skip to main |
skip to sidebar
litt om alt og ingenting >
- No har den amerikanske økonomien gått på en smell.... lurer på om dollaren har tenkt å gå ned igjen litt... syns den er begynt å bli ganske høg no...!
- Kina kjem til å ta over USA, for USA skyldar dei 40billiard eller noko sånt, og Kina fann nettopp ut at dei vil ha pengane sine.. Jepp !
- Tonje har 3 prøver på fredag, + at det er kampkveld i dag, så ho er ganske irritert no...
- Men ho er likevel glad, for ho har A (6) i matte! Og vi snakka om avansert matte her folkens...
- Amerikanarar er rare: dei likar ikkje ost og kjeks!
- Alle ser rart på Tonje i lunchpausa, for ho er den einaste på heile skulen som drikke vatn... Ja hon må vere skikkelig rar, kor outsider går det an å bli?
- Isabelle og Tonje klarte med glans å kle seg nesten prikk likt i dag, uten at nokon av dei visste det før dei møtte kvarandre på kjøkkenet... Svart bukse, grønn t-skjorte og kvit bommulsjakke... Jepp, ikkje planlagt... Er det mulig?!
- Tonje fann nettopp ut at det er æ, ø og å på ditta amerikanske apple mac-tastaturet! Må berre trykke ''alt'' og a, o eller en anna knapp for å få dei bokstavane! Smarte datafreaken Tonje :D
- For 3 dagar sidan hadde vi frost om natta... Det betyr at store delar av maisen og bønnene våra vart ødelagde... Som igjen betyr: mindre penge...
- Men likevel har Dave tenkt å kjøpe ny bil i dag!! (skal bytte den med ein gammal dei har, og betale mellomlegg)
- Og så har han planer om å kjøpe nytt hus! Ikkje meg imot!
- Ellers så får Tonje meir pengar i dag på kontoen! Har enda rundt 3-400 kr igjen, så eg har klart å holde budsjettet så langt...
- Tonje solgte ein 5kr og eit kronestykke til Dave for ein dollar, fordi han ville ha den for å vise den til Ernie, som er blind. Pga hola midt i pengane liksom! Hehe... Han varnn var superfacinert av heile greia!
- Då Tonje snakka med folk heime i helga, sa mamma at Daniel hadde vore inn på bloggen min, og lest ALT som står der! Eg må sei eg er imponert, Daniel! Fortsett sånn :)
- Ellers var det berre det eg hadde på hjertet no, over og ut …
2 kommentarer:
Hei Tonje.
Sitter her trøtt som ei strømpe og skriver til deg.Kom att frå Tyrkia i dag og har bare sove 4 timer dei siste 38 timane så no skal eg snart finne senga. Måtte bare sjå korleis du har det først. Gratulerer med ein flott mattekarakter.Stå på og opplev alt det nye du kan der borte. Og så må du lage mange gode kaker til dei.
Klem fra tante Solveig.
Åå :) Eg sov lite då eg reiste over her og, så eg veit korleis det er! men eg sov ikkje på 48 tima trur eg...
Takk :)
Hehe, ja vi får sjå :) dei er veldig flinke til å lage kake her og, og dei er gaanske så mektige!!
Legg inn en kommentar