tirsdag 31. mars 2009

Sa nokon påskeferie?

Ja eg må seie det er litt trist å høyre at alle gler seg sånn til påskeferie, når eg ikkje får påskeferie sjølv :( Eg har funne ut at her borte feirar dei ikkje nokon ting! Altså, religion og alt det der er så innmari viktig, men det er ikkje snakk om å feire påske liksom. Neida. vi får EIN dag fri, og det er langfredag... Ikkje noko påskeegg fylt med smågodt, ikkje påskekrim på tv'en, ikkje slalom i dalen og ikkje noko sitting i campingvogna under eit godt og varmt pledd med ein kopp kakao og kvikklunsj...

Men eg har iallefall eit par lilla kartongar med fylte påskeegg frå Leite, og eit par kvikklunsjar att frå jul (ja eg har enda mykje godt på lur frå jul :D ) - og så skal eg finne meg ei appelsin og gå meg en tur i det snøfrie landskapet her å få litt påskestemning når den tid kjem! Hehe!
Og når det kjem til påskekrim, får eg finne fram fritt vilt 2 som eg ikkje har hatt tida å sett endå, så skal vi no sjå at det blir littegran påske likevel :)

Ellers så er det prom til helga. Blir gode greier :) Med limosin og heile pakka, kan ikkje bli meir amerikansk vel?

I morra skal vi på senior trip til eit fengsel i Lincoln. Bussen går kl 7, så det blir tidlig morgon må eg seie... Men vi overleve nok :)

Og...trommevirvel...........

Eg har fått heimreisedato og tid!

(har ikkje fått tid for fly frå Kearney til Denver, det får eg seinare)

Denver (dep: 20:15 - 9. juni 2009) --> London (arr: 12:10 - 10. juni 2009) Altså laang flytur, men er midt på natta då, og så må vi rekne for tidsforskjell, så det er ikkje såå gale som det ser ut til.

London (dep: 17:00 - 10. juni 2009) --> Oslo (arr: 20:10 - 10. juni 2009) Så Tonje landar på norsk jord 10. juni 2009 kl 20:10 - og forventar vill velkomst på Gardermoen! Haha :D

yes, så då gler vi oss til Norge :D (Ikkje misforstå, eg lika meg fortsatt her, men Norge er best, uten tvil!)


Og forresten: Gratulerer Tante Lena med overstått; eg visste du hadde bursdag, men eg fann ut at du fekk så monge helsinga at mi kunne vente :D Så er vi skuls :) hehe
...

mandag 30. mars 2009

Kommentering

Ja folkens, då har eg funne ut at det går an å fjerne ''bokstav-greia'' når ein skal kommentere, så no har dokke ingen unskyldinga for ikkje å kommentere :) Snakka med mamma om det lisje problemet i går, no er det løyst, så berre kommenter i vei folkens :)

fredag 27. mars 2009

Etter mykje styr og balj...

Er endeleg alle bilda fra turen (sånn utenom bilde som er av så og seie dei samme tinga) lasta opp på Facebook for dei som er interressert :)

onsdag 25. mars 2009

Disneyland og ''bye bye California''

I går tilbragte vi dagen i Disneyland. Og sida veiret har vore så kaldt alle dagane pga vind, kledde alle seg ''godt''. Men då skulle sjølvsagt vinden roe seg så vi holdt på å daue av heteslag! hehe...

Disneyland var ikkje akkurat heeilt sånn eg hadde forestilt meg det, men det var ein kjekk dag :) Vi traska rundt og såg på alt det rare og stilige rundt om, og tok ein ''rollercoaster''-tur i ny og ne, sjølv om ingen hadde loop eller noko sånt, var det likevel kjekt :) Det hadde nok vore litt kjekkare om vi hadde fått gå inn i ''California''-parken, for eg trur det var der dei kjekkaste tinga var... Men sånn er det berre, ein får ikkje tida til alt!

Vi kom tilbake til hotellet halv 12 om kvelden. Jepp... Så då fekk eg heile 3 timar søvn før eg måtte opp kl 3, for å reise med bussen til flyplassen og fly tilbake til Nebraska.

Men eg hadde ei heilt fortreffeleg veke! Det var så kjekt å treffe Natalia igjen! Eg veit iallefall at eg skal ha meg ein tur til Brasil om ikkje så alt for lenge :)








...

mandag 23. mars 2009

Venice Beach & Santa Monica

Ja folkens, i dag er dagen for å tilstå at veiret her i California er IKKJE som forventa. Vi har fryst ræva av oss kvar einaste dag, for både sola, og måling av temperatur har lurt oss. Ordet er vind. KALD vind. Ja det har øydelagd mykje... Men sånn er det vel berre...

Sånn utenom den kalde orkan-vinden (ja det føltest sånn ut!) har vi hatt ein flott dag! California har veldig mange nydelege plassar, det skal staten ha. Spesielt strendene! Men idyllen blei som sagt litt avtatt pga den kalde vinden... Så det vart null bikini og bading på oss.

Så vi tok oss heller å spaserte gjennom promenaden, gjekk å kika i butikkar, og såg på gate-talent som opptredde med ulike stunt, sang, dansing osv.

I morra blir det siste dag! Veka har gått aaaalt for raskt! Plana for i morra er Disneyland, så det gler vi oss til :) I morra skal eg iallefall kle meg godt, for eg er lei av å fryyse! Hehe... Så det blir langbukse og collegegenser ja :p



Santa Monica Beach.

Tonje og Natalia @ Venice Beach.

Venice Beach.


I ein butikk i den danske byen ''Solvang''. (Frå fredag...)

søndag 22. mars 2009

Los Angeles, Hollywood & Beverly Hills

Folkens folkens folkens... Det hadde vore veldig motiverande med kommentarar på innlegga mine, sidan eg droppar ein halvtime nattesøvn kvar kveld for å oppdatere dokke heime om Californiaturen! Karoline er flink, men der stoppar det. Eg VEIT dokke er der, så berre tenk dokke kor gla eg blir om dokke vil kommentere :)

I dag starta vi dagen med Los Angeles sightseeing. Vi tok for oss ein del ting i byen, som CBS studios, noken shopping gate, Sunset Boulevard, Beverly Hills og Hollywood.

Når det kjem til Beverly Hills, fekk vi ikkje sett så mykje... For turbussar har ikkje lov å køyre inn i sjølve nabolaget... Men såg litt då, som dei stilige gatene som kvar har dei samme tretypane i kvar gate, så det skal sjå ''reint og fint ut'', og sjølvsagt skiltet: Beverly Hills 90201.

Hollywood må eg seie var veeldig ulikt sånn eg hadde forestilt meg det. Laangt fra glitter og glam liksom... Heile greia var tjåka full av souvenir butikkar jo! Men vi fekk jo sjå walk of fame, og wall of fame, der dei har hand- og fotavtrykka. Og gjett ka! Trappa og gata dei brukar til Oscar utdelinga, er eigentleg trappa i eit kjøpesenter! DET hadde dokke ikkje trudd! Hehe... Eigentleg litt teit synst eg, men det er berre sånn det er :) Og nei, vi fekk ikkje sjå nokon kjente folk... Men der var nok av wannabees som hadde kledd seg ut som bl.a Jack Sparrow, Stewie fra family guy, spiderman ++ Og dissa folka der tar penga for at du skal ta bilde ilag med dei.

MEN folkens. Eg tilbragte ikkje ein heil dag i LA uten å sjå kjendisar! Eller såg berre ein då, eller ei er vel kanskje meir rett. Då vi criusa rundt i bussen vår, køyrde vi forbi ein butikk med ein diger TWILIGHT plakat, og der var maange folk utafor. Med kamera. Og sjølvsagt så var ''Bella'' der :) Vi fann ut at dvd-en vart lagt ut for salg i dag, så det var sikkert derfor ho var der ;) Fekk ikkje bilder, for han sære bussjåføren køyrde alt for raskt gjennom gatene i dag, og eg og Natalia hadde valgt feil side av bussen... Hehe

Etter lunch shoppa vi på kjendis-kjøpesenter. Masse digg butikka! Svidde av litt over ein tusenlapp der ja... Men kjøpte jo flipfloppa, ein dongerishorts, ei tynn collegejakke, body butter fra the Body Shop og ei LA Lakers Drakt til Olav som ikkje akkurat va den billigaste innvisteringa :P Men her i California tenke vi ikkje på penge!

Til lunch spiste vi på farmers market, det er ein markedsplass med over 40 ulike spiseplassa med mat fra ulike land. Eg spiste kinesisk i dag :) Og til middag hadde vi kylling-sandwich på Hard Rock Cafe.

Etter middag sprada vi rundt i Universal city: shopping gata utanfor Universal Studios Hollywood, som er ein slags familiepark. Vi berre shoppa då, var ikkje inn i parken. Eg kjøpte to ''oscar statuer''- og kven dei går til er ein hemmeligheit :)

I morra får vi sove litt lenge, for vi skal på beachen. Men sola her er litt treig med å stå opp fra bakom skyane, så vi skal ikkje reise før 11. Skal bli deilig, eg kjenne at eg er bra sleta no! Fullt kjør kvart sekund! Ferie og ferie fru blom. Eg er meir sleta no enn eg brukar å vere etter ei veke med skule x)

Inne på Hard Rock Cafe.

''Jack Sparrow aka Johnny Depp''.

Jimmy Kimmel Live studios, som er eit ''late show'' her i USA, sånn som David Letterman..

Hall of fame eller ka dei kalla det: Tonje ved Will Smith sine hender og føtter.

Hollywood. Er det meir å seie?


Universal Studios.

lørdag 21. mars 2009

California Coast, dag 4


I dag forlot vi fantastiske San Fransisco og satte kursen sørover langs kysten.

Vi hadde flott veir! Men synd vi satt på bussen og koka mesteparten av tida... Vi fekk sjå veldig monge flotte plassar, og vi tok mykje bilder. Men vi brukte Natalia sitt kamera, og eg skulle laste bildene på min data, men no veit eg ikkje kor hon er... Så bilder får det bli i morra i staden for.

Av dei monge plassane vi var innom, var vi innom ein dansk by som heitte Solvang. Der fann eg melkesjokolade og lakerol på ein butikk, og faktisk ein del norske ting og :) Veldig koselig by!

Ellers så spiste vi middag i Santa Barbara, pasta og salat :)

No er klokka halv 12, og vi ankom nettopp hotellet. Skal hoppe i dusjen og få litt søvn, før eg står opp kl 7 i morra for Los Angeles sightseeing, og Hollywood. Så dokke høyre meir frå meg i morra!

Sitat frå bussturen:
''Are you a texican kick asser, or an ass kicker from Texas?'' - Natalia (Brazil)

''What is it called when you are having a baby? Something that you are in job or something?'' '' Oh, do you mean -in labour?- '' Hehe!! Det er morsomt å prate med Natalia, ho har nokre lekre gullkorn!