I dag hadde vi då altså graduation! Det begynte med at vi troppa opp på skulen halv 1 for å ta bilder og litt sånt styr. Seremonien begynte halv 2. Heile greia var vel egentlig likt honors night, at dei sa navna våra, og vi gjekk opp på scena og tok i mot diplomaen. Så hadde dei eit slideshow med bilder av oss alle i klassa, ein og ein, men babybilder osv.
Etterpå var det gratulasjonar i den gamle gymsalen. Vi sto alle i ei linje, og folk gratulerte en etter en. Eg trur aldri eg har fått klem med så mange folk før, på ein dag! Som eg i tillegg ikkje har LITT peiling på ken er eingong! Så hadde kvar senior eit bord der folk putta presanga og sånn, og jaggu hadde folk putta ting på mitt bord og ;) Ikkje verst altså ;) Fikk mykje body-lotion og såpe, og penge ($75 som er ca 500.-) og litt sånn forskjellig.
Så hadde vi reception etterpå, her i huset. Vi rydda og vaska i HEILE går, eg og Melissa. Så det var for ein gong skyld ikkje rotete her ;) Vi hadde ost og kjeks, grønsake og dip, og kylling+kalkun smørbrød. Og Snickerskake, og seff den vanlige amerikanske kaka som aaalltid smaka det samme, som aaalltid er den kaka folk har når dei har ei tilstelning. Blir dei aldri lei??