onsdag 14. januar 2009

Akkurat ja...


Har merka at det har blitt lite innlegg her i det siste, og eg har 2 grunnar:
1) Har ikkje hatt internett sidan Laurdag, men no er det fiksa :D
2) Det skjer ikkje noko, rett og slett.

Dei siste dagane har berre vert heilt ekstraordinært normale, dvs, det har ikkje skjedd noko spennande. Einaste som er å rapportere er at eg fekk 100% på mi fyrste anatomi prøve, og vi satsa på å holde oss der! Haha, som om det skjer. Men vi prøva no ;)

Og om dokke syns det er interressant, så er musklane mine såre i dag. Veldig såre. Men sånn er det å bu i USA, det gjer alltid vondt ein eller anna plass. Musklane, kneet, hofta, you name it. Tonje tåle ikkje trening har hon funne ut, men hon gjere det likevel :) Hon har jo ikkje tenkt å skape flyulykke pga overlast på vei heim... :D

Og, folkens, her er ein viktig nyheit: Torsdag er dagen! og det er alt eg har å sei.

Over og ut, under og inn.

torsdag 8. januar 2009

Poteter, daude kattar og fisk.

Ja no er det då altså år tonullnullni, Steike ka tida har gått! Eg har berre ei veke igjen av mitt ''barneliv'', for neste Torsdag er det sånn ca nesten heilt nøyaktig 18 år sida eg vart fødd. Rart. Eg trur ikkje på det eingong! Hehe. (Og ditta hadde dokke aldri trudd eg skulle sei: men mitt ønske for ''restaurant'' på bursdagen min er Red Lobster, der dei har reker, krabbe og fisk! Eg må sei... Eg savna fisk,har kun ete det ein gong sida eg kom hit...)

Ellers så var vi i enda eit juleselskap på lørdag, ilag med Larsen-slekta ;) Jepp, er litt tøft da, eine delen av Mary sin familie heiter Larsen :D Der var mykje mat og julekaker, men eg var ikkje heilt i toppform, for mykje søtt i jula tenker eg, så eg åt nesten ingen ting. Ellers, så hadde vi samme gaveopplegget som vi hadde med basketballjentene, og dinna gongen var eg ikkje så heldig =/ Eg fekk 2 Star Wars figura!! WOHO!!! not... Viss noken vil ha dei, sender eg dei gladelig heim, om dokke betala porto! Hehe...

Og ikkje nok med det, men alle mannfolka og guttane hadde fått seg potetguns!! Så det føyk små bita med potet overalt, og dei låg strødd over heile golvet. Dei kan vere glad dei leigde eit konferanserom på eit motell, så dei slepp å rydde det opp!! Men det var artig då!!

Sånn såg potetene ut etter at ''potet-armyen'' hadde gått laus på animasjonen!

Potetskytar Dave.

Eg måtte prøve litt eg og !! Hehe.


Så er det jo sjølvsagt duka for eit nytt semester på skulen, eg har faktisk berre 4 mnd igjen på skulen her! Nytt ditta semesteret her er at eg har skifta 2 av faga mine, så no har eg:

  • Anatomi i staden for Am. Historie (Og ditta er ei tøff klasse! Vi skal skjære opp katta og sjå på organane inni, og muskla og sånn, bl.a. Men det er og mykje pugging av ord på bein og skjelett og system og alt det der...)
  • Modern Problems/Government i staden for Biologi.(Her har vi allereie starta med 2. verdenskrig, og eg syns det er interressant! Skjølv om eg veit det meste, er det fortsatt ikkje kjedeleg.)
Det var litt av det som har skjedd den siste veka. No skal eg jobbe litt med scrapbooken min, dusje, og hoppe til sengs. Det tar på å begynne på skulen igjen!

torsdag 1. januar 2009

South Dakota & Godt Nyttår!


I går reiste eg og Dave til South Dakota for å sjekke ut The Badlands, Mount Rushmore & Crazy Horse. Vi reiste ca kl 12, og køyrde i 7 timar før vi stoppa for kvelden og overnatta på eit motell. I dag reiste vi vidare; og har hatt seightseeing heile dagen.

Ein bensinstajson vi såg på vei til The Badlands. Den var nedlagt, men var ganske tøff då! South Dakota er litt ''wild west'' synest eg ;)

The Badlands
The Badlands er ein slags nasjonalpark ein køyrer gjennom, med ''fjell'' på kvar side av veien. Fjella, som eg kallar dei, er bittesmå og ser ut som miniatyrfjell. Eg trur det har vore vatn der før, for i fjellsteinen var der striper i ulike fargar, som tyder på at dei har vore under vatn tidlegare. Heile området var ganske stilig: nokre plassar såg det ut som vi var på månen! Og så møtte vi på MANGE hjortar, og dei var ikkje sky for folk heller. Hjortane rundt om her er SMÅ! Dei ser ut som kalvar, hehe :)

Eg spurte Dave korfor dei kallar det for The Badlands, og han sa han trur det er fordi Indianarane brukte å bu i området, og kjente det veldig godt, så dei gøymde seg mellom steinane og ''fjella'', og angreip dei kvite når dei reiste gjennom området.



Var litt vanskeleg å få bilde av stripene i fjellet,
men her kan ein sjå litt av dei.




Mount Rushmore
Etter vi kom gjennom The Badlands satte vi kursen mot Rapid City & Mount Rushmore. South Dakota har vanvittig mykje turistatraksjonar! Vi køyrde forbi utallige nasjonalparkar på vei til Mount Rushmore.

Mitt fyrste inntrykk av Presidentane innhugga i Mt Rushmore var: ER DET SÅÅÅ LITE?! Altså, var ikkje liiite, men var mykje mindre enn eg hadde forestilt meg at det skulle vere. Men likevel vanvittig stilig!

Vi gjekk inn i visitor-bygninga, der vi fekk sjå ein film om korleis jobben med å hugge ut presidentane gjekk for seg. Fekk ikkje med meg kor lang tid det tok, men det var maange år. Etterpå tok eg litt bilder, og tok ein tur innom souvenir-butikken og kjøpte nokre postkort og ein kjøleskapsmagnet.



Tonje slappar av ved Mt. Rushmore.

Rett før vi kom fram til utsiktsposten, hadde dei søyler med
flagg frå kvar stat på kvar side av veien.

Tonje ved sida av Nebraska søyla.

Inne på museumet; modellar av korleis dei tenkte at mesterverket skulle sjå ut.

Crazy Horse
Crazy Horse er ikkje akkurat noko veldig mykje å sjå på no, for det er ikkje ferdig enda. Men det er ein mann som held på med å hugge ut i fjellet; ein mann (trur kanskje det skal vere ein indianar) og ein hest. Foreløpig har han berre fått ut litt av ansiktet til mannen. Det går veldig seint, men han jobbar med det åleine, så det er forståeleg.

VELDIG vanskeleg å sjå, men om du ser veldig godt etter kan du sjå eit fjes !
(Trykk på bildet for å få det større)

Ellers så møtte vi på nokre Buffalos på vei heim, var no koselig det :)



Ja det var mi nyttårsaft folkens! Ikkje noko rakettar eller noko. Men det er ikkje vanleg å feire her i området, så det vert berre sånn. Men, men, eg sitte no og ser på feiringa i New York på tv, er beire enn ingenting. Hehe...

Eg får nøye meg meg å stå på ein stol og hoppe ned frå den når klokka slår 12 (No er den 11:40) sånn som dei sa på radioen i dag at dei gjere i Danmark, for å ''hoppe inn'' i det nye året!

GODT NYTTÅR FOLKENS!

tirsdag 30. desember 2008

Romjula

Dei siste dagane har eg vore så opptatt at eg ikkje har hatt tida til noko! Hehe... Har vore ein plass heile tida liksom. Enten ute å jobba, på trening, på kamp eller i byn. Og så har eg begynt på scrapbooken min, brukte ein heil kveld på den, og klarte å lage heile 4 sider! Strålande altså :)

Ellers så reiser eg og Dave til South Dakota (Ingen andre ville vere med) i morra tidlig for å sjå Mt Rushmoore (fjella med presidentfjesa i), the badlands og crazyhorse. Reknar med å komme heim onsdags kveld; så vert litt rar nyttårsaft, men dei feirar ikkje nyttår her uansett, så gjere ikkje noko. Så mamma og pappa, eg kjem nok ikkje til å ringe nyttårsafta, men heller 1. januar :)

I går var vi til Minden for å sjå på julegata der: heile rådhuset er pynta med lys, og utover gatene og. Skikkelig stilig! Folk kjem visst frå over heile USA for å sjå det :)


Så må eg fortelle noko trist. Laurdag var eg ein tur på postkontoret for å hente ein pakke. Eg trudde det kom til å vere den frå Kine, for ho sa dei hadde sendt den for lenge sida. Men den var frå Torill og Inge m/ fam. (Tusen takk!!) MEN, medan eg var der, spurte postdama om eg visste om ein pakke som var sendt til meg som eg ikkje hadde fått. Ja det gjorde eg nok. Og då sa hon:
- Vi fekk ein pakke addressert til deg her for ei veke sida, men den var tom. (!) Det står utapå at det skulle vere ei bok inni, men pakken kom heilt tom. (Og åpna)... Eg veit at det var boka ''Vågsøy i Bilder'', så det sa eg til ho, og ho sa dei skulle gjere deira beste for å sjå om dei kan spore den opp. Men eg har ein følelse på at nokon har stjåle den... Men ho lurte på, Kine: om dokke hadde forsikra pakken når dokke sendte den?
- Men eg håpa på det beste då, at dei finn boka!

Eg veit dagens sitat ikkje har noko med innlegget å gjere, men eg syns det var så bra, så eg slenge det inn :)

...
Nothing is more conducive to peace of mind than not having any opinion at all.
~G.C. Lichtenberg
...

fredag 26. desember 2008

Julafta og 1. juledag

Julafta vart ein heilt vanleg dag for meg: sto opp og laga omelett til frokost. Tenkte eg måtte ha ein ''nokonlunde'' bra frokost, i staden for frokostblanding liksom. Så bar det ut i snøven å sette opp støtgjerde rundt eit jorde der vi skal ha kyra. Veiret var ikkje så verst, var eigentleg ganske fint: blå himmel, sol og kaldt.

Då eg kom tilbake ringte eg heim, og fekk tilogmed sett mamma, pappa, Tommy og Daniel ''live'' på msn. Koselig :) Etter eg hadde prata med dei, prata eg med Jonas, og seinare ringte eg Olav :)

I dag når eg våkna var eg supertrøtt. Eg fekk nesten ikkje sove i natt, for eg var så vanvittig kvalm; var heilt sikker på at eg hadde fått spysjuka. Men har visst ikkje det likevel. Ikkje enda i allefall. Så eg åt ikkje noko frokost heller, litt synd eigentleg, for Mary hadde laga french toast... Men, men...

Etter frokost åpna vi presanga :) Det var koselig! Fekk masse rart og masse fint, tusen takk alle der heime som sendte meg pakka !! Eg fekk 7 bøker! Så no har eg lesestoff i lange tider :)


Smykke frå Karoline :) + snop

Joggebukse, 2 plate melkesjokolade og penge frå Mor Mor og Mor Far :)

2 bøker + smågodt med Tante Heidi, Onkel Arve, Fredrik, Markus og Amalie :)

Tall ship dvd + bildehefte, bok (Visstnok skriven av ein mann frå Polljen!) og øyredobba frå Randi, Ronny, Even, Marius & Sondre :)

Tøffle, julemarsipan, julia-blad(Hehe!! Trur eg er litt for gammal, så Tearanie kan få lese det =D ), lypsyl, øyredobba, brev og penge frå Mamma, Pappa, Tommy & Daniel :)

2 bøker + snop frå Tante Linda, Onkel Rolf, Matz & Maria :)

CD frå Tante Anita, Onkel Ivar, Silje, Hege, Mari & Elise :)

VERDAS tøffaste hue! Og sokka, klistremerker, kjøleskapsmagnet, nøkkelring med kompass, lypsyl, snop, og penge frå Tante Lena & Onkel Kjetil :)

TWILIGHT!!! og Digital Fortress frå Isabelle :)

Tåsokka frå Tearanie. Hehe... :)

Pysjamasbukse & sokka frå Mary :)


Tøffle og ei signert bestemortruse fra Dave! Haha... x)


I halv 2 tida pakka vi resten av pakkane, og maten i bilen, og kjørte til Rod og Jane sitt hus, der vi skulle ete mat. Kalkun med mykje tilbehør til middag, og julekaker av alle slag til dessert. Vi var ein del folk, så det var litt trangt, men det var no koselig uansett :)



No sitte eg i sofaen og ser Kung Fu Panda ilag med Isabelle og Tearanie. Fredelig kveld, men det er bra, for eg er trøtt som ei sild...

...
Open your presents at Christmastime but be thankful year round for the gifts you receive.
~Lorinda Ruth Lowen
...

onsdag 24. desember 2008

Lisjejulafta

Årets lisje julaft vart litt rar for meg...

Dagen byrja med at eg sto opp kl 06:40, for vi hadde nemleg skule i dag. KJEMPEKJEKT.... Not... Skuledagen idag var ein heilt totalt bortkasta dag. Mildt sagt. Det einaste vi gjorde var å sjå film i alle timane, og det teite var at vi berre fekk sjå ca ein halvtime av kvar film.

Etter skulen hadde vi sjølvsagt trening, men den varte ''berre'' ein og ein halv time. Og gjett kva trenaren sa? Vi har 2 kampar i ferien! Eg trudde vi hadde berre ein. Og i tillegg skal vi ha treninga i ferien! Korti skal vi faktisk få FERIE? Hehe... Er litt sleta for tida, så eg vart ikkje akkurat hoppande glad då eg fekk vite det. Men, men...

Etter skulen vart eg med Dave til Kearney for å gjere unna den siste julegaveshoppinga hass. Og eg fekk henta bildene eg bestilte på søndag: 161 bilder klare til å bli sett i scrapbooken min! Har visst nok arbeid i jula ja!

Så kjøpte eg meg nye vintersko. Syns ikkje dei var særleg fine, men treng nokre varme sko til i morra, for vi skal sette opp støtgjerde. Jepp, på sjølvaste julafta, men det er det ingen rundt om her som bryr seg om. Uten om meg då. Eg blir bare lei meg av å tenke på at eg skal jobbe vekk heile julafta liksom... =/ Men eg er her for å feire amerikansk jul, og viss det er sånn dei feira den, får eg vel berre følge med då! Sjølv om eg kjenner at eg savna NORSK jul... Har liksom ikkje den julestemninga eg bruka å ha. Men kanskje den kjem når eg åpnar pakkar frå Norge :) Skal åpne nokre i morra, og nokre 1. juledag; må prøve å blande litt :)

Mine nye ''fine'' sko! Hehe...

Sidan det er lisjejulafta måtte det sjølvsagt GRAUT til! Det smakte heilt himmelskt! Har ikkje smakt det sidan eg reiste heimefrå, så det var på tide :) Såg ut til at dei andre likte det, men eg er ikkje sikker på om dei syns det var det beste dei hadde smakt! Hehe..

Graut! <3

No skal eg legge meg; blir rart å våkne på julafta å tenke at det ikkje er jul enda. Null julestrømpe eller 3 nøtter til askepott på tv. (Tenkte eg skulle sjekke om det ligg på youtube eller noko, for eg har lyst å sjå det!)

Ellers så er det jo jul i Norge no: så Tonje ønsker alle ei GOD NORSK JUL heime!! :) Kos dokke, og NYT ribba!

...
Isn't it funny that at Christmas something in you gets so lonely for - I don't know what exactly, but it's something that you don't mind so much not having at other times.
~Kate L. Bosher
...

tirsdag 23. desember 2008

Travel tid, juletid!

Sorry for lite blogging i det siste, men har hatt finals i alle fag, så har vore ganske opptatt med å lese til dei. Og så har vi hatt kampar både fredag og Lørdag, så eg har rett og slett ikkje hatt tida.

No er det snart juleferie, berre ein halv dag igjen på skulen, så er det jul :) I dag hadde vi jule''fest'' med basketballjentene på besøk med trenaren. Vi såg Elf, knallbra film! Og så åt vi heimelaga lasagne som var kjempegodt! Så hadde alle tatt med ein julepresang på kvar, så trakk vi lappa og valgte presanga. Noko nytt for meg var at etter du hadde valgt presang, kunne den som var etter deg, stjele din presang om dei ville ha den! Hehe... Tilslutt endte eg opp med å få eit sett med lotion, dusjsåpe og badeskum, og eit par øyredobba ;)



Fredag hadde vi basketballkamp i Overton, altså på våra skule. Eg spelte faktisk ein del dinna gongen, rundt 5-6 minutt (Ut av 16, altså 2 quarters) Men var no lengre enn det med tanke på at dei stoppa klokka for kvar foul og sånn. Lørdag hadde vi bortekamp, og då spelte eg faktisk på varsity! Det var kjekt :) Varsity er det ''beste'' av laga liksom. Vanlegvis spelar eg berre på Junior varsity. Eg er ein del av varsity, men har ikkje spelt før på lørdag.

Ellers så har det strøyma inn julepresanga i hytt og veir dei siste dagane, inkludert MYKJE norsk snop! No ska eg kose meg i jula og ete meg god og feit =D Hehe, neida, eg skal spare så det rekke til eg ska heim ;) Seie vi! Hehe... Tusen takk alle som har sendt meg noko, det betyr mykje for meg at folk heime tenke på meg og, sjøl om eg ikkje er der :)

Forresten så har eg og Olav vore ilag eitt år no :) Litt rart, sida eg ikkje har sett han på eit halvt år! Men tida har gått raskt :) Og den kjem til å gå enda raskare no etter jul :O

Gullet mitt og meg på sanden i juni ^^,

No skal eg sjå Charlie og sjokoladefabrikken på tv og ete seigemanna, bila og småsnop :)