fredag 8. august 2008

Teori = bestått!

Onsdag ettermiddag/kveld i bilen på vei heim fra byen, seier Mary til Tonje og Isabelle: David tenkte at når vi kjem tilbake til huset, kan dokke studere til teorien for førerkort, så kan dokke reise til Kearney i morra å ta testen!

Eg tenkte bare: er dama heilt sprø?! I Norge må vi lese i fleire veker før testen, fordi den er så vanskelig! Og likevel stryker 75% første gang! Men, men... Vi byrja å lese då vi kom heim i 8 tida om kvelden. Holdt vel på i 2-3 timar tenker eg...

Så i dag reiste vi til Kearney for å ta testen. Testen var på data, med touch-skjerm. Etter 20 spm kom det opp på skjermen: Congratulations Tonje, you have passed the test! (Altså: GRATULERER TONJE; DU HAR BESTÅTT TEORIEN!) Steike det! Hadde eg aldri i verden trudd!! Så no har eg berre oppkjøringa att før eg har lappen! Einaste minus der er: eg må vente 6 mnd etter eg har tatt teorien før eg kan ta oppkjøringa... Så den blir vel i februar ein gong tenker eg :)


Mitt bevis på at eg har lov å lærekjøre (og at eg har bestått teorien)



Så var eg i banken for å åpne konto, og få kort så eg slepp å dra rundt på alle dissa rikdommane mine! Eg får kortet om ei veke sa dei, så :)

Og for dei som ikkje allereie veit det; eg har slutta å bite negler! Eg bestemte meg for at når eg landa på amerikansk jord for første gang skulle eg slutte å bite negler. Og det har eg klart! Så no har eg laange og fine negler, og eg er stolt!! :)

torsdag 7. august 2008

Siste bilder fra campen (Litt seint, men...)

Maten på flyplassen i Denver.

Senga ! Såå go!!

Badet på hotellrommet

Hotellrommet mitt i Atlanta

Måtte prøve å tørke t-skorta! Det regna som pokker!!

Bagasjen då vi skulle reise fra campenMeg, Fendall og Natalia

Natalia, meg og Ina under fyrverkeriet!

Tonje ser ut som ei ku!!

Ina og Natalia rocka!

Fyrverkeriet var heilt fantastisk! Har aldri før sett så mykje rakettar på ein gong!

Fyrverkeri! Stiligaste bilde ever!

Raraste dama eg noken gong har møtt!

Thea fra tyskland og meg. Ho var min romkamerat :)
Koselig jente!

Talentshowet! Tonje skal ALDRI skaffe seg brille!! herregud!Applaus...!





tirsdag 5. august 2008

Den lange veien til the middle of no where!

Ja, då har eg altså komt fram til stedet eg skal tilbringe mitt neste år. Reisa vart litt lenger enn planlagt, sida eg, som har så vanvittig med flaks, ikkje rakk flyet frå Atlanta til Denver pga forsinkelsa fra Boston til Atlanta, måtte finne på noko smart sidan eg var stuck på flyplassen i Atlanta. Så lisje meg som var heilt aleine, ringte EF som sa at eg måtte snakke med folk på flyplassen, som igjen sa at det var noko gale med billetten min, så dei ikkje fekk omgjort den... Så ringte eg EF igjen, og etter mykje fram og tilbake fekk eg endelig ny billett; til dagen etterpå. Typisk. Så eg måtte då overnatte på hotell i Atlanta. Aleine. Kjedelig. men, men... Hotellet var fint, då so :)

Og for ikkje å nevne noken småunga eg måtte sitte ilag med frå Boston til Atlanta som plaga vettet av meg! Eg vart fortalt at eg var Miley Cyrus (Hanna Montana) og eg fekk ikkje lov å nekte på det. Og gutten satt og stirra på meg konstant, skikkeli skummelt! Eg hadde kun sove 2 tima den natta, så eg prøvde jo å få litt søvn, men kvaar gong eg nesten var sovna begynte dissa ungane å tyte; koffor tar alt så lang tid? Ka heite du? Kor kjeme du fra? Ka e Norge? Sikker på du ikkje e Miley Cyrus? BlæææH! Eg hadde veldig lyst å finne meg ein fallskjerm å hoppe ut av flye! Neida... :p

Søndag i 4 tida kom eg endelig fram. Etter ein time i eit liiite fly som kun tok 30personar og som verkeleg fekk deg til å føle det som om du satt i ei berg og dalbane, landa eg I kearney. Familien møtte meg då eg kom ut av flyet. Sjølvsagt hadde eg litt meir flaks den dagen; kun ein av koffertane mine klarte å følge etter meg! Og sjølvsagt var det kofferten med alle toalettsakene mine som var savna... så eg gjekk rundt å stinka som en hest heile dagen! (Fekk heldigvis kofferten min i dag!)

I går gjorde vi ikkje så mykje, var berre ut på jordene ein tur for å sjekke kuene; vi kjørte med bil rundt om på jordet! Hallo? Eg visste ikkje at bila kunne kjøre på sånt underlag...! David lurte på om eg ville kjøre tilbake, men eg fann ut at eg venta litt... Det kjem til å bli lett då; bilen har automatgir. Og folkens, dokke kjem aldri til å tru det; eg skal lære meg å køyre traktor!! haha!!! Det kan bli ein artig opplevelse!

I dag reiste eg, Isabell og David til Kearney for å selge noken kyr. Det var ganske travelt å høyre på; for det var auksjon. Fekk ikkje med meg eit kvekk av det auksjonær-mannen sa! Etter det måtte vi reise til Grand Island på eit EF møte. Der møtte vi andre EF studenta; bl.a ein som hadde vore på leiren, men som eg aldri har sett før! Hehe :p

No skal eg legge meg, ska sjå om eg får lagt ut nokre bilder ein anna dag.

Forresten, eg og Isabell skal vere senior! Det betyr at vi kanskje får vere med på graduation!! Eg gler meg :)

torsdag 31. juli 2008

Baseball!



I natt våkna eg av eit forferdelig brak! Heile rommet lyste opp. Eg hoppa ned av senga og gjekk bort til vindauget; det regna som pokker ute og himmelen lyste opp så eg kunne sjå fjella laaaangt vekke! For eit uveir! Eg har aldri opplevd eit sånt torden og lyn før, eg kunne sjå alle lyn-sikksakktingene, det var ganske stilig :) Eg hørte at det har vore eit bra uveir heime og med lyn og torden for nokre dagar sida, så det var sikkert det som kom hit i natt...

Tirsdag grilla vi til middag, det har eg savna! Kyllingfilet, pastasalat og brownies til dessert. Heilt toppers :)



Så var heile gjengen (500stk) på baseballkamp! Det var ein opplevelse! Sjølv om kampen var ganske kjedelig (varte i nesten 4 timar) hadde vi det kjempeartig! Eg er sikker på at folk som satt der var heilt sjokka, for vi rope og sang og lagde skikkelig liv! Sikkert berre ein gong i året dei har sånt leven på stadion der. (Det er snakk om eit lite baseballlag, The Lake Monsters, som spilte mot the Cyclones)...



Maskoten deira var ganske søt ^^ Han kjørte rundt på bana med 4hjuling og fekk oss til å synge og danse macarena!

I dag er nest siste dag på camp... Det er ganske trist å tenke på at i morgon kveld reiser alle til familiane sine, og vi får ikkje sjå kvarandre igjen... Men eg har gjort avtale med Ina om at eg skal besøke ho når vi kjem tilbake til Norge, og at Natalia skal komme på besøk til Norge på vinteren ein gong (for ho har aldri sett snø!) og at eg og Ina skal ta oss ein tur til Brasil om nokre år :) Og Amanda sa at eg måtte komme å besøke ho i Danmark, så eg må nok få til det ein gong og ;)

No skal eg straks ete middag, så skal eg på øving til talentshowet! Eg og nokre andre frå klassa skal framføre ein skætsj; og ja eg veit; eg hata å stå på ei scene (hatar å snakke - men danse er kjekt!!), men Fay har sagt til oss at vi må la oss sjøl komme ut av ''comfort sona'' våras, så eg fann ut; why not?!

Vi var forresten på Ben & Jerry's i går! Fy flate for ein god milkshake!! 1000% usunn, men heilt fantastisk vidunderlig smak!! Gler meg til neste gong; dei har forhåpentligvis Ben & Jerry i Kearney :)

Vi har fått flytidene våre no; eg skal reise fra Boston flyplass laurdag 2. august kl 11,38. Sidan eg skal til ein ganske så avsides plass må eg sjølvsagt bytte fly 2 gongar før eg er framme i Kearney i 8 tida om kvelden! Argh... Og att på til; eg er heilt mutters aleine... Off! Eg kjeme til å kjede meg ihjel... Men eg gleda meg virkelig til å¨endelig få møte familien, og Isabelle! (Ho kom til Nebraska i går)

No skal eg bare nyte resten av tida her på campen, prate med folk og bare kose meg :)

tirsdag 29. juli 2008

Sol, bading og hypnotisering!

Søndag var det utflukt til ein innsjø ein time fra Campen. Deilig å komme seg ut å kunne slappe av litt, uten kjas og mas og program heile tida! Vi kosa oss mykje, sola oss, bada, prata og hadde det kjempekoselig :) Eg har savna SOL!! Den har hatt ein tendens til å ikkje vise seg tida vi har vore her, noko som er ganske synd... Men, men; håpar det vert beire dei neste dagane :)


Eksosrypene!



I kveld har vi vore på hypnose-show. Eg må seie at før showet hadde eg ingen tru på at folk kan la seg hypnotisere, men etter å ha sett alt hypnotisøren fekk deltakarane til å gjere, har eg fullstendig endra meining! Det er noko av det sprøaste eg har sett!! Han fekk tilogmed ein gutt til å tru at han var gravid og skulle føde! Hysterisk morosamt, eg lo så eg grein! (Filma litt, men trur kvaliteten er dårleg... legge ut filmane seinare )




lørdag 26. juli 2008

Boston, the home of Red Sox!



Ja, då har eg vore i Boston for fyrste gong. Det var ein opplevelse må eg seie! Ikkje bare var det mykje nytt å sjå, men Boston Red Sox spelte mot The New York Yankees (baseball) når vi var der! Vi møtte på Red Sox supportarar over alt. Annakvar person hadde ein eller anna Red Sox effekt på seg; caps, tskjorte osv. Og i mange av bodene på Quincy Market fann vi utallige Red Sox effektar! Heilt vannvittig!


Når ein er i Boston, kan ein ikkje la vere å få med seg Harvard! Så Eg, Ina, Natalia og Malene praia ein taxi og tråla Boston; og Harvard. Det var knallartig! Eine taxisjåføren var skikkeleg kul! Han prata med oss heile tida, lurte på kor vi kom fra, kva vi skulle her i USA osv.



Så måtte vi finne ein spesiell butikk som Ina visste om (broren honna bur der) for ho måtte kjøpe knekkebrød!

Vi gjekk eigentleg bare rundt og såg, tok bilder og sånt. Kjøpte ikkje noko spesielt; berre ein baseball med motiv av Boston på. Kan liksom ikkje la vere å kjøpe noko når eg er i Boston! Vi gjekk nesten ikkje på kle/sko butikkar, fordi det var så fint veir at vi måtte vere mest mogleg ute :)


Då det kom til å kjøpe mat; berre tråla vi Quincy Market, der gjekk vi mellom ''boder'' med mat på begge sider. Mat fra heile evrda; japansk, kinensisk, amerikansk, indisk osv. Og snop! Det krydde av sjokolade, kaker, muffinsar og gudane vete kva som var der! Eg vart nesten sjokkert!





Som ein grei slutt på dagen stakk vi innom Starbucks og tok ein kaffi :) Eller ikkje eg då, eg kjøpte ein smoothie, likar ikkje kaffi !



Det har vore ein lang dag, så no skal eg legge meg, har vore våken sida kl.5 i dag tidlig...

Nokre små snapshots vi tok rundt om:


Eit eller anna Svenskt noko. Huska ikkje! Hard Rock Cafe

JESUS! What a car!!
Me and Mr. Barack Obama !