lørdag 11. oktober 2008

Til Julenissen, Nordpolen, Jordkloda:


Tonje ønska seg Fritt Vilt 2 til jul.


onsdag 8. oktober 2008

Drittveir!

Ja no blir vel dokke heime glade for å høyre at vi endeleg fekk litt drittveir her og... Hehe... Søndag og Mandag regna det som pokker heile dagane... Alt var gjørme rundt om alle plassar. Æsj. Temperaturen var heller ikkje noko særleg å skryte av, var ganske kaldt...

Men i dag var det fint veir igjen! 21 grader ut på dagen, hærlige greier altså :)

Ellers så reiste vi til Kearney på søndag for å shoppe klede til ''homecomingweek'', der vi skal ha 3 dagar der vi kler oss ut etter eit tema (Ulikt tema kvar dag).
Vi skal ha:

- Hip hop dag
- Kjendis dag
- Old fashion/70s/80s osv
Søndag kjøpte eg ting til old fashion dagen: grønn tights, blå tskjorte og ein grå collegegensar som eg skal rive litt opp, så t-skjorta kjem fram litt. + Sminke. Så skal eg låne knesokkar med Isabelle. Jepp, kjem til å sjå tåpelig ut! (Men så var no 80tallsmota tåpelig og då... hehe)
Til kjendis dag tenker eg på å kle meg ut som Amy Winehouse: med all over black, naglebelte, rufsete hår og sminkelaus (med unntak av sota auge då). Hip hop dag blir litt enklare; joggebukse og ei diger t-skjorte og skjerf (Sånn tynt med mønster, kosta 6kr på walmart!) Kanskje litt bling-bling om eg føler for det. Hehe...

I går hadde JV (junior varsity), altså laget eg spelar på, kamp mot Semner. Vi vann, men måtte spille 5 sett då, ikkje spør meg korfor. Eg spelte, men føler fortsatt at eg ikkje kan roterings-systemet, så eg ser sikkert ganske klønete ut utpå der!! Hehe...
(Eg er nr 2 )


Dårlig bilde. Men lys i gymsalen fungera dårli med mitt kamera...


I dag var vi på auksjon, der dei solgte mykje rart, alt frå stolar, sengar, tv-ar til verktøy, klede og møblar. Var ein opplevelse det og :) Dave hadde prata med auksjonæren før dei begynte, og gitt han navnet mitt, så kvart 5. minutt ser han på meg, og seie i mikrofonen: Ja, Tonje, du kunne vel ikkje tenkt deg dinna verktøykassa, i tilfelle du har bruk for den? Eller kanskje ditta speilet? Eller kunne du trengt ei skrumaskin? Haha! Passe morsomt då!! Så gjentar han: Tonje, har du ikkje tenkt å by på noko? Dave sa han skulle betale! Hehe, holdt på å le meg i hjel!!

Ellers så har eg ei fysikk-prøve i morra som eg har lest 5-10 minutt til. Ikkje så gale det vel? Hehe...

Eg og Isabelle prata med læraren i dag om graduation, og ho sa at dei trong vitnemåla våra, for å sjekke om vi har tatt dei faga som trengst for å kunne graduate. Så eg har prata med mamma, ho skulle sende meg vitnemålet mitt på mail :) Så er det berre å krysse fingrane, for om vi får graduate, får vi og ''diploma'' som vil seie vitnemål for fullført high school. (Det betyr at eg kan søke på college her borte om eg vil, men det skal eg ikkje då...)

Godnatt folkens, no krype eg til køys :)

...
Rainbows apologize for angry skies.
~Sylvia Voirol

...

søndag 5. oktober 2008

Pakke!!


Fredag fekk eg pakke i posten :) Oioioioiiiii !


Se og Hør og småsnop (som eg har savna kjempemasse!!) Og det kjem vel ikkje som noko bombe at Mormor var avsendar... hehe.... TUSEN TAKK MORMOR!!



Så i helga har Tonje gompa snop og lest sladder frå Norge. Hehe.

Ho vart og solgt på slaveauksjon. For volleyball-laget. Og ho var verdt $90, som vil seie 540,-
- Ikkje så aller verst eigentleg (Dave kjøpte meg då, for eg spurte om han kunne gjere det, for eg har ikkje lyst å jobbe for folk eg ikkje kjenne... Så eg skal heller jobbe masse, masse på gården.)

Så var eg med Dave ut å kjørte ''calmine'' i dag, dvs vi hausta soyabønner med ei maskin. Ganske kjedelig eigentleg, men når vi skal byrje på maisen, skal eg kjøre :D

Så har eg sendt heim bursdagspresanga til folk: Daniel , Karoline og Olav :) Vart litt dyrare enn eg hadde tenkt, men det får no gå... ;)

No skal eg sove! Good night...

...
Everyone smiles in the same language.
~Author Unknown
...

torsdag 2. oktober 2008

Tonje Er Fornøgd.

Fortsett sånn folkens! Tonje likar kommentarar :) Gjerne enda fleire! Og ikkje slutt; for husk; slutta dokke, slutta eg :) Hehe...

Og Tonje er nysgjerrig på kven ''Furutoppen'' er?! Og; Nei, vi har ikkje høstferie! Triste greier... vi har 2 langhelga då, etter kvarandre, men det er ikkje det samme...O

I dag fekk eg endeleg gensaren min!! Etterlengta! Alle dei andre fekk den torsdag forige veke; eg og for såvidt, men dei hadde skreve feil på min... LARSON ! For ein fornærmelse... (Larson er eit etternavn her borte... Folk har ein tendens til å skriv feil. På ID-kortet på skulen har eg det etternavnet og... Men gadd ikkje å bry meg med det, brukar det ikkje til noko).





Ellers så har eg tilbragt kvelden min på å male etternavnet mitt som skal vere på homecoming-plakaten :) Vart ikkje akkurat sånn eg hadde planlagt det skulle sjå ut, men, men...


På fredag skal vi ta klassebilde, så vi får halve dagen ''fri''. Vi skal ta bilde ute, på diverse plassa rundt om, og etter vi er ferdige skal vi ete ein plass :) Fargane vi skal kle oss i er svart og blå-tonar. Blir artig å sjå korleis det blir ;)

Og i dag hadde eg verdas lettaste biologi-prøve. Gjett om dei har det flott her borte samanlikna med heime! Men likevel klagar dei. Dei skulle ha visst kva vi må slite oss gjennom heime. Dei burde glede seg over å gå på skule! Hehe... Eg lika faktisk å gå på skule no, for det er ikkje det samme slitet som heime. Nesten ferie faktisk :)


.....
Education is what remains after one has forgotten what one has learned in school. ~Albert Einstein

.....

onsdag 1. oktober 2008

Random stuff > Og Tonje blir irritert!

Har eigentleg ikkje så veldig mykje å skrive om, men eg sitte på skulen, har computer media, og er einaste i klassa i dag! (Vi er til vanlig berre 4 stk då, og i dag har dei andre noken prøve eller noko sånt)

I går hadde varsity laget kamp @Axtell (alfakrøllen betyr ''at''. Smarte folk her asso!) Dei vann begge kampane dei spelte. Vi kom ikkje heim før klokka var nesten 11... LITT i seinaste laget for meg, når eg allti må dusje før eg legge meg... Ellers ser eg ut som ei heks på håret!

Ellers så vart eg ganske så irritert i går på vei heim fra kampen; Eg og Isabelle hadde filma heile greia (som alltid), så vi hadde såtte ein anna plass enn dei andre. Vi såg dei ikkje då vi skulle gå, så vi gjekk berre ut til bussen. Då Shannon (som er student manager- dvs ho spela ikkje, men er ''tjenaren'' til laget) og trenarane kom ut, var dei sure, fordi ingen hadde gidda å hjelpe dei å bære ut 2 kasser med ting. Så då fekk JV-laget overhaling, og grei beskjed om at dei kan hjelpe til! For Shannon er ''den einaste som gjer noko''. As if! Og Så sa hon til meg og Isabelle: DET GJELDE DOKKE TO OG: SJØLV OM DOKKE ER SENIORAR KAN DOKKE HJELPE TIL! Ka pokker? Som om vi ikkje gjer noko i det heile tatt!!?? Då vi kom til kampen: Kven var det som fyllte ALLE vannflaskene?? Kven filma?? Kven er det som ALLTID er igjen når vi kjem tilbake SEINT om kveldane for å bære inn ting, og tømme vannflaskene!? TONJE OG ISABELLE!! Så hon har NULL rett til å behandle oss på den måten... Dei andre gjer ALDRI noko i det heile tatt... Men i følge trenaren, gjer ikkje vi noko heller, tydlegvis. Kanskje vi berre skal slutte å hjelpe til, sidan det ikkje betyr noko uansett?

Og enda ein ting eg vart sint på dinna veka, er at Christie, sekretæren på skulen, går rundt å sette ut rykte om at Dave misbruka uvekslingsstudentane! (Dvs meg og Isabelle) Berre fordi vi gjekk ilag med han på ein fotballkamp for å kjøpe brus og sjokolade... Folk her har seriøse problem. Eg skal saksøke hon. Seriøst. Eg har hørt mange historia om hon og, som eg ikkje kan skrive her. Så hon har ikkje noko hon skulle ha sagt.

Og eg må sei at eg er litt skuffa! Har mange besøkande på bloggen, men svæææært få kommentarar.... IKKJE BRA. Eg tenker eg skal sette eit ultimatum: Ingen kommentarar; ingen blogginnlegg. For det er ganske kjedelig å skrive blogginnegg berre for meg sjølv! Tilbakemeldingar trengst for å holde humøret oppe for å skrive blogg ;) Så eg kjem ikkje til å skrive meir på bloggen før nokon har kommentert ditta innlegget. Punktum. (Ja eg veit eg er streng, meen dokke må jobbe for å få det dokke vil ha! Hehe...)

Over og ut.

søndag 28. september 2008

~Scrapbook heaven ~

Dinna veka har det ikkje skjedd så veldig mykje anna enn det vanlege... Berre skule, trening og soving... Hehe...

Vi fekk karakterar i posten dinna veka, for å vite kordan vi ligg an:
Matte: A (6)
Fysikk: B (5/6)
Engelsk: A (6)
Biologi: A (6)
Amerikansk Historie: A (6)
Computer media: A (6)
Adult Living: A (6)

Så fann eg og Isabelle ut at dei har ein butikk i Kearney for baaaare scrapbooking! OI!! HIMMELEN!!!

Kjøpte ein del ting til scrapbooken min i dag, så det gjekk litt penge... Men, men... Den skal no vere eit minne, så den kan no få koste litt :)

Diverse dilldall: stempel-bokstavar + klistremerker, halloween/reise-merker, mønster-mal og 3d-puter. 100,- (Billig med tanke på stempel-bokstavane!)

Nebraska - bakgrunn


Halloween-bakgrunn


Sjå kva eg fann! Litt artig: skulen sin logo! Sånt hadde eg aldri funne heime!


Ser ut som eit skriveark, men er ein bakgrunn!! Tenkte eg skulle bruke den som bakgrunn til bilder frå skulen :)


Ellers så fann eg ut at kvar gong eg skriv eit blogginnlegg, skal eg ha eit ordtak, eller som det heiter på engelsk: a quote, i byrjinga av kvart innlegg.

I ditta innlegget blir det på slutten då... :

Some people come into our lives and quickly go.
Some stay for a while, leave footprints on our hearts,
and we are never, ever the same.
~Flavia Weedn, Forever,

mandag 22. september 2008

Baby shower, bryllupsdagsfest og homecoming-kjole

Torsdag etter volleyballkampen kom ei jente inn i garderoba med 2 kjolar og sa at dei som vil kan bruke dei på homecoming. (Som er eit ball dei har etter den siste fotballkampen). Eg prøvde ein av kjolane, og den passa meg, så eg tok den ;) Låna den berre då, men kunne godt tenkt meg den faktisk :)



Lørdag reiste vi til LeX for å hjelpe mora til Dave med å pakke ut varer til eit garasjesalg. Ho hadde vanvittig mykje! Alt frå julepynt, halloween utsyr, leikar og verktøy, til skulesaker, dukar, sysaker og påskepynt. Ho tjente visst $2000 dollar på det! dvs rundt 12tusen norske med den kursen vi har no.

Så hjalp eg og Isabelle Mary med å lage mint til å ha med til bryllupsdagfesten på søndagen. Dei var kjempeskjønne :)

Så var vi på USA steak buffet for å ete igjen, og der hadde dei krabbe! Det var godt :) Eg savnar eigentleg ''fisk'', som reke, og fiskekaker osv...

I dag var vi på ein bryllupsdagfest/babyshower i Kearney i ein park, som var ganske fin ;) Dei hadde myyykje god mat; pastasalat av alle variantar, chips, og mykje eg aldri har sett før. Og sjølvsagt ein god del kake! Og kakene her er GOOOOOODE!! Off, eg kjem til å bli feit! Neida, ikkje såååå feit, berre litt... Og babyen til Mary si niese er så skjønn! Eg savna babya!! hehe ...


Dave har virkelig lyst på den kyllingen!





Ellers er det ikkje så mykje meir å skrive.. Prata med mamma i helga, men var ikkje så mykje nytt å høyre der. Skal ringe mormor neste helg, og kanskje Olav viss eg får prata med han på msn før det.

I morra er det skuledag att. Har prøve i engelsk, litteratur. Men er ikkje som heime: er berre om ei historie vi har lest. Så har eg matteprøve på tirsdag, den trur eg blir vanskelig, fordi stoffet vi har no er ganske hardt.. Men eg håpar det går bra.
Fysikkprøva på fredag fekk eg 97% på, det er eg fornøgd med!

Over og ut, eg føle ikkje for å skrive meir no... Så det så... !