tirsdag 30. desember 2008

Romjula

Dei siste dagane har eg vore så opptatt at eg ikkje har hatt tida til noko! Hehe... Har vore ein plass heile tida liksom. Enten ute å jobba, på trening, på kamp eller i byn. Og så har eg begynt på scrapbooken min, brukte ein heil kveld på den, og klarte å lage heile 4 sider! Strålande altså :)

Ellers så reiser eg og Dave til South Dakota (Ingen andre ville vere med) i morra tidlig for å sjå Mt Rushmoore (fjella med presidentfjesa i), the badlands og crazyhorse. Reknar med å komme heim onsdags kveld; så vert litt rar nyttårsaft, men dei feirar ikkje nyttår her uansett, så gjere ikkje noko. Så mamma og pappa, eg kjem nok ikkje til å ringe nyttårsafta, men heller 1. januar :)

I går var vi til Minden for å sjå på julegata der: heile rådhuset er pynta med lys, og utover gatene og. Skikkelig stilig! Folk kjem visst frå over heile USA for å sjå det :)


Så må eg fortelle noko trist. Laurdag var eg ein tur på postkontoret for å hente ein pakke. Eg trudde det kom til å vere den frå Kine, for ho sa dei hadde sendt den for lenge sida. Men den var frå Torill og Inge m/ fam. (Tusen takk!!) MEN, medan eg var der, spurte postdama om eg visste om ein pakke som var sendt til meg som eg ikkje hadde fått. Ja det gjorde eg nok. Og då sa hon:
- Vi fekk ein pakke addressert til deg her for ei veke sida, men den var tom. (!) Det står utapå at det skulle vere ei bok inni, men pakken kom heilt tom. (Og åpna)... Eg veit at det var boka ''Vågsøy i Bilder'', så det sa eg til ho, og ho sa dei skulle gjere deira beste for å sjå om dei kan spore den opp. Men eg har ein følelse på at nokon har stjåle den... Men ho lurte på, Kine: om dokke hadde forsikra pakken når dokke sendte den?
- Men eg håpa på det beste då, at dei finn boka!

Eg veit dagens sitat ikkje har noko med innlegget å gjere, men eg syns det var så bra, så eg slenge det inn :)

...
Nothing is more conducive to peace of mind than not having any opinion at all.
~G.C. Lichtenberg
...

fredag 26. desember 2008

Julafta og 1. juledag

Julafta vart ein heilt vanleg dag for meg: sto opp og laga omelett til frokost. Tenkte eg måtte ha ein ''nokonlunde'' bra frokost, i staden for frokostblanding liksom. Så bar det ut i snøven å sette opp støtgjerde rundt eit jorde der vi skal ha kyra. Veiret var ikkje så verst, var eigentleg ganske fint: blå himmel, sol og kaldt.

Då eg kom tilbake ringte eg heim, og fekk tilogmed sett mamma, pappa, Tommy og Daniel ''live'' på msn. Koselig :) Etter eg hadde prata med dei, prata eg med Jonas, og seinare ringte eg Olav :)

I dag når eg våkna var eg supertrøtt. Eg fekk nesten ikkje sove i natt, for eg var så vanvittig kvalm; var heilt sikker på at eg hadde fått spysjuka. Men har visst ikkje det likevel. Ikkje enda i allefall. Så eg åt ikkje noko frokost heller, litt synd eigentleg, for Mary hadde laga french toast... Men, men...

Etter frokost åpna vi presanga :) Det var koselig! Fekk masse rart og masse fint, tusen takk alle der heime som sendte meg pakka !! Eg fekk 7 bøker! Så no har eg lesestoff i lange tider :)


Smykke frå Karoline :) + snop

Joggebukse, 2 plate melkesjokolade og penge frå Mor Mor og Mor Far :)

2 bøker + smågodt med Tante Heidi, Onkel Arve, Fredrik, Markus og Amalie :)

Tall ship dvd + bildehefte, bok (Visstnok skriven av ein mann frå Polljen!) og øyredobba frå Randi, Ronny, Even, Marius & Sondre :)

Tøffle, julemarsipan, julia-blad(Hehe!! Trur eg er litt for gammal, så Tearanie kan få lese det =D ), lypsyl, øyredobba, brev og penge frå Mamma, Pappa, Tommy & Daniel :)

2 bøker + snop frå Tante Linda, Onkel Rolf, Matz & Maria :)

CD frå Tante Anita, Onkel Ivar, Silje, Hege, Mari & Elise :)

VERDAS tøffaste hue! Og sokka, klistremerker, kjøleskapsmagnet, nøkkelring med kompass, lypsyl, snop, og penge frå Tante Lena & Onkel Kjetil :)

TWILIGHT!!! og Digital Fortress frå Isabelle :)

Tåsokka frå Tearanie. Hehe... :)

Pysjamasbukse & sokka frå Mary :)


Tøffle og ei signert bestemortruse fra Dave! Haha... x)


I halv 2 tida pakka vi resten av pakkane, og maten i bilen, og kjørte til Rod og Jane sitt hus, der vi skulle ete mat. Kalkun med mykje tilbehør til middag, og julekaker av alle slag til dessert. Vi var ein del folk, så det var litt trangt, men det var no koselig uansett :)



No sitte eg i sofaen og ser Kung Fu Panda ilag med Isabelle og Tearanie. Fredelig kveld, men det er bra, for eg er trøtt som ei sild...

...
Open your presents at Christmastime but be thankful year round for the gifts you receive.
~Lorinda Ruth Lowen
...

onsdag 24. desember 2008

Lisjejulafta

Årets lisje julaft vart litt rar for meg...

Dagen byrja med at eg sto opp kl 06:40, for vi hadde nemleg skule i dag. KJEMPEKJEKT.... Not... Skuledagen idag var ein heilt totalt bortkasta dag. Mildt sagt. Det einaste vi gjorde var å sjå film i alle timane, og det teite var at vi berre fekk sjå ca ein halvtime av kvar film.

Etter skulen hadde vi sjølvsagt trening, men den varte ''berre'' ein og ein halv time. Og gjett kva trenaren sa? Vi har 2 kampar i ferien! Eg trudde vi hadde berre ein. Og i tillegg skal vi ha treninga i ferien! Korti skal vi faktisk få FERIE? Hehe... Er litt sleta for tida, så eg vart ikkje akkurat hoppande glad då eg fekk vite det. Men, men...

Etter skulen vart eg med Dave til Kearney for å gjere unna den siste julegaveshoppinga hass. Og eg fekk henta bildene eg bestilte på søndag: 161 bilder klare til å bli sett i scrapbooken min! Har visst nok arbeid i jula ja!

Så kjøpte eg meg nye vintersko. Syns ikkje dei var særleg fine, men treng nokre varme sko til i morra, for vi skal sette opp støtgjerde. Jepp, på sjølvaste julafta, men det er det ingen rundt om her som bryr seg om. Uten om meg då. Eg blir bare lei meg av å tenke på at eg skal jobbe vekk heile julafta liksom... =/ Men eg er her for å feire amerikansk jul, og viss det er sånn dei feira den, får eg vel berre følge med då! Sjølv om eg kjenner at eg savna NORSK jul... Har liksom ikkje den julestemninga eg bruka å ha. Men kanskje den kjem når eg åpnar pakkar frå Norge :) Skal åpne nokre i morra, og nokre 1. juledag; må prøve å blande litt :)

Mine nye ''fine'' sko! Hehe...

Sidan det er lisjejulafta måtte det sjølvsagt GRAUT til! Det smakte heilt himmelskt! Har ikkje smakt det sidan eg reiste heimefrå, så det var på tide :) Såg ut til at dei andre likte det, men eg er ikkje sikker på om dei syns det var det beste dei hadde smakt! Hehe..

Graut! <3

No skal eg legge meg; blir rart å våkne på julafta å tenke at det ikkje er jul enda. Null julestrømpe eller 3 nøtter til askepott på tv. (Tenkte eg skulle sjekke om det ligg på youtube eller noko, for eg har lyst å sjå det!)

Ellers så er det jo jul i Norge no: så Tonje ønsker alle ei GOD NORSK JUL heime!! :) Kos dokke, og NYT ribba!

...
Isn't it funny that at Christmas something in you gets so lonely for - I don't know what exactly, but it's something that you don't mind so much not having at other times.
~Kate L. Bosher
...

tirsdag 23. desember 2008

Travel tid, juletid!

Sorry for lite blogging i det siste, men har hatt finals i alle fag, så har vore ganske opptatt med å lese til dei. Og så har vi hatt kampar både fredag og Lørdag, så eg har rett og slett ikkje hatt tida.

No er det snart juleferie, berre ein halv dag igjen på skulen, så er det jul :) I dag hadde vi jule''fest'' med basketballjentene på besøk med trenaren. Vi såg Elf, knallbra film! Og så åt vi heimelaga lasagne som var kjempegodt! Så hadde alle tatt med ein julepresang på kvar, så trakk vi lappa og valgte presanga. Noko nytt for meg var at etter du hadde valgt presang, kunne den som var etter deg, stjele din presang om dei ville ha den! Hehe... Tilslutt endte eg opp med å få eit sett med lotion, dusjsåpe og badeskum, og eit par øyredobba ;)



Fredag hadde vi basketballkamp i Overton, altså på våra skule. Eg spelte faktisk ein del dinna gongen, rundt 5-6 minutt (Ut av 16, altså 2 quarters) Men var no lengre enn det med tanke på at dei stoppa klokka for kvar foul og sånn. Lørdag hadde vi bortekamp, og då spelte eg faktisk på varsity! Det var kjekt :) Varsity er det ''beste'' av laga liksom. Vanlegvis spelar eg berre på Junior varsity. Eg er ein del av varsity, men har ikkje spelt før på lørdag.

Ellers så har det strøyma inn julepresanga i hytt og veir dei siste dagane, inkludert MYKJE norsk snop! No ska eg kose meg i jula og ete meg god og feit =D Hehe, neida, eg skal spare så det rekke til eg ska heim ;) Seie vi! Hehe... Tusen takk alle som har sendt meg noko, det betyr mykje for meg at folk heime tenke på meg og, sjøl om eg ikkje er der :)

Forresten så har eg og Olav vore ilag eitt år no :) Litt rart, sida eg ikkje har sett han på eit halvt år! Men tida har gått raskt :) Og den kjem til å gå enda raskare no etter jul :O

Gullet mitt og meg på sanden i juni ^^,

No skal eg sjå Charlie og sjokoladefabrikken på tv og ete seigemanna, bila og småsnop :)

fredag 19. desember 2008

5 mnd!

Dags dato: 18. desember 08
Månader sidan Tonje forlot Raudeberg: 5

Tida går vanvittig raskt, eg heng så vidt med! HJELP!

No kjem jula,
Så bursdagen min...
-vinterferie
-tur til California
-Prom
-sommarferie 5. mai
-Graduation 9. mai...

Så sette eg kursen heim til Norge. Rart å tenke på!

torsdag 18. desember 2008

Gossip

I dag har eg opplevd noko eg gjerne kunne vore foruten.

Då vi kom ut av siste timen i dag, sa Isabelle til meg at nokon hadde fortalt hon at Eg hadde noko på gang med Chuck. Ja, Chuck er altså VERTSBROREN min. Og ditta er heilt vanvittig på jordet! Koffor i pokker seie folk sånne ting som ikkje er sant? Eg ville aldri i verden gjort noko sånt... No affense to Chuck, men eg er ikkje ein sånn person. Eg har faktisk ein kjæreste heime, og det faktum at han er vertsbroren min er ein anna grunn til at eg ikkje hadde gjort det.

Ditta ryktet får berre meg til å sjå ut som ei ''slut'' på godt gammalt amerikansk! Ikkje akkurat eit rykte eg vil ha på meg! Og Chuck var ikkje akkurat blid då han fann ut av det. Han sa at han skal kjefte personane som la ut ryktet huda full på skulen i morra. Det vil eg gjerne sjå! Haha :p

Som sagt, ditta kunne eg gjerne vore foruten. Det er så patetisk gjort! Eg trur dei gjorde det fordi dei ikkje lika Chuck, men kva har det med MEG å gjere?! Ein bør tenke seg litt om før ein seier ting som det, for det går utover fleire enn ein trur. Eg har ikkje ord for kor irritert og sint eg er no. Pokker heller, eg får fnatt! :p

Ellers så har vi final exams i desse dager, så det er litt stress med lesing og greier. Matte, fysikk og biologi på fredag, og matte del 2, historie og engelsk på mandag. Akk...

Og stakkars oss må gå på skulen tilogmed lisjejulafta... Eg har ikkje høyrt om EIN anna skule som skal gå til då. Alle andre eg har høyrt om får ferie på fredag. URETTFEIGT!!!

Men, men... eg må no vel berre leve med det. Eg trøystar meg sjølv med å tenke på at eg får sommarferie 5. mai! :D

...
The biggest liar in the world is They Say.
~Douglas Malloch
...

mandag 15. desember 2008

K A L D T . . . !

Sjekka theweatherchannel.com i dag tidlig, og temperaturen viser:

-21 grader celsius
Følest som -31 grader celsius pga vind.
(Eg var så snill at eg ''oversatt'' frå fahrenheit til celsius)

Jepp, ein smule kaldt ja...