fredag 20. mars 2009

San Fransisco dag 3

I dag begynte vi dagen med ein tur til Alcatraz. Alcatraz er eit nedlagt fengsel på ei øy 2 km utanfor San Fransisco. Al Capone har bl.a vore fange der. Vi hadde kjempeflott veir, så det vart ein kjempetur! Og det var veldig deilig å kjenne sjø-luft igjen, når vi tok båten ut!

Heile Alcatraz opplegget var veldig interressant. Vi fekk kvar sin mp3-spiller som hadde ein ''guida tur'' som vi kunne høyre. Der fortalte dei om dei ulike cellene, og korleis ting fungerte då det var fangar i fengselet. Det mest interressante var historien om dei 3 fangane som rømte, men ingen veit om dei overlevde. For vatnet er veldig kaldt, og det er sterk strøm. Alt i alt er det 37 stk som har prøvd å rømme, men ingen har klart det. Og om nokon har klart det, er det ingen som veit noko om det. Måten dei hadde klart å rømme på var at dei hadde gravd seg gjennom sementveggane inn til ventilasjonen eller noko sånt, med stål-skeide! Og så hadde dei laga falske haud ut av sementen, og hår, som var tenkt å lure offiserane med. SMART! hehe...

Fengselet vart stengt i 1963 pga at dei ikkje hadde råda til vedlikehold.

Etter Alcatraz, tok vi litt meir sightseeing, til bl.a Golden Gate Park, og Lombard Street. Kjøpte meg nye solbrille :) Seinare var det shopping på Union Square, der eg kjøpte 3 toppar på H&M. DEILIG med ein kjent butikk!! Og så var det sjølvsagt i sjølve sossegata vi gjekk, så det vart no berre å gå rett forbi PRADA; GUCCI; LOUIS VITTON osv... Ja vi produsera ikkje akkurat penge!

Til middag tok eg og Natalia oss ein tur på fin restaurant og åt laks :) Den var kjempegod :) Men vi stakk av fra å tipse hon dama, for vi hadde ikkje småpenge x)

I morra set vi nasa mot Los Angeles, og Hollywood, så no er vi ferdig med San Fransisco. I'll be back (in black) with Natalia when I'm 80! yeyy!

Godnatt folkens :)

(Blir Lite bilder, men har ikkje tida... sorry... skal legge ut masse på facebook når eg kjem tilbake til nebraska)




torsdag 19. mars 2009

San Fransisco dag 2


I dag har vi vore på sightseeing i San Fransisco. Og vi tok den heilt ut med å vere skikkelege turistar, med turbuss og guide og greier.

Eg må sei at heile byen imponera meg heilt vanvittig! Har ikkje sett ein stiligare og merkeligare by enn S F. Gatene er VELDIG bratte, og enkelte plassar ser det ut som ein vei går rett utfor eit stup! Og alle husa er heilt utrulig stilige! Akkurat som på tv. Og det er grønt OVERALT! Det merka eg at eg har savna. I Nebraska er alt brunt...

Ellers så var det ganske tåkete om morningen, og dermed litt kjølig... Tåke er eg jo vand med uansett, så det gjekk no greitt. Sola kom omsider, så vi fekk ein flott dag!

Lunchen inntok eg og Natalia på Hard Rock Cafe. Svææære sandwicha og greier. Vart så mett! Og så kjøpte eg meg sjølvsagt ei Hard Rock Cafe t-skjorte! Må til det veit dokke! Etter lunch traska vi litt på Pier 39, før det bar av gårde til meir sightseeing.

Vi fekk sjå huset som dei brukte i ''under samme tak'', og eit anna hus dei brukte i ''mrs doubtfire''. Artig :)

Så var det avgårde til sjølvaste attraksjonen her. Golden Gate Bridge. Som forøvrig er raud/oransj. Eg digga den brua! Gjekk over heile greia, det var kjempeflott utsikt over heile San Fransisco! Og vi kunne og sjå ut til Alcatraz, som vi skal besøke i morra.

Til slutt hadde vi middag i Chinatown, og åt med spisepinna, og fekk fortune-cookie. Den sa for øvrig at eg har ''power that I don't use''... Hehe :) Så shoppa vi litt i Chinatown, men eg lika ikkje kinesiske ting. Så eg kjøpte berre ei limegrønn t-skjorte for 14,- med bruksannvisning på korleis ein kan rømme frå Alcatraz på.

No er klokka snart 11, og vi skal av gårde igjen klokka halv 8 i morra, så har ikkje tid til bilde no. Det får bli ved ei seinare anledning; har den nette sum av ca 400 bilder på ein dag. Ja vi har ikkje beire å finne på her :)

Godnatt folkens!

onsdag 18. mars 2009

Fat and ugly in San Fransisco!


Ja då har Tonje ankommet San Fransisco!

Sitter på hotellrommet, har nettopp spist frokost, og så skal vi på sightseeing om 15 min.

Så eg skal heller oppdatere seinare i kveld når eg kjem heim :)

Og når det kjem til overskrifta: ikkje spør. Det er berre sånn humor ein Nordmann og ein Brazilianar har etter 7 mnd frå kvarandre! hehe :)

fredag 13. mars 2009

Stakkars lisje pusen

I dag hadde vi vår fyrste dag med ''disecting of cats'' i anatomi klassa. Jepp. Det lukta heilt VIDUNDERLIG ekkelt! Tenk deg ditta her:
- Du bestille ein dau katt i november, den kjem i desember. Men du skal ikkje bruke den før 12. mars. Den er ''lagra'' i eit eller anna som likna på blod, men er noko væske som skal bevare katten. Når du åpnar plastikken som katten er pakka inn i, kjenner du lukta av alle månadane dinna katten der har sove inni plasten. ÆSJ! Holdt på å spy! Fyysjameg.

Så etter vi kom til live igjen etter den stank-dopinga, vaska vi katten og tørka den og gjorde den klar. Så var det fram med skalpellen. Flå katten er fyrste steg. Kom ikkje akkurat så veldig langt, men vi fekk no klippa / skjært opp skinnet fra halsen og ned til midten av magen. Når vi har fått av skinnet, skal vi sjå på ulike musklar som er i kroppen. Akkurat det er ganske interressant, men den lukta kunne eg gjerne vore foruten! Hehe

Illustrasjonsbilde.

Ellers så har eg no berre ein halv skuledag igjen (på mandag) før eg flyr til California! Gjett om det skal bli deilig. Her er det så vanvittig kaldt om dagane at eg treng litt sol og varme!

Og så har eg fått meg Prom- date no. Må jo til det og. Kan ikkje komme på prom aleine liksom. Hehe, var eigentleg det som var plana, berre gå ilag med Isabelle. Men når folk fyst gidde å spørre meg, så koffor ikkje liksom. Og sida eg hørte snakk om limosin om dei fekk tak i, så seie eg iallefall ikkje nei!! (Men det var ein del komplikasjonar med det, for ein får ikkje leige om ein er under 24...) Så Marlon er no min Prom-date, han er broren til Merlin (hehe, ja dei har noken rare navn...) og dei går begge i klassa mi (Men er ikkje tvillinga. Litt forvirrandes?).. Så det så.

Og må ikkje gløyme: TUSEN TAKK folks heime på leite, i dag fekk eg påskeegg i lilla kartong, holiday dip, og Fritt Vilt 2. Skal bli ei bra helg ditta ja :)

Og har forresten fri i morra (igjen) har jo fri alle fredaga nesten... Men ditta blir siste då. Så då blir det relaxing og litt lesing tenker eg: var å henta den 4. boka i twilightsagaen på biblioteket i dag :)

søndag 8. mars 2009

Prom kjole ^^,

I dag tok vi oss ein tur til Grand Island for å hamstre kle til Prom. Plana var å gå på salg på ein butikk der dei hadde alle kjolane til under 140,-... Meeen det var bruktkjola, dvs: berre ein kjole av kvar, og viss vi fann ein vi likte, var det ikkje vår str... Jadda, sånn kan det gå.

Så det vart heller ein normal butikk uten salg. Eg endte opp med ein kvit kjole, ikkje akkurat Prom-kjole sånn som på tv og film, men det var ikkje det eg ville ha heller. Sånne digre silkekjolar med fluff og pjaff er ikkje heilt min stil. Og så har eg lyst å ha med kjolen heim, så den kunne ikkje vere så alt for stor heller :) Kosta $65 som er rundt 450,-.



Og så fann eg meg nokre skikkeleg lekre sko folkens!!


(neida, det får no vere grense! hahahahha!!! )

Så kjøpte eg meg nye sokka! Megatøffe :D Var litt dyre, men syns eg kunne spandere på meg noken litt eksklusive kule sokka, når halvparten av sokkane eg har i skuffa er hol i!


Ellers så har det regna her i dag. Trur det er fyrste dagen i år... Eller andre. Ikkje verst :) Eg tenke meg dokke hardbarka nordmenn er ein smule misunneleg :) MEN det har vore gaanske så kaldt til tider og då, det er ikkje noko å vere misunnelege av ;) Så då er vi skuls folkens :D hehe

Akkurat no er eg ganske sleta! Og det er ikkje av å shoppe kjole ein heil dag, men fra å prate med Judy frå Taiwan gjennom telefonsamtale på msn! Den jenta er jaggu ikkje heilt god! Har jaggu ikkje ledd så mykje på leeenge ! Eg og Melissa dreiv å tulla med ho, skrudde ned microfonen og skreiv i staden, så ho trudde vi va Dave! Aiaiaiiii, good times :)

I natt stille vi klokka her i USA fram ein time, så den kommande veka er det berre 6 timar tidsforskjell mellom Norge og Nebraska; heilt til dokke stille klokka neste søndag. Wohoo! :)

fredag 6. mars 2009

Sommar?


I dag hadde enkelte folk i klassa bestemt seg for å ha Senior Skip Day.... Skulkedag; dei brukar visst å ha ein sånn dag for seniorane. Men det vart ikkje heilt sånn vi hadde tenkt det, det endte opp med at eg og Isabelle gjekk på skulen i staden. Eigentleg var det mest fordi Dave ikkje ville at vi skulle henge ilag med Taylor og den gjengen, for dei er kjent for å drikke og sånn, og det lika ikkje han. Ikkje at det var noko plan om å drikke midt på dagen heller, men dokke veit korleis voksne folk er... Har ikkje noko moro i livet! Hehe...

Men det gjekk no greitt på skulen, var dei smarte folka som var der. Altså folka som har matte, fysikk og biologi; sånn som meg, så eg var ikkje aleine, sånn som Isabelle (Som tar dei ''domme'' klassene)

Og ellers så var det kjempevarmt i dag. Eg vil seie sånn som ein fin sommardag i Norge, med sol og rundt 20-22 grader. Så eg tok meg ein joggetur i fineveiret, har følt meg så lat dei to siste vekene etter basketsesongen va slutt, så no måtte eg dra meg sjølv litt i nakken for å beholde kondisen eg har no :)

Lørdag skal vi til Grand Island for å shoppe kjole til Prom. Eg vil ha ein knelang ein, som er raud. Håpar eg finn ein :)

Og har forresten fri i morra, vårfeire. Vi er så heldige å få ein HEIL dag ferie. Yeey!

...

søndag 1. mars 2009

Vi har ein kalv på badet, kalveling kalvelang

I dag tidlig når eg skulle på badet og pusse tenna, fekk eg litt sjokk! Det låg ein kalv i badekaret! Holdt på å få hjerteinnfarkt! Forventa jo ikkje å finne ein kalv der liksom. Hehe...


Kalven vart født i natt, i -30 grader trur eg det var. Det var derfor Dave hadde tatt den heim og lagt den i badekaret, så den ikkje skulle dø. Seinare på dagen tok vi den med tilbake til mora, for då var det blitt litt varmare.