søndag 24. mai 2009

Ein kveld med Sør-Korea, Tyskland, Venezuela, USA & Norge

I går hadde vi grillparty og bowling ilag med dei andre utv.studentane i området her :)

Vi grilla i ein park i Kearney, men endte opp med å rømme pga regn. Ja for det skjer jo sånn ca 2 gongar i året her (okei eg overdrive nok litt...) så det var lite kjekt. Men, men!

Så då stakk vi for å bowle i staden for :) Bowling er alltid like kjekt! Eg kom på andre plass, med 5 poeng mindre enn Torben som vann. Men han hadde bare flaks, eller ka? :D Ki-Hyun var ikkje like heldig, og endte opp med heile 20 poeng eller noko. Må jo ha nokon som setter standard og vel? Hehe :)

Vi hadde det kjempekjekt, og det er litt synd at det er siste gong vi sikkert ser kvarandre. Torben reiser heim om 3 dagar, Ki reiser 31. mai og Diego veit eg ikkje heilt. Men vi skal møte han igjen sikkert, for han skal ha avskjedsfest eller noko når foreldra hass kjem 5. juni.

Tonje & guttaboys.
Heile gjengen; Ki, Tonje, Diego & Torben.

Torben, Dave & Ki.

Mangla ikkje godt humør her nei! Tonje & Torben.

Ki & Tonje.
Ki & Tonje, igjen.


3 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

Det der såg no kjekt ut :)

Karoline Refvik sa...

Eg veit, man hadde ikkje tida til å forandre på det akkurat då din pirk ! =P

Karoline Refvik sa...

men no har eg forandra det;)