fredag 10. april 2009

Bleieskiftarbeider

I går fekk vi beskjed om at vi måtte ha med babyane våra i Adult Living heimatt. Og folkens, ditta var ikkje litt sånn som på tv engang. Dukka var blytung, babya vege ikkje så mykje. Eg har faktisk holdt ein før liksom. Og den var veldig lite bevegelig så den kjentest rett og slett ut som en stein!


Bak på ryggen hadde den en boks, som er babyen si ''hjerne''. Den skreik no vel litt no og då, men problemet var at ingen av ''nøklane'' vi prøvde å putte inn (mat, rape, bytte bleie osv) virka før vi hadde putta dei inn ti tusen gonga (jada, eg veit eg overdrive en smule)Så eg tok ut batteriet på natta, for eg hadde plana om å sove :D Sånn går det... x)

Og vi måtte jo dra med oss dinna babyen overalt. Og vi skulle ut til kyra og merke kalvar. Jada, det var jo smart. Full bil + en stk baby. Æsj eg syns ditta der vart litt for teit? Men, men....

På skulen holde vi fortsatt på med kattane våra. Eg og Kayla er komt lengst, men det er fordi vi alltid er der! Dei andre er enten på track-meet eller golf-meet... Om våren her gjere vi nesten ikkje noke, for det er alltid iallefall 1/3 av klassa vekke. Gjere meg ikkje noke :D I fysikk holde vi på å bygge bruer, det er faktisk ganske kjekt :)Men det er litt trist å tenke på at bruene vi har brukt snart 3 veker på, skal bli knust i tusen bitar den dagen vi skal teste dei. Men det blir spennande å sjå kor mykje dei helde :)

Ellers så har vi påskeferie no. Eller ferie og ferie, det er snakk om fredag + mandag. Men I guess it's better than nothing :)

No er det akkurat ein mnd til graduation, og dvs ein mnd minus 4 dagar til siste skuledag! Yeeey! Skal bli deilig med lang ferie! Trenge å begynne å få ferdig scrapbooken min, for eg har en haaaaaaaug med bilder. Kjem til å ta eit halvt liv! For å sei det sånn, eg veit ikkje om eg får den ferdig til eg kjem heim... Men vi får sjå :)

Og så må eg seie: er litt skuffa over tilbakemelding på videobloggen. Det blir ikkje gjort igjen berre så det er sagt :P

Og så eit par bilder til frå Prom:
Merlin, Andie og meg.

Meg og Sarah.

Meg, Isabelle, Nicky, Mark,Merlin, Ben og Marlon inne i State Capitol bygninga i Lincoln.

8 kommentarer:

Martine sa...

Eg syns du ska lage fleire videoblogga!:(
Heite babyen din Billy forresten?:D

Tonje sa...

nope, de skjer ikkje :D

han heite Billy ja. Isabelle som døpte han for vi skulle egentli ha kvar sin, men so virka ikkje den andre så vi delte i staden for :P

Martine sa...

hehe, okei:P
men no ska du høyre her; eg laga en, so laga du en;) deal? :D

Karoline Refvik sa...

Eg syns virkeli du kan lage videoblogg :D Jaffal til meg, for eg e flink å kommentere :D

og som eg sa til deg på msn, kult at dokke har sånne babya!=P

og kattane.. æsj!

Anonym sa...

eg og vil gjerne oppmuntre deg til å lage fleire videoblogga:D
det va kjempestili;)

Anonym sa...

Hei tante Lena her..
Tar du ut batterienen i baybyen om natta! Det kan no ikke være lov?
Flott videoblogg. Jeg forstod ikke hva de var med en gang....
Her er det påske stemning med blanda vær. Snøen er nesten vekk fra plenen så det er snart tid for utearbeid i hagen. Ellers har vi det helt topp. kommer du på besøk i sommer? Klem tanta og onkel kjetil.

Anonym sa...

Hei Kine her
Har ikkje sett videoen før i dag. Kult.... Kjekt og sjå at du kosa deg. Vi kjeme nok ikkje og tar i mot deg på gardemoen, men skal bake ei kake til deg når du kjem heim til raudeberg:)

Anonym sa...

Hvordan skal du feire 17. mai?
skal du ta med norske flagg eller noe? :)