mandag 1. september 2008

Pizza !


I går kokkelerte eg litt, og laga ein skikkelig heimelaga pizza, noke eg merka at eg har savna noko vanvittig!! Var så vanvittig godt, dokke anakje! :)




I dag var vi ute å flytta kyr. Litt kjedelig, sida det gjekk så seint, men likevel kjekt, fordi eg køyrde firhjuling :D Eg ska ha meg sånn når eg blir stooor!! :)

Var ei okse fra nokon andre sitt jorde som hoppa over gjerdet og kom etter oss. Han villa ha kuene våras! Han prøvde seg på dei fyrst, så slosst han med oksen våras. Det var litt skummelt, dei er diiigre! Så jaga vi han tilbake, men då prøvde han å hoppe over en port av piggtråd, og vart sittande fast. Han sleit seg tilslutt laus, men hadde allerede då skjært seg opp på magen...

I kveld skal eg lese til fysikkprøve... KJEDELIG!

søndag 31. august 2008

Til ære for Martine

Martine som ikkje heilt trur på mine ''nye'' negle, får no bevis :


Veit ikkje om det vise så godt då.. Men Uansett så er det bevis på
at eg ikkje bite dei lenger :)

fredag 29. august 2008

Pop Scrimmage

I dag hadde vi får ''første'' kamp, der vi spelte mot kvarandre med publikum. Eg spelte ikkje då, eg føle eg treng å lære meg roteringa først...

Uniforma. Dårlig bilde...

Og dessuten var eg skada!! Klarte å få nagla på langfingeren til å ''brette'' seg utover! fyy flate ka sårt det var... eg skal bite negla mine igjen!!! Neida... =p

Så tok vi bilde i computer graphics i dag, som vi skal bruke til å redigere... Ja gjett om eg følte meg dom då eg sto der å klemte veggen!! haha !!!



I morra har vi fri fra skule fordi vi skal vere med Melissa og Dave til Omaha. Og Mandag er det Labor day, så då har vi fri og! Dvs, 4 daga fri!!! Eg gler meg til å slappe av :)

torsdag 28. august 2008

Home alone

I dag var eg og Isabelle ''aleine'' heime, då dei andre måtte til Kearney for å hente ei jente fra Tyskland, som ikkje skal bu med familien hon fekk lenger. Ho ska bu her ei stund, men håpa ikkje det blir lenge, for hon er visst skikkeli bitchy! Er derfor dei flyttar ho, fordi ho klagar og masar heile tida, og er ''a pain in the ass''... Ho har ikkje pakka ut tinga sine der ho blir henta fra i dag engang... Ho har vore der lenger enn eg har vore her!!

Så medan alle var vekke, laga eg og Isabelle omelett... Ja, vart ikkje heilt vellykka, men smakte no godt :)


Så leste vi til biologiprøve. Ikkje så vanskeleg stoff, vi satt vel ein halvtime tenker eg.


Biologiboka som er på over 1000 sider
- alle bøkene er så tjukke!!



I morra er det pop-scrimmage, altså fyrste ''volleyballgame''. Vi skal spille mot kvarandre då, så er ikkje ein verkeleg kamp. Veit ikkje heilt om eg skal spele, men trur eg skal. Får sjå. Eg forstår meg ikkje heilt på rotering-systemet så eg føler meg som ei forvirra høne på bana!!

mandag 25. august 2008

Helg

Det var deilig med helg; ikkje skule eller trening å tenke på!

Fredag fylte eg opp kontoen min på skype med håp om å ringe heim søndag. Men den gang ei. Søndag då eg våkna, fekk eg vite at internettet ikkje verka pga lynnedslag kvelden før. Typisk min flaks! Får heller prøve å ringe mamma på jobb ein av dagane; einaste minus er at eg må stå opp kl 6... Men, men..

Ellers så var vi i Kearney lørdag for å kjøpe bil til Melissa. Kjøpte ein kvit ein. Har ikkje peiling på merke, men det er ikkje så viktig.

På kvelden reiste eg, Isabelle og Dave til Lex for å hente diesel og besøke systra til Dave. På vei heim vart vi, av alle ting; stoppa av purken! Ingen av oss hadde bilbelte på; det er visst ikkje så viktig her! Eg brukar det alltid uansett då, untatt då. Men politimannen brydde seg ikkje om det, han brydde seg berre om at vi mangla eit skilt bak... Jaja, det var no ein opplevelse!

Eg har fått prata med ein del folk heimefra på msn i helga. Det var kjekt:) Savna å prate med dei kvar dag, no får eg berre prata i helgane pga tidsforskjellen. Pokkers tidsforskjell!!!

I dag flytta vi nokre kyr fra eitt beite til eitt anna. Til slutt hadde vi berre ein kalv att, men den nekta. Så Dave jaga den med firhjuling, og kalven stanga inn i firjhjulingen og skada seg sjølv. Kan hende den er daud når Dave skal sjekke den i morra... Stakkars kalv...

Så reiste vi til Kearney for å ete på USA Steak Buffet; et så mykje du orkar for 50,-! Trur ikkje eg har ete så mykje før! God dessert hadde dei og, var ganske så mett då eg gjekk derifra!




Tonje & Isabelle

Dave & Mary

I morra er det skule att. Og trening. Så eg skal legge meg tidleg for eg er enormt trøtt...

fredag 22. august 2008

Vannmelon veddemål!

I går kveld lurte Dave på om vi ville ha vannmelon, for vi hadde kjøpt ein diiger på vei heim fra South Dakota. Klart vi ville ha vannmelon! Beste frukt som finst!

Så skar han av 1/3 av den digre melonen, så seie han: Tonje, eg vedda $5 på at du ikkje klare å ete heile dinna! Tonje som er med på det meste, vedda imot. Og Tonje som aldri tape noko, tapte heller ikkje dinna gongen! Heile den diigre melon-biten gjekk nedenom og under på mindre enn 15 minutt...! Og fattige Tonje blei 5 dollar rikare :) Go Norwegians!!!


Slik såg melonen ut før eg angreip den!


Sånn såg den ut når eg var ferdig med den!


Etter volleyballtreninga i dag fekk eg og Isabelle Overton volleyball t-skjorte! Måtte nøye meg med str 14-16år for dei hadde ikkje fleire small... men, men... lisje meg passa no sånn akkurat inni den då :) Så kjøpte vi ankel-stabilisatorar, for sånt må volleyballspillera ha... ''berre'' $20, som om eg ikkje har andre ting å bruke penge på :p

T-skjorta; blå og kvit er skulefargane...




Ankel-støtte; for noke styr!


Så fekk vi låne med oss kvar vå volleyball heim så vi kan øve litt her... Vi treng det!! Eg føler meg vanvittig klønete og dårlig når eg ser kor gode dei andre er! Off... Men, men... Eg gjere no mitt beste i allefall :)


Ellers så er det snart helg: eg GLER MEG!! Trenge litt ''slappe av - ing''... Eg er heilt utkjørt!

onsdag 20. august 2008

Fyrste skuledag, og litt til.

Mandag hadde eg og Isabelle vår fyrste skuledag på Overton Public School. Vi sto opp i 6 hal 7 tida, for vi fekk grei beskjed med Chuck at vi reiser heimefra 07,20, no matter what! Og ikkje hadde vi noke lite tid etter vi reiste heller... Snakk om waste of time! I ein halvtime råna vi rundt i Overton, som ikkje er ein by eingang... Raudeberg verkar større! Skjønte ikkje heilt poenget der, kunne ha sove 30 min lenger jo!

Då vi kom til skulen, møtte alle i gymsalen for informasjon og div frå lærarar og rektor. Rektoren er 2 meter høg! Eller kanskje enda høgare. Så bar det vidare til dei ulike klassene, for enda meir informasjon.

Den fyrste klassa mi, computer graphics, trur eg at eg kjem til å trivast godt med ! Dei 2 fyrste mnd og kanskje lenger skal vi drive å ta bilder og redigere i photoshop. Og alle pc-ane er flunkande nye mac-maskiner, så det er ikkje noko gamle kasser her nei!

I matte, fysikk, engelsk og biologi blir det nok det ''samme'' gamle. Merkar at eg har hatt ein del av stoffet før, men då på norsk! Så det er litt vanskeleg å følge med når eg ikkje kan nokon av orda i fysikk og matte på engelsk... Men det går seg nok til :)

Amerikansk historie kjem sikkert til å bli litt rart. Eg og Isabelle er einaste jentene! Og guttane er merkelege, verkar som om dei er veldig lay back, gidd liksom ikkje å gjere så mykje. Men læraren er kul! Han liknar ein hobbit og pratar tull heile tida :)

I adult living kjem eg til å kose meg skikkelig! Kjempekoseleg dame som lærar, og null tenking! Vi skal sjå film, spele bingo, lage mat, lære korleis ein oppdrar babyar og gjennomgå eit bryllup ++ Så skal kvar av elevane ha ein dag der dei viser ein spesiell tradisojon dei har i familien, som f.eks lage eit spesielt måltid, spele kort, sjå film osv. Og når eg kjem frå Norge, må eg ha noko norsk sa læraren, men eg veit no ikkje kva eg skal finne på!! Tips? :)

Ellers så sleit vi ganske mykje med skapa. Som eg forutsåg ville skje. Men det går seg vel til etterkvart, håpar eg! For vi har berre 3 minutt! mellom timane, og iløpet av den tida skal vi skifte klasserom og hente dei nye bøkene samtidig! Stress!

Skulematen var ikkje så verst fyrste dagen: pizza, salat og vannmelon + sjokolademelk (ja, veit... men skal ikkje drikke det for ofte!) Andre dagen hadde vi corndog, det var ekkelt! Men fortsatt salat då :) Og det er ganske greit å få gratis skulemat då, kvar dag!

Folka på skulen verkar greie, men dei snakkar ikkje så veldig mykje med oss enda. Og for dei som lurer; amerikanske gutta er ikkje noko å jakte etter xD Dave sa at guttane kom til å vere i hælane på oss, og at ein gutt som heite Andrew kom til å ha meg etande av handa hannas i løpet av ein mnd. Han vedda tilogmed på det! Men det kjem aldri til å skje!! Tru meg :p

Kom heim fra skulen hal 9 begge dagane! HAL 9! Korti skal vi liksom få tid til å gjere lekser? Men volleyballtrenaren lovde at vi skulle ha kortare treningar frå og med neste veke... La oss for guds skyld håpe det! 4 timar trening kvar dag er litt vel i meste laget for meg...

No skal eg legge meg, har vore heime i litt over 2 timar... Merkeleg...