Søndag laga eg og Isabelle cupcakes, eller muffins med glasur. Gjett om det var godt! Men gjett om det var usunt! Dokke vil ikkje vite kor mykje sukker og smør som var i dei... !
Tirsdag hadde vi volleyball-kamp, eller ''varsity'' laget hadde kamp. Eg og Isabelle filma igjen; vi er blitt ganske proffe på det området no! hehe...
Onsdag tok vi fri fra skulen for å reise til Grand Island å sjekke ut Husker Harvest Days; verdens største farmshow! Stort var det, det skal dei ha! Men ikkje heilt mitt område då... Masse traktorar, pivits, calmines (som dei haustar maisen med) osv.
Sjølvsagt har dei cowboyhattar der og; eg finn dei overalt!
Tok bilder av nokre traktorar, berre for Onkel Kjetil si skyld ;)
Den der va jo eigentleg litt stilig !
Den var enda stiligare :)
Vi satt og i EF sin ''booth'', og reklamerte, og prøvde å få folk til å skrive seg opp som vertsfamilia. Vi satt der i over 2 timar, så eg vart litt kjedsom etterkvart, så eg måtte no finne på noko artig. Så eg fann nokre klistremerke og klistra i ansiktet mitt, så folk hadde noko å le av :) Hehe, eg trur eg gjorde Isabelle litt flau!
Eg kjeda meg littegran ja :)
Som dokke sikkert ser; eg har lagt på meg littegran sida sist...
Dave dela gladelig ut reklame for EF... hehe...
Etterpå gjekk vi rundt og såg på alt. I dei forskjellige ''boothane'' hadde dei allti noke snop; drops, sjokolade eller popcorn, så vi var ganske så mette då vi gjekk derifra! Popcornet var det beste eg har smakt! (Og ja folkens, eg har begynt å ete popcorn!!)
I Helga blir det hektisk; fotballkamp på lørdag og EF møte på søndag. Men eg skal prøve å skrive litt uansett, vi får sjå etter fotballkampen; må no ta nokre bilder der :)
Ellers er det over og ut; ikkje noko meir interressant å fortelle....
5 kommentarer:
Ver sikker! Når du kjeme heim blir det movie time med popcorn :D:D hehe
=P
Og muffinsane såg nydlege ut :D Rekna med du tar med oppskrifta heim x)
har du klipt deg?:P
(Martine;)
nei, ser berre sånn ut på det eine bilde xD
Men ska klippe meg snart, må de... lure på å gjere de sjøl :O hehe :p
hehe, okai:P
men viss du klippe deg sjøl og de blir fint, så ska du få begynne å klippe meg når du kjem heim;D for eg va nemmeli te frisøren no for ikkje så lenge sida, og sa eg ikkje skulle ta noke på lengda.. så blei de kjempekort!:O eg så hadde vert så flink å spare... :/
hei,,
Tanta og mamma prøver og hilse på deg.... Har du det bra over der?Gi oss tilbakemelding om dette er riktige måten og gjere det på....
Legg inn en kommentar