til Grand Island på eit EF møte. Der møtte vi andre EF studenta; bl.a ein som hadde vore på leiren, men som eg aldri har sett før! Hehe :p

No skal eg legge meg, ska sjå om eg får lagt ut nokre bilder ein anna dag.

Forresten, eg og Isabell skal vere senior! Det betyr at vi kanskje får vere med på graduation!! Eg gler meg :)