Har eigentleg ikkje så veldig mykje å skrive om, men eg sitte på skulen, har computer media, og er einaste i klassa i dag! (Vi er til vanlig berre 4 stk då, og i dag har dei andre noken prøve eller noko sånt)
I går hadde varsity laget kamp @Axtell (alfakrøllen betyr ''at''. Smarte folk her asso!) Dei vann begge kampane dei spelte. Vi kom ikkje heim før klokka var nesten 11... LITT i seinaste laget for meg, når eg allti må dusje før eg legge meg... Ellers ser eg ut som ei heks på håret!
Ellers så vart eg ganske så irritert i går på vei heim fra kampen; Eg og Isabelle hadde filma heile greia (som alltid), så vi hadde såtte ein anna plass enn dei andre. Vi såg dei ikkje då vi skulle gå, så vi gjekk berre ut til bussen. Då Shannon (som er student manager- dvs ho spela ikkje, men er ''tjenaren'' til laget) og trenarane kom ut, var dei sure, fordi ingen hadde gidda å hjelpe dei å bære ut 2 kasser med ting. Så då fekk JV-laget overhaling, og grei beskjed om at dei kan hjelpe til! For Shannon er ''den einaste som gjer noko''. As if! Og Så sa hon til meg og Isabelle: DET GJELDE DOKKE TO OG: SJØLV OM DOKKE ER SENIORAR KAN DOKKE HJELPE TIL! Ka pokker? Som om vi ikkje gjer noko i det heile tatt!!?? Då vi kom til kampen: Kven var det som fyllte ALLE vannflaskene?? Kven filma?? Kven er det som ALLTID er igjen når vi kjem tilbake SEINT om kveldane for å bære inn ting, og tømme vannflaskene!? TONJE OG ISABELLE!! Så hon har NULL rett til å behandle oss på den måten... Dei andre gjer ALDRI noko i det heile tatt... Men i følge trenaren, gjer ikkje vi noko heller, tydlegvis. Kanskje vi berre skal slutte å hjelpe til, sidan det ikkje betyr noko uansett?
Og enda ein ting eg vart sint på dinna veka, er at Christie, sekretæren på skulen, går rundt å sette ut rykte om at Dave misbruka uvekslingsstudentane! (Dvs meg og Isabelle) Berre fordi vi gjekk ilag med han på ein fotballkamp for å kjøpe brus og sjokolade... Folk her har seriøse problem. Eg skal saksøke hon. Seriøst. Eg har hørt mange historia om hon og, som eg ikkje kan skrive her. Så hon har ikkje noko hon skulle ha sagt.
Og eg må sei at eg er litt skuffa! Har mange besøkande på bloggen, men svæææært få kommentarar.... IKKJE BRA. Eg tenker eg skal sette eit ultimatum: Ingen kommentarar; ingen blogginnlegg. For det er ganske kjedelig å skrive blogginnegg berre for meg sjølv! Tilbakemeldingar trengst for å holde humøret oppe for å skrive blogg ;) Så eg kjem ikkje til å skrive meir på bloggen før nokon har kommentert ditta innlegget. Punktum. (Ja eg veit eg er streng, meen dokke må jobbe for å få det dokke vil ha! Hehe...)
Over og ut.