fredag 6. mars 2009

Sommar?


I dag hadde enkelte folk i klassa bestemt seg for å ha Senior Skip Day.... Skulkedag; dei brukar visst å ha ein sånn dag for seniorane. Men det vart ikkje heilt sånn vi hadde tenkt det, det endte opp med at eg og Isabelle gjekk på skulen i staden. Eigentleg var det mest fordi Dave ikkje ville at vi skulle henge ilag med Taylor og den gjengen, for dei er kjent for å drikke og sånn, og det lika ikkje han. Ikkje at det var noko plan om å drikke midt på dagen heller, men dokke veit korleis voksne folk er... Har ikkje noko moro i livet! Hehe...

Men det gjekk no greitt på skulen, var dei smarte folka som var der. Altså folka som har matte, fysikk og biologi; sånn som meg, så eg var ikkje aleine, sånn som Isabelle (Som tar dei ''domme'' klassene)

Og ellers så var det kjempevarmt i dag. Eg vil seie sånn som ein fin sommardag i Norge, med sol og rundt 20-22 grader. Så eg tok meg ein joggetur i fineveiret, har følt meg så lat dei to siste vekene etter basketsesongen va slutt, så no måtte eg dra meg sjølv litt i nakken for å beholde kondisen eg har no :)

Lørdag skal vi til Grand Island for å shoppe kjole til Prom. Eg vil ha ein knelang ein, som er raud. Håpar eg finn ein :)

Og har forresten fri i morra, vårfeire. Vi er så heldige å få ein HEIL dag ferie. Yeey!

...

2 kommentarer:

Lene sa...

20-22 grader! så heldig du er

Karoline Refvik sa...

Det sto mellom Marie og Bilar,, so ville vere litt girlygirl :D

Eg drømmte forresten masse rart i natt, masse funny! og du va med=P

Men du, du skulle no ha joina dei på skulkedagen då;)