søndag 15. februar 2009

Happy Valentines Day!

Då var dagen komt til USA, 14. februar, Valentines Dagen. Her borte er valentines nesten like stort som jul. Heilt seriøst. Har vore hjerter og sjokolade og kort overalt i butikkane i fleire veker no. Kom rett etter at alle juletinga forsvann. Heilt på tryne eigentleg! Men det er jo litt koselig :) På skulen har FCCLA solgt ''crushes'', som er brusboksar med det navnet, som folk kan kjøpe til andre som dei er forelska i eller som dei likar. Og så i går var det plana at folk skulle få ''chrusha'' sine, men vi fekk snowday i staden for. Fri frå skulen pga snø! Sært altså, var ikkje mykje snø eingong... Hehe, men eg klaga ikkje :D

Så reknar med chrush-ane blir levert ut på mandag ;) Er heilt anonymt då, så viss eg f.eks får ein, har eg ikkje peiling kem det er frå. Hehe ;)

Ellers så har vi jo fått snøv :D Kjempekoselig ^^,

I dag hadde vi vår siste basketballkamp i serien, før kretsmesterskap. FY FLATE for ein bra kamp! Fekk skikkeleg adrenalinkick av heile greia! I siste quarter var det kjempejevnt, og det var knallspennande å sjå på! (jadda, jadda, eg satt på benken... Men eg brukar ikkje å spele på varsity så mykje uansett.) Sjølv om eg ikkje spelte, men berre satt på benken, vart eg sikkert like glad som dei som spelte! Berre følelsen av at laget vann, var heilt fantastisk! Går ikkje an å beskrive ;)

Ellers så var vi på Amigos og åt seinare. Vi hadde med oss Torben frå Tyskland, for han kjeda seg visst litt i Miller virka det som. Så vi syns litt synd på han, og tok han med. Hehe... Koselig fyr :) Eg er ikkje heilt fan av Amigos, men eg får ikkje alltid bestemme, så måtte berre følge med.. Men eg overlevde no ;)

I morra skal vi sikkert i bursdag til Vicky, som er tante/unkleungen til Dave og Mary :) Pizza og kake, ja takk :D

Så må eg berre fortelle noko morsomt! I går kjøpte eg meg kvite dongeribukser (140kr!!!), og hadde dei på meg i dag. Og sida det er snøv ute, hadde eg tjukkesokkane utapå buksa for å ikkje bli våt. Og då eg kom inn i huset i kveld, ser Chuck rart på meg og seie: Går du seriøst med KVITE bukse?? Og I TILLEGG MED SOKKANE UTAPÅ???... Han va heilt seriøs liksom... Og så sa han at det var berre raart, og at viss eg gjekk med det på skulen, skulle han spørre alle han hang ilag med ka dei syns om det x) Herregud! Eg sa no at eg bryr meg ikkje, eg har min eigen stil, drite no i ka andre synst :p Og Tjukkesokka utapå buksa e STILI! hehe ;)

4 kommentarer:

Karoline Refvik sa...

Eg syns no valentines dagene ganske koseli ;) og e no beire at butikkane e fulle av alt styr enn at der ikkje e nokke =P For her har det ikkje vert så masse!=P

og her fere snøven nesten, ganske trist egentli!

Anonym sa...

gratulerer med ny bukse,og kjukkeleste er stilig.
du får nok det let med å finne ut hvem som har et godt øye til deg vist der er noen med sunnfornuft vil nok dei velge å gi chrush-ane til den super duper kjekke smarte positive og ikke minst pene jenta fra norge.
hilsen tante linda

Karoline Refvik sa...

Du har jo virkeli lyst at eg skal komme dit du ^^, Søtt!:) hehe =P

Men du, velkommen etter, eg har vert sjuk ganske ofte i nokken år eg, så viss du ikkje har fått det med deg no, så e du litt seint etter x)

Karoline Refvik sa...

og.. forresten..har et nokke å legge til siste kommentar.. Egentli så har eg ganske så lyst bort til deg asso<3 Hadde livet vert litt enkalre (og billigare x) ) Hadde eg ikkje vert i tvil om å komme;)