tirsdag 5. mai 2009

Smooth away

Folkens: dataen min er oppe å går igjen, den berre bestemte seg for å virke. Ikkje meg imot!

I dag har eg hatt Honor-dagen min, som eg har forklart tidligare. Fekk unnagjort pugging til dei 2 siste eksamenane; anatomi og matte. Trur ikkje dei kjem til å bli noko problem :) Siste skuledag i morra!

Ellers så tok eg meg ein joggetur igjen, er begynt å få beire kondis no kjenner eg! Eg har iallefall blitt sprekare ditta året her i usa, ken ville vel ha trudd det? (Men liiikevel legge en på seg, hæ? Det er ikkje rettferdig...)

Så tilbake til dagens overskrift. Var på Walmart her om dagen, og kjøpte eit nytt produkt som eg såg på tv. Brukar vanlegvis ikkje å tru på sånt, men Isabelle hadde allereie prøvd og ho sa det virka. Så eg kjøpte meg ''Smooth away'', som er en form for hårfjerning. Det funka berre på leggane for min del då, men det var sjokkerande bra då! Ein berre gnekar vekk håra på en måte, litt vanskelig å forklare. Men slepp å dille med høvel og barberskum, så det er greitt å ha! Var ikkje dyrt heller, 70,- for 5 stk store og 5 stk små. Men anar ikkje kor ofte ein byttar då, har berre brukt det ein gong.

søndag 3. mai 2009

At det gaar an!

Veit eg lova innlegg etter 5 kommentarar, saa her kjem det:

Ja no har eg klart det: oydelagt dataen min! Eller eg har ikkje gjort det, men den virkar iallefall ikkje. Da eg kom heim i dag og skulle bruke dataen, var det dogg paa skjermen og paa tastaturet. Eg slo den paa, saag ut som at alt var fint, men det kom aldri noko opp paa skjermen. Og sann har den vore sida. Har ikkje peiling paa ka som kan ha skjedd! Men haapar det berre er skjermen, saa eg kan redde harddisken iallefall. Saa det blir nok ikkje saa mykje bloggskriving fra no av om eg ikkje faar fiksa dataen...

:(

Ja det var igentleg berre det eg hadde aa skrive om..
(Forresten for dei som lurte, brua laga eg av noko dei kalla basswood her. Har ikkje peiling paa det norske navnet for det.)

fredag 1. mai 2009

Ditta er eit spm, ikkje eit innlegg ;)

Ka slags bilder snakka dokke om? (Martine og dokke i gt 5)

Er berre filmen som er i innlegget om bru-testinga... Men eg huska eg var inn på bloggen når eg var på skulen, og då såg det ut som det var meininga der skulle vere 2 bilder, men dei ''kom ikkje fram''. Eg skjønnar ikkje koffor, for eg hadde ingen bilde i det innlegget.

Jaja, rare greier :)

(- Ikkje gløm å les innelgget under, om du ikkje har gjort det :D )

Brutesting og neon-farga lunsj


I går testa vi bruene våra i fysikk. Korleis det gjekk med mi kan dokke sjå på videoen.

Det endte opp med at brua mi var best, den holdt mest vekt før den knakk ihop. Eg sa til noken at den holdt 29.1 kg, men det var feil, for Mr. Ronnenkamp, læraren, hadde tatt feil. Han hadde glømt å skifte fra pund til kg på vekta, så 29.1 var i pund og ikkje i kg. Men i kg var det ca 13.2, som ikkje er verst det heller. Hadde ikkje trudd dei kom til å klare så mykje! Tenkte liksom max 5 kg...



Utenom det hadde vi ''Norway day'' i lunsjen i dag; der eg hadde gitt dei oppskrift på karrikylling og ris. Smakte heilt himmelskt! Men sausen såg så gul ut at den såg neon ut! Såg ganske sjukt ut! Men det var iallefall godt :)


No har vi berre 3 skuledagar igjen! Eller eg har 2, for skal ta fri på mandag; skal ta honor-dagen min (Om ein er på ''honor-roll'' dvs har A i snittkarakter, får vi ta oss ein dag fri når vi vil uten at det går på fravær.) Sidan alle folka som er i track skal hjelpe til med ''fun day'' for småskuleongane, kjem det ikkje til å vere nokon igjen i klassa nesten uansett. Så då søve eg heller litt lenger og slappa av :)

Og folkens... Eg sette eit ultimatum no, for det hjelp ikkje med ''klaging'': det blir ingen nye innlegg før eg har iallefall 5 kommentara på ditta. Dei 3 siste innlegga er det berre Karoline som har kommentert! Som eg har sagt før, eg gidde ikkje å blogge for meg sjøl... (Og på besøkstellaren er det ca 30 innom kvar dag, så det burde ikkje vere så vanskelig :D )

tirsdag 28. april 2009

Ingeniør eller arkitekt eller noko?

Dagens sitat fyrst:

Mark: ''Guys! take it easy, we are graduating in just a couple of days... (nokon sekund pause) Yikes! We are GRADUATING!!!! Oh, noooo...!! I don't wanna be a big booyyy.... =/ ''

Hehe x) Vart ein god latter i klassa der ja! Spesielt pga tonevalget, han høyrdest ut som han holdt på å begynne å grine :p

Så tilbake til overskrifta. Ja no er vi ferdige med bruene våra i fysikk, i morra skal dei testast. Og knusast i tusen bitar! Gjenstår og sjå no kor bra eg eignar med som brubyggar. Ka dokke trur? :p

lørdag 25. april 2009

Gårdsliv

Det har i grunnen ikkje skjedd så veldig mykje dei siste dagane, det går mest i det vanlege: skule, eting og soving.

I går var det ei kyr som hadde hoppa over it piggtrågjerde, og kutta halvveis av eine tingen på jura (huska no pokker ikkje ka det heite på norsk! Hehe). Såg ut som det var veldig sårt då, dreiv å blødde som bare det! Og i tillegg kom det fortsatt melk ut! x)

Så eg og Dave fekk dei lasta inn i hengaren og køyrt til dyrlegen med den. Då vi kom dit holdt dyrlegen på med å svimerke ein anna fyr sine voksne kalva. Fy flate så det stinka! Brent ''hud'' er det verste eg har lukta trur eg :S Men det var ganske interressant å sjå på då. Og så ga han dei veksthormona så dei skal vekse raskare. Det har visst vore nokre debattar om at det er derfor jente utviklar seg raskare no enn før pga dei veksthormona i kjøttet liksom. Personling trur eg ikkje det har noko med saken å gjere, men kem veit?

Ditta der tok no ei heil evighet då, så vi slapp ikkje til før 90 min etter vi var komt dit! jaja...
Dyrlegen ga kyra bedøvelse så ho sovna. Så binda dei ho fast i eit gjerde så om ho våkna kunne ho ikkje røyse seg. Så var det fram med nål og tråd. Han sydde ihop såret så det såg nokolunde greitt ut. Så no skal Dave selge ho neste gong dei har ku-salg eller ka det heite, for han vil ikkje ha den lenger. Stakkars kyr! Haha...

Ellers er det ikkje noko meir spennande. I dag har eg holdt på med å fikse på særemne oppgava mi, som var eit eller anna gale med i følge læraren. HERREGUD. Hon sa ikkje til oss korleis vi skulle skrive dei, så pokker! Vi er no ikkje tankelesarar heller akkurat... Ho er definitivt den værste læraren eg har hatt. Gjere ikkje ein dritt, berre forlanga at vi skal gjere ditt og datt, uten å lære oss korleis vi skal gjere det. Eg spurte tilogmed korleis hon ville ha det (for eg var i California den dagen dei begynte på det) og ho sa berre at eg kunne lese i ei bok hon ga meg. Jadda, lese KA? Heile boka?! Eg får fnatt... Men no er eg forhåpentleg ferdig, så no skal eg slappe av og ikkje tenke meir på den teite oppgava, og heller jobbe litt med scrapbooken min :)

tirsdag 21. april 2009

3. verdenskrig?

Ja no har det jaggu gått hett føre seg her i huset! Var nesten så gale at vi holdt på å kalle inn forsterkninga frå Afghanistan.

Det byrja fyrst med at dokke veit kem tok ifrå meg telefonen når eg skulle bruke den. Høyrest kanskje ikkje så gale ut, men alle detalja må fram: eg hadde avtalt med Olav at eg skulle ringe han kl 12 søndags kveld (norsk tid). Ditta hadde eg lenge tenkt å gjere men det har aldri passa, og no var plana klar. Så var eg med Dave for å hente noko han hadde kjøpt en eller anna plass langt vekke. Eg ga han grei beskjed om at eg måtte vere heime igjen til kl 5 (Nebraska tid). Jada, vi kom heimatte kl 16:45, så eg hadde litt tid på meg. Eg henta telefonkortet og tok telefonen, og berre venta på at Olav skulle komme heim te seg så eg kunne ringe. Men kem andre enn dokke veit kem, kjeme og seie at sida eg ringte tidligare på dagen(til mamma og dei) så hadde eg ikkje rett på å ha telefonen meir den dagen. Så hon tok frå meg telefonen for å ringe systra si, som tar ei heil evighet! Hon hadde hatt heile pokkers dagen på å ringe hon, og dei har berre en time tidsforskjell! Ka va probleme me å vente en liten time så eg kunne ringe fyst? Neida, så lite egoistisk ekje hon. Så det endte opp med at eg ikkje fekk ringt, for det vart for seint når ho endeleg var ferdig. Faen heller (unnskyld språket) men eg har no fått nok av råttent bortskjemte små drittunga.

Og seinare på dagen rauk hon ihop med Dave. Den krangelen gidde eg ikkje å gå i detalja om men det var den som nærma seg innrykkninga frå Afghanistan. Roping og skriking og slamring med skuffe og skap og tåre og kjefting og ja gudane vete kva meir. Eg og Chuck hadde full underholdning her vi satt på stua, medan krigen tok sted på rommet mitt. Ja folkens, eg får no vel seie: eg er ein smule glad vi bur uti hutiheiti, ellers hadde vel purken troppa opp på døra og spurt om kem vi prøvde å drepe.

Så der var ei lita oppdatering på paradislivet i Nebraska; fortsettelse følger sikkert... Hehe

(Og forresten, i dag så klarte dokke veit kem å ødelegge dataen sin. Knuste skjermen eller noko. Det er vel sånt som skjer med folk som ikkje er snille med andre folk, eller?)

Og for dei som er interressert så har eg nettopp vore og jogga/gått tur i fineveiret. Det er begynt å bli ganske gode temperaturar her no ja :)