onsdag 18. mars 2009

Fat and ugly in San Fransisco!


Ja då har Tonje ankommet San Fransisco!

Sitter på hotellrommet, har nettopp spist frokost, og så skal vi på sightseeing om 15 min.

Så eg skal heller oppdatere seinare i kveld når eg kjem heim :)

Og når det kjem til overskrifta: ikkje spør. Det er berre sånn humor ein Nordmann og ein Brazilianar har etter 7 mnd frå kvarandre! hehe :)

fredag 13. mars 2009

Stakkars lisje pusen

I dag hadde vi vår fyrste dag med ''disecting of cats'' i anatomi klassa. Jepp. Det lukta heilt VIDUNDERLIG ekkelt! Tenk deg ditta her:
- Du bestille ein dau katt i november, den kjem i desember. Men du skal ikkje bruke den før 12. mars. Den er ''lagra'' i eit eller anna som likna på blod, men er noko væske som skal bevare katten. Når du åpnar plastikken som katten er pakka inn i, kjenner du lukta av alle månadane dinna katten der har sove inni plasten. ÆSJ! Holdt på å spy! Fyysjameg.

Så etter vi kom til live igjen etter den stank-dopinga, vaska vi katten og tørka den og gjorde den klar. Så var det fram med skalpellen. Flå katten er fyrste steg. Kom ikkje akkurat så veldig langt, men vi fekk no klippa / skjært opp skinnet fra halsen og ned til midten av magen. Når vi har fått av skinnet, skal vi sjå på ulike musklar som er i kroppen. Akkurat det er ganske interressant, men den lukta kunne eg gjerne vore foruten! Hehe

Illustrasjonsbilde.

Ellers så har eg no berre ein halv skuledag igjen (på mandag) før eg flyr til California! Gjett om det skal bli deilig. Her er det så vanvittig kaldt om dagane at eg treng litt sol og varme!

Og så har eg fått meg Prom- date no. Må jo til det og. Kan ikkje komme på prom aleine liksom. Hehe, var eigentleg det som var plana, berre gå ilag med Isabelle. Men når folk fyst gidde å spørre meg, så koffor ikkje liksom. Og sida eg hørte snakk om limosin om dei fekk tak i, så seie eg iallefall ikkje nei!! (Men det var ein del komplikasjonar med det, for ein får ikkje leige om ein er under 24...) Så Marlon er no min Prom-date, han er broren til Merlin (hehe, ja dei har noken rare navn...) og dei går begge i klassa mi (Men er ikkje tvillinga. Litt forvirrandes?).. Så det så.

Og må ikkje gløyme: TUSEN TAKK folks heime på leite, i dag fekk eg påskeegg i lilla kartong, holiday dip, og Fritt Vilt 2. Skal bli ei bra helg ditta ja :)

Og har forresten fri i morra (igjen) har jo fri alle fredaga nesten... Men ditta blir siste då. Så då blir det relaxing og litt lesing tenker eg: var å henta den 4. boka i twilightsagaen på biblioteket i dag :)

søndag 8. mars 2009

Prom kjole ^^,

I dag tok vi oss ein tur til Grand Island for å hamstre kle til Prom. Plana var å gå på salg på ein butikk der dei hadde alle kjolane til under 140,-... Meeen det var bruktkjola, dvs: berre ein kjole av kvar, og viss vi fann ein vi likte, var det ikkje vår str... Jadda, sånn kan det gå.

Så det vart heller ein normal butikk uten salg. Eg endte opp med ein kvit kjole, ikkje akkurat Prom-kjole sånn som på tv og film, men det var ikkje det eg ville ha heller. Sånne digre silkekjolar med fluff og pjaff er ikkje heilt min stil. Og så har eg lyst å ha med kjolen heim, så den kunne ikkje vere så alt for stor heller :) Kosta $65 som er rundt 450,-.



Og så fann eg meg nokre skikkeleg lekre sko folkens!!


(neida, det får no vere grense! hahahahha!!! )

Så kjøpte eg meg nye sokka! Megatøffe :D Var litt dyre, men syns eg kunne spandere på meg noken litt eksklusive kule sokka, når halvparten av sokkane eg har i skuffa er hol i!


Ellers så har det regna her i dag. Trur det er fyrste dagen i år... Eller andre. Ikkje verst :) Eg tenke meg dokke hardbarka nordmenn er ein smule misunneleg :) MEN det har vore gaanske så kaldt til tider og då, det er ikkje noko å vere misunnelege av ;) Så då er vi skuls folkens :D hehe

Akkurat no er eg ganske sleta! Og det er ikkje av å shoppe kjole ein heil dag, men fra å prate med Judy frå Taiwan gjennom telefonsamtale på msn! Den jenta er jaggu ikkje heilt god! Har jaggu ikkje ledd så mykje på leeenge ! Eg og Melissa dreiv å tulla med ho, skrudde ned microfonen og skreiv i staden, så ho trudde vi va Dave! Aiaiaiiii, good times :)

I natt stille vi klokka her i USA fram ein time, så den kommande veka er det berre 6 timar tidsforskjell mellom Norge og Nebraska; heilt til dokke stille klokka neste søndag. Wohoo! :)

fredag 6. mars 2009

Sommar?


I dag hadde enkelte folk i klassa bestemt seg for å ha Senior Skip Day.... Skulkedag; dei brukar visst å ha ein sånn dag for seniorane. Men det vart ikkje heilt sånn vi hadde tenkt det, det endte opp med at eg og Isabelle gjekk på skulen i staden. Eigentleg var det mest fordi Dave ikkje ville at vi skulle henge ilag med Taylor og den gjengen, for dei er kjent for å drikke og sånn, og det lika ikkje han. Ikkje at det var noko plan om å drikke midt på dagen heller, men dokke veit korleis voksne folk er... Har ikkje noko moro i livet! Hehe...

Men det gjekk no greitt på skulen, var dei smarte folka som var der. Altså folka som har matte, fysikk og biologi; sånn som meg, så eg var ikkje aleine, sånn som Isabelle (Som tar dei ''domme'' klassene)

Og ellers så var det kjempevarmt i dag. Eg vil seie sånn som ein fin sommardag i Norge, med sol og rundt 20-22 grader. Så eg tok meg ein joggetur i fineveiret, har følt meg så lat dei to siste vekene etter basketsesongen va slutt, så no måtte eg dra meg sjølv litt i nakken for å beholde kondisen eg har no :)

Lørdag skal vi til Grand Island for å shoppe kjole til Prom. Eg vil ha ein knelang ein, som er raud. Håpar eg finn ein :)

Og har forresten fri i morra, vårfeire. Vi er så heldige å få ein HEIL dag ferie. Yeey!

...

søndag 1. mars 2009

Vi har ein kalv på badet, kalveling kalvelang

I dag tidlig når eg skulle på badet og pusse tenna, fekk eg litt sjokk! Det låg ein kalv i badekaret! Holdt på å få hjerteinnfarkt! Forventa jo ikkje å finne ein kalv der liksom. Hehe...


Kalven vart født i natt, i -30 grader trur eg det var. Det var derfor Dave hadde tatt den heim og lagt den i badekaret, så den ikkje skulle dø. Seinare på dagen tok vi den med tilbake til mora, for då var det blitt litt varmare.

fredag 27. februar 2009

Det blei en gutt? Eller ei jente?


I dag fekk vi vår fyrste kalv :) Biiitteliten og superskjønn ^^, Blir nok mykje å gjere no framover når kalvane kjem. Dei må vaksinerast, merkast og kastrerast. Gjere meg ikkje noke å hjelpe til med det :) MEN er heilt vanvittig kaldt her no, vinden blåse sikkert -20grader... Så fristar ikkje så veeldig å stikke bort til kyra å sjekke om dei holde på å kalve og sånn. Men det må vel gjerast ;)

Den lisje krabaten nekta å stå i ro under fotograferinga! hehe...


Ellers skjer det ikkje så mykje... Skal klippe meg i morra etter skulen. Det trengst! Tuppane mine er så slitte at det nesten burde vore ulovleg.

Og folkens; berre 3 veke til California no! Eg gler meg som ein liten unge :)

...
There's nothing like sitting back and talking to your cows.
~Russell Crowe ...

mandag 23. februar 2009

Helg :)


No har eg hatt langhelg, hadde fri på fredag :)

Fredag hjalp eg Dave å flytte nokre høyballa frå eit jorde til eit anna. Han lasta opp på hengaren og eg køyrde. Så no kan eg tilogmed køyre med hengar; ikkje at det er så vanskelig!

Og ellers tok vi oss ein tur til Kearney i går, eg skulle på bikinishopping. Men det vart ikkje heilt vellykka... Eg er for kresa trur eg, og når eg endeleg finne ein eg vil ha, har dei ikkje str min... Typisk. Kanskje eg berre får vente til eg kjem til California for å kjøpe ny. Har jo frå i fjor så eg kan bruke viss eg ikkje finne og.. Men vil liksom ha ny, sidan eg skal til Hellas 2 veke etter eg kjem heim i sommar og :)

I dag var det flytting av kyr igjen. Er ikkje lenge før kalvane kjem no, så måtte ha kyra ''heim'', altså nærare huset. Tok heile 4 timar trur eg, med køyring i 2km/t så vart ganske kjedeleg. Men det måtte vel gjerast. Som lønn tok Dave oss med ut å ete på USA steak buffet. Så er passe mett no ja. Skal sjå litt Home and Away (Er totalt hekta for tida!) og lese litt bok før eg legge meg. Skule igjen i morra. Men har fri på onsdag då, blir deilig med eit avbrekk midt i veka. Vi treng det når vi ikkje får vinterferie...

Ellers så har eg fått tidene for heimreise. Var satt opp på 26-28 mai, men synest det var litt tidlig, så bytta til 9-11 juni :) Sidan alle heime er på skule og jobb heile tida, kjem eg berre til å kjede livet av meg uansett... Så då kan eg likegodt vere her eit par ekstra veke :)

Og så har eg blitt utfordra av Karoline, om å vise mine favoritting på kjøkkenet... Rar utfordring må eg seie, men det får no vel gå :

Oliven Olje: fordi det kan brukast til alt



Kjøleskap MED isbetmaskin: fordi den har isbeta 24/7 <3



og tilslutt oppvaskmaskin: for då sleppe eg å vaske opp... Her fungera ikkje oppvaskmaskina deira, og det betyr oppvask for hand: ikkje min favoritt.. Hehe...


Og eg har eigentleg ingen å utfordre, så om du har blogg og føle for å bli utfordra, så utfordra eg DEG: Kva er dine favoritt ting på kjøkkenet?